Boring
Nasjonale planar2. Om utdanninga
2.1 Om fagretninga: Petroleum
Utviklinga i energisektoren skjer i høgt tempo, og teknologien blir stadig meir avansert. Norsk offshoreindustri har mykje formell kompetanse innanfor boring, brønn, havbotnteknologi og prosess. For at kompetansen skal kunne sikrast og utviklast vidare, krevst det ei fleksibel fagskuleutdanning som varetek opplæringsbehovet i industrien og dei nasjonale målsetjingane for utdanninga.
Fagretninga omfattar fordjupingane
- boring
- brønnservice
- havbotninstallasjonar
- olje- og gassbehandling
2.2 Om fordjupinga: Boring
Utdanninga er retta mot kandidatar med fagbrev i boring eller sementering eller med annan relevant bakgrunn og praksis. Boring er ei fordjuping som omfattar dei ulike fasane av brønnboring og klargjering for produksjon. Utdanninga skal leie til at kandidaten kan utføre boretekniske arbeidsoppgåver og bidra til effektiv og sikker boring/brønnbygging etter spesifikasjonar og krav frå operatøren, kundane og myndigheitene. Bestått utdanning saman med nødvendig praksis og påkravde sertifikat tilfredsstiller kompetansekrava til arbeidsleiar, til dømes assisterande borar og borar hos boreentreprenør. I tillegg kan utdanninga kvalifisere til stilling som fagsjef, til dømes assisterande boresjef og boresjef hos boreentreprenør, eller assisterande boreleiar og boreleiar hos operatørselskap. Boreteknikaren vil òg vere godt eigna til andre stillingar i petroleums- og energisektoren.