Hopp til hovedinnhold

​Barsel- og barnepleie 

Nasjonale planar

3. Overordna læringsutbytte

Kunnskap

Kandidaten

  • har kunnskap om undersøkingsmetodar, standardiserte observasjons- og vurderingsverktøy og kommunikasjonsverktøy som blir nytta i oppfølging og pleie av barselkvinna ogav nyfødde, premature og sjuke barn
  • har kunnskap om befruktning, fosterutvikling, fysiske og psykiske endringar og plager i svangerskapet og neonatal påverknad 
  • har kunnskap om den naturlege fødselsprosessen, indikasjonar for assistert fødselshjelp og komplikasjonar som kan oppstå under ein fødsel 
  • har kunnskap om årsaker til prematur fødsel og utviklingstilpassa neonatal omsorg 
  • har kunnskap om barns normale utvikling, faktorar som kan true denne, sjukdommar hos barn og observasjon og pleie ut frå behova og funksjonsnivået til barnet 
  • har kunnskap om verdiar, målretta kommunikasjon og etiske prinsipp som kan bidra til å byggje gode relasjonar til fødekvinna, barselkvinna, barnet, pårørande og kollegaer 
  • har kunnskap om organisering av helsetenester og kjennskap til ansvar og oppgåver som er lagde til ulike aktørar innanfor barsel- og barnepleie 
  • har innsikt i sentrale lover, forskrifter, retningslinjer og prosedyrar i arbeidet sitt innanfor yrkesfeltet barsel- og barnepleie 
  • har kjennskap til verknader og biverknader av vanlege legemiddel i svangerskaps-, fødsels- og barselomsorga og av legemiddel som blir brukte til barn i alderen 0–18 år 
  • kan oppdatere den yrkesfaglege kunnskapen sin om barsel- og barnepleie og helsefremjande og førebyggjande arbeid i eit folkehelseperspektiv 
  • forstår kor viktig eige kompetanseområde og eiga rolle er, og kor viktig det er med tverrfagleg samhandling på ulike nivå i helsetenesta relatert til yrkesfeltet barsel- og barnepleie 

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan nytte kunnskap om kvinner i svangerskap, fødsel og barseltid og om barnet frå 0 til 18 år for å delta i behandling og pleie ut frå individuelle behov og for å setje i verk tiltak i samarbeid med andre yrkesgrupper 
  • kan nytte observasjon og bruke observasjons- og vurderingsverktøy for å delta i behandling og pleie av den gravide med komplikasjonar, den fødande, barselkvinna og det nyfødde barnet 
  • kan nytte kunnskap om undersøkingsmetodar, standardiserte observasjons- og kartleggingsverktøy og kommunikasjonsverktøy som blir brukte til tidleg oppdaging av avvik i den normale utviklinga til barnet og forverring av sjukdom og helsetilstand hos sjuke barn
  • kan nytte rettleiing, undervisning og rådgiving i stell og pleie av barselkvinna, det nyfødde, premature og sjuke barnet og barnets omsorgspersonar 
  • kan nytte kommunikasjon og samhandling til å skape tillit og førebu og rettleie barn på varierande alderstrinn og modningsnivå og omsorgspersonane deira 
  • kan nytte refleksjon til å vurdere og justere eiga fagutøving i tverrfagleg samarbeid innanfor yrkesfeltet barsel- og barnepleie 
  • kan finne, vurdere og nytte oppdatert informasjon og fagstoff som er relevant for problemstillingar knytte til yrkesfeltet barsel- og barnepleie 
  • kan kartleggje og observere behova til det premature barnet og gi utviklingstilpassa neonatalt stell og neonatal pleie 
  • kan kartleggje og identifisere faglege og etiske problemstillingar og setje i verk tiltak knytte til behova til den fødande, barselkvinna, barnet og omsorgspersonane 

Generell kompetanse

Kandidaten

  • forstår og kan reflektere over etiske utfordringar og dilemma i eige arbeid med den fødande, barselkvinna, barnet og omsorgspersonar 
  • forstår si eiga profesjonelle rolle i fagfeltet barsel- og barnepleie og kan grunngi vurderingane og handlingane sine fagleg, etisk og juridisk 
  • har utvikla ei etisk grunnhaldning i utøvinga av yrket som kjem til uttrykk gjennom refleksjonar og handlingar i møte med kulturelt mangfald
  • kan gi pleie og omsorg til den fødande, barselkvinna, barnet og omsorgspersonar ut frå individuelle behov 
  • kan utføre utviklingstilpassa neonatal omsorg på ein profesjonell og etisk forsvarleg måte i samarbeid med omsorgspersonar og yrkesgrupper 
  • kan byggje relasjonar med den fødande, barselkvinna, barnet, omsorgspersonar, kollegaer og andre yrkesgrupper på fagfeltet barsel- og barnepleie 
  • kan utvikle arbeidsmetodar gjennom erfarings- og kunnskapsdeling for å kvalitetssikre og vidareutvikle tenester innanfor fagfeltet barsel- og barnepleie