Hopp til hovedinnhold

Havbotninstallasjonar

Nasjonale planar

5. Emnebeskrivingar

Læringsutbyttebeskrivingane på emnenivå (E-LUB) i denne planen er ikkje utfyllande og må reknast som rettleiande. Det er opp til den enkelte fagskulen å utvikle dekkjande E-LUB som òg tek vare på eigenart og lokale faktorar gjennom eigne studieplanar. Den enkelte fagskulen går kvart år gjennom E-LUB i studieplanane sine i tråd med eigne kvalitetssikringsrutinar.

5.1 Reiskapsemne

Realfagleg reiskap

EmneTema
Realfagleg reiskap 10 studiepoeng Blir tilordna av den enkelte tilbydaren
Læringsutbytte
Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om realfag som reiskap innanfor fagområdet sitt
  • har kunnskap om realfaglege omgrep, teoriar, analysar, strategiar, prosessar og verktøy som blir nytta
  • kan utføre berekningar, overslag og problemløysing med relevans for dimensjonering og andre problemstillingar innanfor studieretninga
  • kan vurdere sitt eige arbeid i samsvar med matematiske og fysiske lover
  • kan utvide kunnskapen sin og har innsikt i eigne høve til utvikling innanfor realfag
  • kjenner til matematikkens og fysikkens eigenart og plass i samfunnet
Ferdigheiter

Studenten

  • kan gjere greie for val av reknemetoden som blir brukt til å løyse faglege problem
  • kan gjere greie for val av digitale verktøy som blir brukte til problemløysing innanfor realfaglege tema
  • kan nytte digitale hjelpemiddel til å løyse likningar og andre matematiske oppgåver
  • kan vurdere resultat av berekningar og reflektere over si eiga faglege utøving og justere denne under rettleiing
  • kan finne og vise til relevant informasjon og fagstoff i formelsamlingar, tabellar og fagbøker
  • kan kartleggje ein situasjon og identifisere realfaglege problemstillingar
  • har kjennskap til og kan nytte grunnleggjande fysiske lover og fysikkens metodikk
  • kan tolke og bruke modellar som blir nytta innanfor matematikk og fysikk
Generell kompetanse

Studenten

  • kan planleggje og gjennomføre yrkesretta arbeidsoppgåver og prosjekt åleine og som deltakar i ei gruppe ved å nytte realfag i tråd med etiske krav, retningslinjer og målgruppa sine behova
  • har innsikt i kva føresetnader og forenklingar hen har gjort i berekningane sine
  • har innsikt i rekkjevidda og avgrensingane til metodane som blir brukte
  • kan utveksle synspunkt og samarbeide med fagfellar om fagspesifikke problemstillingar med realfag som tverrfagleg fundament, og dermed bidra til organisasjonsutvikling

Kommunikasjon

EmneTema
Kommunikasjon 10 studiepoeng Blir tilordna av den enkelte tilbydaren
Læringsutbytte
Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om grunnleggjande kommunikasjonsteori
  • kjenner til kva kulturell identitet har å seie for samarbeid og kommunikasjon på arbeidsplassen
  • har kunnskap om engelske faguttrykk som blir brukte innanfor eige fagområde
  • har kunnskap om sentrale retoriske omgrep og verkemiddel
  • har kunnskap om kjeldebruk etter standard for høgare utdanning
  • kjenner til vanlege digitale verktøy for kjeldetilvising, dokumentasjon, tekstproduksjon, deling, presentasjon og møte
  • har kjennskap til prinsipp for tekstorganisering og produksjon
  • har kunnskap om kva som kjenneteiknar ei problemstilling, og korleis ein kan svare på henne
Ferdigheiter

Studenten

  • kan reflektere over møte mellom forskjellige arbeidslivskulturar
  • kan bruke relevante omgrep for å analysere sin eigen og andres tekst
  • kan reflektere over og revidere tekstar
  • kan reflektere over korleis retorikk blir nytta
  • kan byggje opp sakleg argumentasjon og bruke retoriske appellformer
  • kan innhente informasjon frå ulike kjelder og bruke han kritisk, formålstenleg og etterretteleg
  • kan reflektere over eigen kommunikasjon i profesjonell samanheng
  • kan produsere tekstar der form og innhald er tilpassa situasjonen, målet og mottakaren
  • kan bruke digitale kommunikasjonsverktøy i ein profesjonell samanheng
  • kan uttrykkje seg med nyansert ordval, variert setningsstruktur og tekstbinding
  • kan planleggje, strukturere og gjennomføre møte og presentasjonar
Generell kompetanse

Studenten

  • kan kommunisere formålstenleg for å bidra til ein inkluderande organisasjonskultur
  • kan tilpasse språk og argumentasjon etter mål og mottakar
  • kan produsere tekstar med korrekt rettskriving, grammatikk og teiknsetjing
  • meistrar relevante kommunikasjonsverktøy
  • kan kommunisere gjennom relevante tekstar og kanalar
  • kan samarbeide om tekstproduksjon

Leiing, økonomi og marknadsføring (LØM)

EmneTema
LØM 10 studiepoeng Økonomistyring Organisasjon og leiing Marknadsføringsleiing
Læringsutbytte
Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om sentrale omgrep innanfor økonomi, organisasjon og marknadsføring knytte til føretaksleiing
  • har kunnskap om lønnskostnader
  • har kunnskap om mål, tiltak og handlingsplanar
  • kjenner til aktuelle lover og avtalar innanfor emnet
Ferdigheiter

Studenten

  • kan kartleggje eksterne og interne arbeidsvilkår og utarbeide situasjonsanalysar
  • kan gjere greie for den økonomiske statusen i bedrifta ved å hente ut økonomiske data frå rekneskapen og bruke dei i analysar og kalkylar
  • kan vurdere betalingsevna og kapitalbehovet til bedrifta
  • kan planleggje økonomiske milepælar ved å utarbeide budsjett og gjere greie for økonomisk måloppnåing ved å vurdere eventuelle avvik
  • kan gjennomføre ein investeringsanalyse og reflektere over lønnsemda i ei mogleg framtidig investering
  • kan bruke rekneark i arbeidet med rekneskap, budsjett, analysar og kalkylar
  • kan gjere ei heilskapleg prisvurdering og utarbeide kalkylar
  • kan vurdere organisasjonsstrukturen og kulturen og arbeidsmiljøet for å vidareutvikle verksemda
  • kan kommunisere med, leie og motivere personalet på måtar som fremjar effektivitet og trivsel
  • kan identifisere, analysere og utvikle kompetansen til medarbeidarane
  • kan planleggje og gjennomføre gode rekrutteringsprosessar, frå behovsanalyse til introduksjon
  • kan gjere greie for kjøpsprosessen i ulike marknader og vurdere kunden si kjøpsåtferd i desse
  • kan vurdere val av marknadskommunikasjonstiltak i aktuelle medium og tilpasse bodskap til utvalde målgrupper i dei aktuelle media
  • kan vurdere kva produkt bedrifta bør satse på, i kva marknader satsinga bør skje, og kva distribusjonskanalar ein bør nytte
  • kan vurdere val av verksemds- og marknadsstrategi
Generell kompetanse

Studenten

  • kan innanfor gitte tidsfristar, åleine og i samarbeid med andre, planleggje, gjennomføre, dokumentere og levere arbeidsoppgåver og prosjekt
  • kan etablere, utvikle og leie ein organisasjon på måtar som fremjar både effektivitet, arbeidsmiljø, berekraft og samfunnsansvar
  • har digital kompetanse til å søkje kunnskap og informasjon og kan tolke og bruke informasjonen i det vidare arbeidet
  • kan kommunisere internt og eksternt og nytte digitale verktøy til dette
  • kan utarbeide relevante faglege dokument som til dømes pristilbod, tiltaks-/handlingsplanar, arbeidsavtalar, møteinnkallingar med saksframlegg, forretningsplanar og marknadsplanar
  • kan reflektere over samfunnsutviklinga og relatere utviklinga til bedrifta sin situasjon

5.2 Grunnlagsemne

Emne: Leiting og brønnplanlegging

EmneStudiepoeng
Leiting og brønnplanlegging 10
Læringsutbytte
Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om kva forhold som påverkar planlegginga av ein brønn i alle fasar, basert på kartlegging av reservoaret og dei geologiske forholda
  • har kunnskap om ulike materiale og vedlikehald av innretningar og utstyr
  • har kunnskap om logistikksystem og forsyningskjeder
  • har kunnskap om digitale verktøy for brønnplanlegging, logistikk og vedlikehald av innretningar og utstyr
  • har kunnskap om berekraftig utvikling, mellom anna med omsyn til klima, miljø, økonomi og sosiale forhold knytte til energisektoren
  • kan vurdere sitt eige arbeid med omsyn til gjeldande regelverk og standardar
  • kan oppdatere den yrkesfaglege kunnskapen sin om brønnplanlegging i eit berekraftig perspektiv
  • kjenner til bransjens historie, eigenart og plass i samfunnet sett i samanheng med kartlegging, leiteaktivitet og feltutbygging
  • har innsikt i eigne høve til fagleg utvikling
Ferdigheiter

Studenten

  • kan nytte fagkunnskap på praktiske og teoretiske problemstillingar knytte til leiting og brønnplanlegging
  • kan nytte digitale verktøy for brønnplanlegging, logistikk og vedlikehald av innretningar og utstyr
  • kan gjere greie for val av berekraftige løysingar og materiale i samband med bygging av brønnar og med omsyn til krav som blir stilte til sikker drift og vedlikehald
  • kan reflektere over si eiga faglege utøving i samband med brønnplanlegging og justere denne under rettleiing
  • kan finne og vise til informasjon og fagstoff og vurdere relevansen knytt til leiting og brønnplanlegging
  • kan kartleggje ein situasjon under planlegginga av ein brønn og identifisere faglege problemstillingar og behov for å setje i verk tiltak
Generell kompetanse

Studenten

  • kan planleggje ein brønn som deltakar i ei gruppe og i tråd med etiske krav og retningslinjer
  • kan gjennomføre vedlikehald av innretningar og utstyr åleine og som deltakar i ei gruppe og i tråd med etiske krav og retningslinjer
  • kan utføre arbeidet sitt i tråd med behova til oppdragsgivaren og krava frå myndigheitene
  • kan byggje relasjonar med fagfellar og med personell frå relevante fagdisiplinar
  • kan delta i diskusjonar og utveksle erfaringar med sikte på å utvikle god praksis innanfor leiting og brønnplanlegging
  • kan bidra til organisasjonsutvikling ved å planleggje og setje i verk systematiske tiltak
  • kan utvikle arbeidsprosedyrar innanfor brønnplanlegging og vedlikehald av innretningar og utstyr
Tema
  • Geologi og kartleggingsmetodar (2 stp.)
  • Brønnplanlegging (3 stp.)
  • Materiallære og vedlikehald (3 stp.)
  • Logistikk (1 stp.)
  • Berekraftig utvikling (1 stp.)

Emne: Boring og komplettering

EmneStudiepoeng
Boring og komplettering 10
Læringsutbytte
Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om omgrep, teoriar, fysiske forhold, verktøy og utstyr som har betyding for optimal og sikker brønnbygging
  • har kunnskap om utstyr som blir brukt i alle fasar under boring
  • har kunnskap om boremetodar, boreproblem og boreparametrar som er viktige når ein skal gjennomføre ein sikker og effektiv boreoperasjon
  • har kunnskap om utstyr og metodar som blir nytta for å komplettere ulike brønnar
  • har kunnskap om funksjonane, eigenskapane og samansetjinga til ulike brønnvæsker og om laboratorietesting av slike
  • har kunnskap om trykkforholda i ein brønn og trykkontrollutstyr som blir brukt i samband med bore- og brønnoperasjonar
  • har kunnskap om ulike brønndrepingsmetodar
  • har kunnskap om korleis arbeidet på ein bore- og brønninstallasjon kan utførast på ein sikker måte
  • kan vurdere sitt eige arbeid med omsyn til gjeldande regelverk og standardar
  • kan oppdatere den yrkesfaglege kunnskapen sin om brønnbygging
  • kjenner til brønnbyggingas historie, utvikling og plass i samfunnet med tanke på boring, komplettering og HMS
  • har innsikt i eigne høve til fagleg utvikling
Ferdigheiter

Studenten

  • kan nytte fagkunnskap på praktiske og teoretiske problemstillingar knytte til boring og komplettering av ein brønn
  • kan gjere greie for val av teknologi, utstyr og væsker for brønnbygging
  • kan gjere greie for val av trykkontrollutstyr i samband med bore- og brønnoperasjonar
  • kan reflektere over si eiga faglege utøving i samband med brønnbygging og justere denne under rettleiing
  • kan finne og vise til informasjon og fagstoff og vurdere relevansen knytt til brønnbygging
  • kan kartleggje ei brønnkontrollhending og handtere hendinga i samsvar med gjeldande regelverk og prosedyrar
  • kan kartleggje ein situasjon og identifisere faglege problemstillingar i samband med boring og komplettering av ein brønn og kan setje i verk relevante tiltak
Generell kompetanse

Studenten

  • kan planleggje og gjennomføre bore- og kompletteringsoperasjonar som deltakar i ei gruppe i tråd med etiske krav og retningslinjer
  • kan utføre arbeidet sitt i tråd med behova til oppdragsgivaren og krava frå myndigheitene
  • kan byggje relasjonar med fagfellar, operasjonelt personell frå relevante fagdisiplinar og eksterne målgrupper
  • kan delta i diskusjonar og utveksle erfaringar med sikte på å utvikle god praksis innanfor brønnbygging
  • kan bidra til organisasjonsutvikling ved å planleggje og setje i verk systematiske tiltak
  • kan utvikle arbeidsprosedyrar innanfor boring og komplettering av ein brønn
Tema
  • Borekunnskap med simulatorøvingar (2 stp.)
  • Grunnleggjande trykkontroll (2 stp.)
  • Brønnvæsker (2 stp.)
  • Komplettering (2 stp.)
  • HMS og kvalitet (2 stp.)

Emne: Produksjon og brønnvedlikehald

EmneStudiepoeng
Produksjon og brønnvedlikehald 10
Læringsutbytte
Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om drivverdigheit og val av utbyggingsløysingar for eit felt
  • har kunnskap om omgrep, teoriar, fysiske forhold, verktøy og utstyr som har betyding for optimal og sikker produksjon og prosessering av hydrokarbon
  • har kunnskap om korleis hydrokarbon er oppbygde og samansette, og korleis dei oppfører seg under ulike fysiske forhold
  • har kunnskap om årsaker til og løysingar på ulike reservoar- og brønnrelaterte utfordringar
  • har kunnskap om styring og regulering av brønnar og produksjonsutstyr
  • har kunnskap om hydraulisk og pneumatisk styring til bruk på havbotns- og plattformsystemer
  • har kunnskap om verkemåten til måleutstyr og sensorar som blir nytta i boring, brønn og prosess
  • har kunnskap om ulike metodar og ulikt utstyr for brønnvedlikehald
  • kan vurdere sitt eige arbeid med omsyn til gjeldande regelverk og standardar
  • kan oppdatere den yrkesfaglege kunnskapen sin om produksjon og brønnvedlikehald
  • kjenner til oljeproduksjonens historie, utvikling og plass i samfunnet
  • har innsikt i eigne høve til fagleg utvikling
Ferdigheiter

Studenten

  • kan nytte fagkunnskap på praktiske og teoretiske problemstillingar knytte til produksjon og brønnvedlikehald
  • kan gjere greie for val av måleutstyr og sensorar som blir nytta i boring, brønn og prosess
  • kan gjere greie for val av metodar for brønnvedlikehald
  • kan reflektere over val av styresystem, pådragsorgan og ventilar for havbotns- og plattformløysingar
  • kan reflektere over kva konsekvensar brønnintervensjon kan ha på prosessystemet 
  • kan finne og vise til informasjon frå utstyrsdokumentasjon og fagstoff og bruke dette i samband med problemløysing og produksjonsoptimalisering
  • kan kartleggje moglege produksjonsproblem og vurdere og setje i verk forbetrande tiltak
Generell kompetanse

Studenten

  • kan planleggje og gjennomføre produksjonsforbetrande tiltak i samarbeid med andre fagdisiplinar med vekt på sikkerheit og det ytre miljøet
  • kan utføre arbeidet sitt i tråd med behova til oppdragsgivaren og krava frå myndigheitene
  • kan utvikle arbeidsmetodar og prosedyrar for energieffektiv produksjon og drift og ditto brønnvedlikehald
  • kan byggje relasjonar med fagfellar, operasjonelt personell frå relevante fagdisiplinar og eksterne målgrupper
  • kan delta i diskusjonar og utveksle erfaringar med sikte på å utvikle god praksis innanfor produksjon og brønnvedlikehald
  • kan bidra til organisasjonsutvikling ved å planleggje og setje i verk systematiske tiltak
Tema
  • Produksjonsteknikk (3 stp.)
  • Reguleringssystem (2 stp.)
  • Hydraulikk (3 stp.)
  • Brønnvedlikehald (2 stp.)

5.3 Fordjupingsemne

Emne: Havbotnutstyr og kontrollsystem

EmneStudiepoeng
Havbotnutstyr og kontrollsystem 10
Læringsutbytte
Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om havbotnstrukturar og utstyr 
  • har kunnskap om manifoldar, røyrsystem og samankoplingsrøyr (jumpers) 
  • har kunnskap om brønnhovud på havbotnen 
  • har kunnskap om ulike typar våte ventiltre 
  • har kunnskap om navlestreng-/umbilical-system 
  • har kunnskap om produksjonsstigerøyr
  • har kunnskap om feltutvikling på havbotnen 
  • har kunnskap om barrierefilosofi knytt til havbotnutstyr og kontrollsystem 
  • har kunnskap kontrollkablar 
  • har kunnskap om kontroll- og distribueringssystem for havbotnutstyr 
  • har kunnskap om forskjellige typar brønnhovudsystem og designkriterium 
  • har kunnskap om kva brønnhovudverktøy som skal nyttast i dei forskjellige brønnhovudsystema
  • har kunnskap om materialval ved design av brønnhovudsystem
  • kan vurdere sitt eige havbotnfaglege arbeid ut frå myndigheitskrav, NORSOK-standard, gjeldande lovverk og selskapsinterne prosedyrar i lys av operasjonell sikkerheit og effektivitet
  • kan oppdatere seg på ny teknologi og nye løysingar med relevans for havbotninstallasjonar
  • kjenner til havbotnbransjens historiske utvikling, tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet
  • har innsikt i eigne høve til fagleg oppdatering og karriereutviklinginnanfor havbotnutstyr og kontrollsystem
Ferdigheiter

Studenten

  • kan gjere greie for val av type havbotnutstyr 
  • kan gjere greie for val av kontrollsystem og kablar 
  • kan gjere greie for val av brønnhovudsystem 
  • kan gjere greie for val av feltutbyggingsdesign 
  • kan gjere greie for ulike typar kontrollsystem topside, inkludert oppbygging og verkemåte 
  • kan gjere greie for ulike typar kontrollsystem subsea, navlestreng og Subsea Control Module (SCM), inkludert oppbygging og verkemåte
  • kan gjere greie for viktige faktorar ved val av type brønnhovudsystem 
  • kan gjere greie for eit generelt oppsett av brønnhovudverktøy og bruk og verkemåte 
  • kan reflektere over si eiga faglege utøving i samband med arbeid på havbotnmontert utstyr og justere denne under rettleiing 
  • kan finne og vise til informasjon og fagstoff om havbotnutstyr og kontrollsystem og vurdere relevansen for ei yrkesfagleg problemstilling
  • kan kartleggje ein operasjonell situasjon knytt til havbotnmontert utstyr og identifisere problemstillingar med fokus på brønnintegritet, barrierekontroll og behov for å setje i verk korrektive tiltak
  • kan kartleggje ei uføresett hending og ved hjelp av feilsøking finne alternative løysingar
Generell kompetanse

Studenten

  • kan planleggje og gjennomføre arbeid på havbotnmontert utstyr, kontrollsystem og kontrollkablar åleine eller i gruppe og i tråd med gjeldande retningslinjer og praksis 
  • kan utføre arbeidet etter spesifikasjonar og krav frå operatørar og leverandørar 
  • kan byggje relasjonar med fagfellar på tvers av fagfelt og med fagforeiningar, interesseorganisasjonar og offentleg tilsynsmyndigheit 
  • kan utveksle synspunkt med andre med bakgrunn frå havbotnutstyr og kontrollsystem og delta i diskusjonar om utvikling av god og sikker praksis og alternative løysingar 
  • kan bidra til organisasjonsutvikling innanfor havbotnutstyr og kontrollsystem gjennom proaktiv rapportering i avvikssystem 
Tema
  • Havbotnutstyr (4 stp.)
  • Kontrollsystem og kablar (4 stp.)
  • Brønnhovud (2 stp.)

Emne: Havbotnkomplettering og intervensjon

EmneStudiepoeng
Havbotnkomplettering og intervensjon 10
Læringsutbytte
Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om verktøy, system og installasjonsprosessar som blir nytta ved havbotnskomplettering og oppkopling av havbotnsystem 
  • har kunnskap om intervensjon på havbotnsystem 
  • har kunnskap om barrierefilosofi i alle fasar av subsea-komplettering og subsea-intervensjon med fokus på lekkasjeproblematikk, sikkerheit og utslepp til sjø 
  • har kunnskap om ulike inntrekkings- og koplingssystem som blir nytta subsea 
  • har kunnskap om marine operasjonar og verktøy (ROV) som blir nytta på havbotninstallasjonar 
  • har kunnskap om subsea-surveying / kartlegging av botnforhold 
  • har kunnskap om ulike typar installasjonsfartøy 
  • har kunnskap om intervensjon på havbotnbrønnar 
  • kan vurdere sitt eige arbeid med omsyn til gjeldande regelverk
  • har kjennskap til ulike havbotnkompletterings- og intervensjonsselskap 
  • kan oppdatere kunnskapen sin innanfor havbotnkomplettering og intervensjon 
  • kjenner til den historiske utviklinga av havbotnkomplettering, intervensjon og marine operasjonar 
  • har innsikt i eigne høve til fagleg oppdatering og karriereutvikling innanfor havbotnkomplettering, intervensjon og marine operasjonar 
Ferdigheiter

Studenten

  • kan gjere greie for val av kompletteringsløysing og intervensjon på havbotnsystem 
  • kan gjere greie for val av verktøysystem som blir nytta under installasjon 
  • kan gjere greie for val av tie-in-løysingar på ulike havbotnsystem 
  • kan gjere greie for testing av installert utstyr på havbotnsystem 
  • kan gjere greie for funksjonen, oppbygginga og verkemåten til ulike inntrekkings- og koplingssystem og grunngi val av verktøy ved komponentbyte 
  • kan gjere greie for val av ROV-verktøy for havbotnkomplettering og intervensjonsarbeid 
  • kan reflektere over si eiga faglege utøving og justere denne basert på leverandørens gjeldande prosedyreverk, innretningsspesifikke løysingar og arbeidsprogrammet til operatøren 
  • kan finne og vise til informasjon og fagstoff og vurdere relevansen for ei yrkesfagleg problemstilling 
  • kan kartleggje ein operasjonell situasjon knytt til installert havbotnutstyr og identifisere problemstillingar, både havbotnfaglege og operasjonsfaglege, med fokus på brønnintegritet, barrierekontroll og behov for å setje i verk korrektive tiltak 
  • kan kartleggje ei uføresett hending og ved hjelp av feilsøking finne alternative løysingar
Generell kompetanse

Studenten

  • kan planleggje og gjennomføre havbotnkomplettering og intervenere i samsvar med program, åleine eller saman med arbeidsgruppa, i tråd med gjeldande krav og retningslinjer 
  • kan utføre arbeidet etter spesifikasjonar og krav frå operatørar og leverandørar 
  • kan byggje relasjonar med fagfellar på tvers av fagfelt og med fagforeiningar, interesseorganisasjonar og offentleg tilsynsmyndigheit 
  • kan utveksle synspunkt med andre med bakgrunn frå havbotnkomplettering og intervensjon og delta i diskusjonar om utvikling av god og sikker praksis og alternative løysingar 
  • kan bidra til organisasjonsutvikling innanfor havbotnkomplettering og intervensjon gjennom fokus på proaktiv rapportering i avvikssystem 

Tema
  • Havbotnkomplettering (4 stp.)
  • Havbotnintervensjon (3 stp.)
  • Marine operasjonar (3 stp.)

Emne: Trykkontroll og hydraulikk

EmneStudiepoeng
Trykkontroll og hydraulikk 10
Læringsutbytte
Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om teoriar, fysiske forhold, verktøy og utstyr som har betyding for brønnintegritet og brønnkontroll
  • har kunnskap om leiing under ei trykkontrollhending
  • har kunnskap om trykk i brønnar i alle fasar av levetida til brønnen
  • har kunnskap om korleis ein kan reetablere brønnkontroll
  • har kunnskap om berekningar både før, under og etter ein situasjon med innstrøyming eller andre kritiske brønnsituasjonar
  • har kunnskap om funksjonen og verkemåten til det trykkontrollutstyret som til kvar tid er i bruk
  • har kunnskap om hydrauliske og pneumatiske komponentar og system som til kvar tid er i bruk under boring og bygging av ein brønn
  • har innsikt i regelverk, standardar, avtalar og krav til kvalitet i samband med arbeid med trykkontroll og hydraulikk
  • kan vurdere sitt eige arbeid i samband med trykkontroll og hydraulikk ut frå normer og krav
  • kan vurdere dei etiske, juridiske og økonomiske konsekvensane ved ei brønnkontrollhending
  • har bransjekunnskap og kjennskap til yrkesfeltet innanfor boring og brønn
  • kan oppdatere seg om trykkontroll og hydraulikk i samsvar med regelverk og standardar
  • kjenner til den historiske utviklinga innanfor brønnkontroll og tilhøyrande utstyr med erfaringar frå tidlegare storulykker
  • har innsikt i kva utviklingsmoglegheiter sertifiseringar i trykkontroll og hydraulikk gir
  • forstår kva brønnintegritet og brønnkontroll har å seie for å unngå hendingar som kan skade det ytre miljøet 
Ferdigheiter

Studenten

  • kan gjere greie for faglege val av løysingar, utstyr og væsker for brønnintegritet og brønnkontroll
  • kan gjere greie for val av rett drepemetode
  • kan gjere greie for val av HMS-tiltak og barrierefilosofi i alle fasane til brønnen
  • kan reflektere over si eiga faglege utøving under trykkontrollrelaterte situasjonar i ein brønn og justere denne under rettleiing
  • kan finne og vise til informasjon og fagstoff om trykkontroll og pneumatiske og hydrauliske system og vurdere relevansen for ei yrkesfagleg problemstilling
  • kan kartleggje ein brønnkontrollsituasjon og identifisere faglege problemstillingar og behov for å setje i verk tiltak, til dømes å setje i gang ein drepeoperasjon etter ei trykkontrollhending
Generell kompetanse

Studenten

  • kan planleggje og gjennomføre drepeoperasjonar i samsvar med program som deltakar i ei gruppe og i tråd med etiske krav og retningslinjer
  • kan utføre arbeidet etter operatørens behov, krav frå myndigheitene og regelverk og standardar som varetek miljø, personell og materiell
  • kan byggje relasjonar og utveksle synspunkt med fagfellar og på tvers av fag som er involverte i trykkontrolloperasjonar, med sikte på å utvikle god praksis
  • kan utveksle synspunkt med andre med bakgrunn frå bore- og brønnbransjen og delta i diskusjonar om utvikling av effektiv og sikker praksis
  • kan bidra til organisasjonsutvikling ved hjelp av rapporteringssystem
  • kan utvikle arbeidsmetodar, detaljplanar og prosedyrar som er relevante for den aktuelle operasjonen, for å oppnå kontinuerleg forbetring
Tema
  • HMS med barrierefilosofi (3 stp.)
  • Fordjuping: trykkontroll med simulatorøvingar (8 stp.)
  • Fordjuping: hydraulikk og pneumatikk (4 stp.)

Emne: Lokal tilpassing

EmneStudiepoeng
Lokal tilpasning10

Skulen skal opprette eit lokalt emne eller ei kvalifiserande spesialisering som skal gi studenten fagleg breidd og/eller bidra til fagleg fordjuping.

Læringsutbytte
  • Tilbydaren beskriv kunnskap i samsvar med NKR.

Emne: Hovudprosjekt

EmneStudiepoeng
Hovudprosjekt10
Læringsutbytte
Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om korleis ein skriv ein prosjektrapport
  • har særskild kunnskap om eit sjølvvalt tema med ei problemstilling innanfor fordjupinga
  • har kunnskap om korleis ein innhentar informasjon om temaet for eit hovudprosjekt
  • har kunnskap om samanhengen mellom teori og praksis
  • kan vurdere sitt eige prosjekt med omsyn til gjeldande regelverk og standardar
  • kjenner til bransjen/yrka som er knytte til temaet i hovudprosjektet
Ferdigheiter

Studenten

  • kan gjere greie for val av tema for hovudprosjektet
  • kan identifisere, kartleggje og vurdere ei fagleg problemstilling
  • kan delta i teamarbeid, planleggje, kommunisere og presentere prosjektarbeid og resultat
  • kan skrive ein rapport om eit prosjekt
  • kan drøfte samanhengen mellom teori og praksis
  • kan reflektere over sitt eige prosjekt og justere dette under rettleiing frå fagfolk
  • kan finne og vise til informasjon og fagstoff for å vurdere kor relevant ei problemstilling er i eit prosjekt
Generell kompetanse

Studenten

  • kan planleggje og gjennomføre eit prosjektarbeid åleine og som deltakar i ei gruppe i tråd med formelle og etiske krav og retningslinjer
  • har utvikla eit medvit rundt prosjektarbeid og kan fordjupe seg i temaet som dannar grunnlag for prosjektet, og tenkje kreativt og nyskapande
  • kan utføre eit prosjektarbeid i tråd med behova til bedrifta eller arbeidsgivaren
  • kan utveksle synspunkt med andre i gruppa eller bedrifta og delta i diskusjonar om utviklinga av eit prosjekt