Hopp til hovedinnhold

​​Eldre og livsmeistring​

Nasjonale planar

2. Om utdanninga eldre og livsmeistring

Utdanninga eldre og livsmeistring tek sikte på å utdanne reflekterte yrkesutøvarar med høg yrkesetisk standard. Gjennom utdanninga vil studentane opparbeide seg spisskompetanse i arbeid med eldre. Dei lærer å planleggje, organisere og setje i verk tiltak for eldre i samarbeid med brukarar, pårørande, medarbeidarar og andre yrkesgrupper i helse- og omsorgssektoren. Livsmeistring, brukarmedverknad og verdigheit er omgrep som står sentralt gjennom heile utdanninga. Studentane vil òg opparbeide seg kompetanse som varetek og sikrar fagleg forsvarlegheit.

Lov om høgare yrkesfagleg utdanning (fagskulelova) har som formål å leggje til rette for utdanning av høg kvalitet. Høgare yrkesfagleg utdanning ligg på nivå 5.1 i Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk, altså på nivået over vidaregåande opplæring, og gir kompetanse som kan brukast i arbeidslivet utan ytterlegare opplæringstiltak.

Utdanninga eldre og livsmeistring har eit omfang på 60 studiepoeng og er inndelt i seks emne.