Bilteknikk
Nasjonale planar2. Om utdanninga
For å gjere kandidatane rusta for framtidas grøne skifte i bilindustrien vidareutviklar fagskulestudiet kandidatane sine ferdigheiter innanfor framtidsretta og innovativt fagstoff. Etter fullført utdanning vil kandidatane vere kvalifiserte for køyretøytekniske stillingar innanfor bilbransjen, både for tunge og lette køyretøy. Her er nokre døme:
- kontrollør eller teknisk leiar i Statens vegvesen
- teknisk avdeling hos importørar
- kundeansvarleg
- ettermarknad
- konstruktør for påbygg og ombygg
- bygging og ombygging; tuning og racing
Fagskulestudiet kvalifiserer òg til
- meisterbrev som gjer studenten eigna til å drive verkstad
- verkstadleiing, økonomisk budsjettering og drift
- lærar på vidaregåande nivå (krev pedagogisk tilleggsutdanning)
Utdanninga skal utvikle ferdigheitene og den generelle kompetansen til studentane og gjere dei til reflekterte yrkesutøvarar som er kvalifiserte til å utføre tekniske oppgåver og leiaroppgåver i bilbransjen. Etter å ha teke fordjuping i bilteknikk skal kandidaten kunne tilfredsstille krava og normene i bilbransjen, spesielt med omsyn til berekraftsmåla og sirkulærøkonomiske prinsipp. Med denne utdanninga har kandidaten lagt grunnlag for livslang læring og kontinuerleg forbetring og omstillingsevne.