Eldre og livsmeistring
Nasjonale planar4. Overordna læringsutbytte
Kunnskap
Kandidaten
- har kunnskap om aldring, sjukdom og livsmeistring og kva omgrep, prosessar og verktøy som er sentrale innanfor dette fagområdet
- har innsikt i sentrale lover, forskrifter og rettleiingar som regulerer rettar og plikter og gir tilrådingar innanfor arbeid med eldre og livsmeistring
- har bransjekunnskap og kjennskap til organisering av helsetenesta og ansvarsfordelinga mellom den private helsetenesta, den kommunale helsetenesta og spesialisthelsetenesta
- har kunnskap om gjeldande kartleggingsverktøy som omfattar fysisk, psykisk og sosial helse og endring i desse
- kan oppdatere den yrkesfaglege kompetansen sin på eldreomsorg
- forstår si eiga yrkesrolle og sin eigen yrkeskompetanse i eit samfunnsperspektiv, og dessutan si eiga yrkesrolle i samarbeid med andre yrkesgrupper
Ferdigheiter
Kandidaten
- kan nytte fagleg kunnskap om livsmeistring og sjukdom hos eldre
- kan nytte relevante kartleggingsverktøy, faglege verktøy og teknikkar for å fremje livsmeistring i eldreomsorga
- kan finne informasjon og fagstoff som er relevant i arbeidet med faglege problemstillingar i eldreomsorga
- kan kartleggje ein situasjon og identifisere faglege problemstillingar som handlar om eldre og livsmeistring, og identifisere behov for å setje i verk tiltak
Generell kompetanse
Kandidaten
- har forståing for faglege og etiske prinsipp innanfor arbeidet med eldre og livsmeistring
- har utvikla ei etisk grunnhaldning i utøvinga av yrket som kjem til uttrykk gjennom refleksjon og samhandling med eldre, pårørande og andre samarbeidspartnarar, og i møte med mangfald, migrasjonshelse og ulike kulturar og urfolk
- kan utføre arbeid med eldre og livsmeistring etter behova til pasienten, brukaren eller målgruppa
- kan byggje relasjonar med relevante yrkesgrupper i eldreomsorga og på tvers av fagfelt
- kan utvikle arbeidsmetodar med relevans for eldreomsorga gjennom erfaringsutveksling, kunnskapsdeling, rettleiing og etisk refleksjon