Havbotninstallasjonar
Nasjonale planar2. Om utdanninga
Fagretning: Petroleum
Utviklinga i energisektoren skjer i høgt tempo, og teknologien blir stadig meir avansert. Norsk offshoreindustri har mykje formell kompetanse innanfor boring, brønn, havbotnteknologi og prosess. For at kompetansen skal kunne sikrast og utviklast vidare, krevst det ei fleksibel fagskuleutdanning som varetek opplæringsbehovet i industrien og dei nasjonale målsetjingane for utdanninga.
Fagretninga omfattar fordjupingane
- boring
- brønnservice
- havbotninstallasjonar
- olje- og gassbehandling
Havbotninstallasjonar er ei fordjuping som omfattar utstyr og operasjonar som inngår i arbeidet med å bore, installere og halde havbotnbrønnar ved like. Arbeidsoppgåver kan vere å planleggje, leie og gjennomføre arbeidsoperasjonar i tråd med prosedyrar og regulativ knytte til havbotnoperasjonar, inkludert planlegging og drift. Etter fullført utdanning tilfredsstiller studenten krav til leiande stillingar på land og offshore.