Bilteknikk
Nasjonale planar3. Overordna læringsutbytte
Kunnskap
Kandidaten
- har kunnskap om omgrep som blir nytta innanfor bilteknikk, og om teoriar, modellar, prosessar og verktøy som blir brukte til å reparere lette og tunge køyretøy
- har kunnskap om den tekniske oppbygginga av køyretøy, både med tradisjonelle og alternative framdriftsformer
- har kunnskap om drift og vedlikehald av verkstader og servicebedrifter for køyretøy
- har kunnskap om økonomistyring, organisasjon, leiing og marknadsføringsleiing
- har kunnskap om prosjekt- og kvalitetsstyring
- har kunnskap om generelle prinsipp innanfor logistikk og produksjonsflyt
- har kunnskap om generelle prinsipp for berekraft, miljø og sirkulærøkonomi
- kan vurdere sitt eige arbeid med omsyn til normer, standardar, lover og forskrifter som gjeld både for køyretøy og drift av verkstader, og kan vurdere om det er teke nødvendige miljøomsyn
- har kunnskap om bilbransjen og kjenner til yrkesfeltet
- kan halde seg fagleg oppdatert ved hjelp av litteratur og deltaking på relevante forum som bilmesser og andre treffpunkt
- kjenner til bilbransjens historie, tradisjon, eigenart og plass i samfunnet lokalt, nasjonalt og internasjonalt
- har innsikt i sine eigne høve til utvikling innanfor køyretøybransjen
Ferdigheiter
Kandidaten
- kan gjere greie for val som sikrar forsvarleg drift av verkstad og serviceinstitusjonar for køyretøy i eit bedriftsøkonomisk og miljømessig perspektiv
- kan gjere greie for val av køyretøytekniske forhold for ulike framdriftssystem i eit teknisk og miljømessig perspektiv
- kan gjere greie for val av vedlikehaldsstrategiar som er brukte i verkstad og serviceinstitusjonar for køyretøy
- kan gjere greie for val av metodar og prinsipp innanfor prosjektplanlegging, prosjektstyring, logistikk og produksjonsflyt
- kan reflektere over si eiga faglege utøving innanfor bilteknikk og justere denne under rettleiing
- kan finne og vise til lover, forskrifter, fagstoff og annan informasjon om køyretøysektoren (til dømes reglar og forskrifter om køyretøy og verkstaddrift) og vurdere relevansen av dei i yrkesfaglege problemstillingar
- kan kartleggje verkstaddrifta, identifisere problem ved henne og setje i verk tiltak
- kan kartleggje feil og manglar ved køyretøy og vurdere behovet for og omfanget av reparasjonar
- kan vurdere bedrifta sin økonomiske situasjon og marknads- og leiingsutfordringar og gjere fornuftige og grunngitte val
Generell kompetanse
Kandidaten
- kan planleggje, prosjektere og gjennomføre biltekniske arbeidsoppgåver og prosjekt åleine eller som deltakar i / leiar for ei gruppe og i tråd med etiske krav og nasjonale og internasjonale retningslinjer for miljø og kvalitet som omfattar køyretøy og verkstaddrift
- kan leie og utføre arbeid på lette og tunge køyretøy etter kunden sine behov og kan stå for ombygging av køyretøy som krev arbeid og tenester på tvers av fag og bransjar
- kan byggje relasjonar med fagfellar i bilindustrien og på tvers av fag som elektro, informasjonsteknologi, hydraulikk og design, og med eksterne målgrupper som myndigheiter og kommunale instansar
- kan utveksle synspunkt på køyretøytekniske forhold og miljømessige problemstillingar med andre som har bakgrunn frå bilteknikkbransjen, og kan delta i diskusjonar om utvikling av god praksis
- kan bidra til organisasjonsutvikling ved å følgje med på trendar og teknologi innanfor bilteknikkfaget som kan føre til nyskaping og innovasjon