Hopp til hovedinnhold

​​Boring​

Nasjonale planar

3. Overordna læringsutbytte

Kunnskap

Kandidaten

  • har kunnskap om korleis ein planlegg å bore og halde ved like ein brønn på ein sikker og berekraftig måte
  • har kunnskap om tekniske løysingar for å bore, ferdigstille og drifte ein brønn
  • har kunnskap om barrierefilosofi i alle fasar av levetida til brønnen
  • har kunnskap om utfordringar knytte til boreprosessen
  • har kunnskap om økonomistyring, marknadsføring, organisasjon og leiing
  • kan vurdere eige boreteknisk arbeid med omsyn til regelverk og standardar
  • har bransjekunnskap og kjennskap til yrkespraksis innanfor boring
  • kan oppdatere den yrkesfaglege kunnskapen sin gjennom internopplæring, erfaringslæring og deltaking i faglege fellesskap
  • kjenner til boreindustriens historie, tradisjon, eigenart og plass i samfunnet
  • har innsikt i eigne moglegheiter for fagleg utvikling innanfor boring og brønn
  • forstår historia til sin eigen bransje og veit kor viktig bransjen er for verdiskaping, samfunnsutvikling og framtidig energiomstilling

Ferdigheiter

Kandidaten 

  • kan gjere greie for val i samband med løysingar og utstyr for brønnboring med tanke på sikkerheit, energioptimalisering, klima og miljø
  • kan reflektere over utføringa av ein boreoperasjon og justere denne under rettleiing frå leiande personell innanfor boring
  • kan finne og vise til informasjon og fagstoff og vurdere relevansen for ei boreteknisk problemstilling
  • kan kartleggje ein operasjonell situasjon og identifisere problemstillingar med vekt på sikker og effektiv boring og bygging av ein brønn og kan identifisere behov for å setje i verk korrektive tiltak etter regelverk og standardar

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan planleggje og gjennomføre boretekniske arbeidsoppgåver og prosjekt åleine og som deltakar i ei gruppe og i tråd med dei etiske krava og retningslinjene som varetek miljø, personell og materiell
  • forstår kva arbeidsoperasjonar knytte til boring, komplettering og brønnintervensjon har å seie for effektiv produksjon, ressursutnytting og ressursforvalting
  • kan byggje relasjonar med fagfellar i alle disiplinar innanfor boring og brønn og med eksterne målgrupper
  • kan utveksle synspunkt med andre innanfor boreindustrien og delta i diskusjonar om utvikling av operasjonell og sikker praksis
  • kan bidra til organisasjonsutvikling og HMS-arbeid gjennom aktiv bruk av bedrifta sitt styringssystem for HMS og kvalitet
  • kan utvikle arbeidsmetodar, produkt og/eller tenester med relevans for boring og brønn i form av kontinuerleg forbetring