Havbotninstallasjonar
Nasjonale planar3. Overordna læringsutbytte
Kunnskap
Kandidaten
- har kunnskap om korleis ein planlegg å bore og halde ved like ein brønn på ein berekraftig måte
- har kunnskap om tekniske løysingar for å bore, ferdigstille og drifte ein brønn
- har kunnskap om barrierefilosofi i alle fasar av levetida til brønnen
- har kunnskap om ulike havbotnanlegg og brønnstraumoverføring
- har kunnskap om barrierefilosofi i alle fasar innanfor havbotninstallasjonar
- kan vurdere eige havbotnfagleg arbeid med omsyn til regelverk og standardar
- har bransjekunnskap og kjennskap til yrkespraksis innanfor havbotnindustrien
- kan oppdatere den yrkesfaglege kunnskapen sin gjennom internopplæring, erfaringslæring og faglege fellesskap
- kan oppdatere seg på ny teknologi relatert til nye verktøy og kraftoverføring
- kjenner til eigenarten til offshoreindustrien med omsyn til HMS og energiomstilling
- har kunnskap om økonomistyring, leiing og marknadsføring
- har innsikt i eigne høve til fagleg utvikling innanfor havbotnindustrien
Ferdigheiter
Kandidaten
- kan gjere greie for val i samband med løysingar og utstyr for brønnboring med tanke på sikkerheit, energioptimalisering, klima og miljø
- kan gjere greie for havbotnfaglege val med omsyn til robuste løysingar
- kan reflektere over havbotnoperasjonar og justere desse under rettleiing frå leiande personell
- kan finne og vise til fagstoff og regelverk og vurdere relevansen for ei havbotnteknisk problemstilling
- kan reflektere over havbotnindustrien si rolle og FNs berekraftsmål
- kan kartleggje ein operasjonell situasjon og identifisere havbotnfaglege problemstillingar med vekt på barriereintegritet og kan setje i verk korrektive tiltak
- kan vurdere bedrifta sin økonomiske situasjon og marknads- og leiingsutfordringar og gjere fornuftige og grunngitte val
Generell kompetanse
Kandidaten
- kan planleggje og gjennomføre havbotnteknisk arbeid, åleine og i gruppe, i tråd med etiske krav og retningslinjer som varetek miljø, personell og materiell, inkludert industri relatert til det grøne skiftet og FNs berekraftsmål
- kan utføre arbeidet etter spesifikasjonar og krav frå operatørar og leverandørar
- forstår kva arbeidsoperasjonar knytte til boring, komplettering og brønnintervensjon betyr for effektiv produksjon, ressursutnytting og ressursforvalting
- kan byggje relasjonar med fagfellar på tvers av relevante fagfelt og med fagforeiningar, interesseorganisasjonar og offentleg tilsynsmyndigheit
- kan utveksle synspunkt med andre innanfor havbotninstallasjonsfaget og delta i utvikling av operasjonell og sikker praksis
- kan bidra til organisasjonsutvikling og HMS-arbeid gjennom aktiv bruk av bedrifta sitt styringssystem for HMS og kvalitet