Olje- og gassbehandling
Nasjonale planar4. Emneoversikt
Emnenamn | Studiepoeng |
---|---|
Realfagleg reiskap | 10 |
Kommunikasjon | 10 |
Leiing, økonomi og marknadsføring (LØM) | 10 |
Leiting og brønnplanlegging | 10 |
Boring og komplettering | 10 |
Produksjon og brønnvedlikehald | 10 |
Prosessystem | 15 |
Produksjonsoptimalisering | 10 |
Reguleringsteknikk og sikkerheitssystem | 10 |
Lokal tilpassing | 15 |
Hovudprosjekt | 10 |
Til saman | 120 studiepoeng |
Emnebeskrivingar
Læringsutbyttebeskrivingane på emnenivå (E-LUB) i denne planen er ikkje utfyllande og må reknast som rettleiande. Det er opp til den enkelte fagskulen å utvikle dekkjande E-LUB som òg tek vare på eigenart og lokale faktorar gjennom eigne studieplanar. Den enkelte fagskulen går kvart år gjennom E-LUB i studieplanane sine i tråd med eigne kvalitetssikringsrutinar.
4.1 Reiskapsemne
Realfagleg reiskap
Emne | Tema |
---|---|
Realfagleg reiskap 10 studiepoeng | Blir tilordna av den enkelte tilbydaren |
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om realfag som reiskap innanfor fagområdet sitt
- har kunnskap om realfaglege omgrep, teoriar, analysar, strategiar, prosessar og verktøy som blir nytta
- kan utføre berekningar, overslag og problemløysing med relevans for dimensjonering og andre problemstillingar innanfor studieretninga
- kan vurdere sitt eige arbeid i samsvar med matematiske og fysiske lover
- kan utvide kunnskapen sin og har innsikt i eigne høve til utvikling innanfor realfag
- kjenner til matematikkens og fysikkens eigenart og plass i samfunnet
Ferdigheiter
Studenten
- kan gjere greie for val av reknemetoden som blir brukt til å løyse faglege problem
- kan gjere greie for val av digitale verktøy som blir brukte til problemløysing innanfor realfaglege tema
- kan nytte digitale hjelpemiddel til å løyse likningar og andre matematiske oppgåver
- kan vurdere resultat av berekningar og reflektere over si eiga faglege utøving og justere denne under rettleiing
- kan finne og vise til relevant informasjon og fagstoff i formelsamlingar, tabellar og fagbøker
- kan kartleggje ein situasjon og identifisere realfaglege problemstillingar
- har kjennskap til og kan nytte grunnleggjande fysiske lover og fysikkens metodikk
- kan tolke og bruke modellar som blir nytta innanfor matematikk og fysikk
Generell kompetanse
Studenten
- kan planleggje og gjennomføre yrkesretta arbeidsoppgåver og prosjekt åleine og som deltakar i ei gruppe ved å nytte realfag i tråd med etiske krav, retningslinjer og målgruppa sine behova
- har innsikt i kva føresetnader og forenklingar hen har gjort i berekningane sine
- har innsikt i rekkjevidda og avgrensingane til metodane som blir brukte
- kan utveksle synspunkt og samarbeide med fagfellar om fagspesifikke problemstillingar med realfag som tverrfagleg fundament, og dermed bidra til organisasjonsutvikling
Kommunikasjon
Emne | Tema |
---|---|
Kommunikasjon 10 studiepoeng | Blir tilordna av den enkelte tilbydaren |
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om grunnleggjande kommunikasjonsteori
- kjenner til kva kulturell identitet har å seie for samarbeid og kommunikasjon på arbeidsplassen
- har kunnskap om engelske faguttrykk som blir brukte innanfor eige fagområde
- har kunnskap om sentrale retoriske omgrep og verkemiddel
- har kunnskap om kjeldebruk etter standard for høgare utdanning
- kjenner til vanlege digitale verktøy for kjeldetilvising, dokumentasjon, tekstproduksjon, deling, presentasjon og møte
- har kjennskap til prinsipp for tekstorganisering og produksjon
- har kunnskap om kva som kjenneteiknar ei problemstilling, og korleis ein kan svare på henne
Ferdigheiter
Studenten
- kan reflektere over møte mellom forskjellige arbeidslivskulturar
- kan bruke relevante omgrep for å analysere sin eigen og andres tekst
- kan reflektere over og revidere tekstar
- kan reflektere over korleis retorikk blir nytta
- kan byggje opp sakleg argumentasjon og bruke retoriske appellformer
- kan innhente informasjon frå ulike kjelder og bruke han kritisk, formålstenleg og etterretteleg
- kan reflektere over eigen kommunikasjon i profesjonell samanheng
- kan produsere tekstar der form og innhald er tilpassa situasjonen, målet og mottakaren
- kan bruke digitale kommunikasjonsverktøy i ein profesjonell samanheng
- kan uttrykkje seg med nyansert ordval, variert setningsstruktur og tekstbinding
- kan planleggje, strukturere og gjennomføre møte og presentasjonar
Generell kompetanse
Studenten
- kan kommunisere formålstenleg for å bidra til ein inkluderande organisasjonskultur
- kan tilpasse språk og argumentasjon etter mål og mottakar
- kan produsere tekstar med korrekt rettskriving, grammatikk og teiknsetjing
- meistrar relevante kommunikasjonsverktøy
- kan kommunisere gjennom relevante tekstar og kanalar
- kan samarbeide om tekstproduksjon
Leiing, økonomi og marknadsføring (LØM)
Emne | Tema |
---|---|
LØM 10 studiepoeng | Økonomistyring Organisasjon og leiing Marknadsføringsleiing |
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om sentrale omgrep innanfor økonomi, organisasjon og marknadsføring knytte til føretaksleiing
- har kunnskap om lønnskostnader
- har kunnskap om mål, tiltak og handlingsplanar
- kjenner til aktuelle lover og avtalar innanfor emnet
Ferdigheiter
Studenten
- kan kartleggje eksterne og interne arbeidsvilkår og utarbeide situasjonsanalysar
- kan gjere greie for den økonomiske statusen i bedrifta ved å hente ut økonomiske data frå rekneskapen og bruke dei i analysar og kalkylar
- kan vurdere betalingsevna og kapitalbehovet til bedrifta
- kan planleggje økonomiske milepælar ved å utarbeide budsjett og gjere greie for økonomisk måloppnåing ved å vurdere eventuelle avvik
- kan gjennomføre ein investeringsanalyse og reflektere over lønnsemda i ei mogleg framtidig investering
- kan bruke rekneark i arbeidet med rekneskap, budsjett, analysar og kalkylar
- kan gjere ei heilskapleg prisvurdering og utarbeide kalkylar
- kan vurdere organisasjonsstrukturen og kulturen og arbeidsmiljøet for å vidareutvikle verksemda
- kan kommunisere med, leie og motivere personalet på måtar som fremjar effektivitet og trivsel
- kan identifisere, analysere og utvikle kompetansen til medarbeidarane
- kan planleggje og gjennomføre gode rekrutteringsprosessar, frå behovsanalyse til introduksjon
- kan gjere greie for kjøpsprosessen i ulike marknader og vurdere kunden si kjøpsåtferd i desse
- kan vurdere val av marknadskommunikasjonstiltak i aktuelle medium og tilpasse bodskap til utvalde målgrupper i dei aktuelle media
- kan vurdere kva produkt bedrifta bør satse på, i kva marknader satsinga bør skje, og kva distribusjonskanalar ein bør nytte
- kan vurdere val av verksemds- og marknadsstrategi
Generell kompetanse
Studenten
- kan innanfor gitte tidsfristar, åleine og i samarbeid med andre, planleggje, gjennomføre, dokumentere og levere arbeidsoppgåver og prosjekt
- kan etablere, utvikle og leie ein organisasjon på måtar som fremjar både effektivitet, arbeidsmiljø, berekraft og samfunnsansvar
- har digital kompetanse til å søkje kunnskap og informasjon og kan tolke og bruke informasjonen i det vidare arbeidet
- kan kommunisere internt og eksternt og nytte digitale verktøy til dette
- kan utarbeide relevante faglege dokument som til dømes pristilbod, tiltaks-/handlingsplanar, arbeidsavtalar, møteinnkallingar med saksframlegg, forretningsplanar og marknadsplanar
- kan reflektere over samfunnsutviklinga og relatere utviklinga til bedrifta sin situasjon
4.2 Grunnlagsemne
Emne: Leiting og brønnplanlegging
Emne | Studiepoeng |
---|---|
Leiting og brønnplanlegging | 10 |
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om kva forhold som påverkar planlegginga av ein brønn i alle fasar, basert på kartlegging av reservoaret og dei geologiske forholda
- har kunnskap om ulike materiale og vedlikehald av innretningar og utstyr
- har kunnskap om logistikksystem og forsyningskjeder
- har kunnskap om digitale verktøy for brønnplanlegging, logistikk og vedlikehald av innretningar og utstyr
- har kunnskap om berekraftig utvikling, mellom anna med omsyn til klima, miljø, økonomi og sosiale forhold knytte til energisektoren
- kan vurdere sitt eige arbeid med omsyn til gjeldande regelverk og standardar
- kan oppdatere den yrkesfaglege kunnskapen sin om brønnplanlegging i eit berekraftig perspektiv
- kjenner til bransjens historie, eigenart og plass i samfunnet relatert til kartlegging, leiteaktivitet og feltutbygging
- har innsikt i eigne høve til fagleg utvikling
Ferdigheiter
Studenten
- kan nytte fagkunnskap på praktiske og teoretiske problemstillingar knytte til leiting og brønnplanlegging
- kan nytte digitale verktøy for brønnplanlegging, logistikk og vedlikehald av innretningar og utstyr
- kan gjere greie for val av berekraftige løysingar og materiale i samband med bygging av brønnar og med omsyn til krav som blir stilte til sikker drift og vedlikehald
- kan reflektere over si eiga fagutøving i samband med brønnplanlegging og justere denne under rettleiing
- kan finne og vise til informasjon og fagstoff og vurdere relevansen knytt til leiting og brønnplanlegging
- kan kartleggje ein situasjon i brønnplanleggingsfasen og identifisere faglege problemstillingar og behov for å setje i verk tiltak
Generell kompetanse
Studenten
- kan planleggje ein brønn som deltakar i ei gruppe og i tråd med etiske krav og retningslinjer
- kan gjennomføre vedlikehald av innretningar og utstyr, åleine og som deltakar i ei gruppe og i tråd med etiske krav og retningslinjer
- kan utføre arbeidet sitt i tråd med behova til oppdragsgivaren og krava frå myndigheitene
- kan byggje relasjonar med fagfellar og med personell frå relevante fagdisiplinar
- kan delta i diskusjonar og utveksle erfaringar med sikte på å utvikle god praksis innanfor leiting og brønnplanlegging
- kan bidra til organisasjonsutvikling ved å planleggje og setje i verk systematiske tiltak
- kan utvikle arbeidsprosedyrar innanfor brønnplanlegging og vedlikehald av innretningar og utstyr
Tema
- Geologi og kartleggingsmetodar (2 stp.)
- Brønnplanlegging (3 stp.)
- Materiallære og vedlikehald (3 stp.)
- Logistikk (1 stp.)
- Berekraftig utvikling (1 stp.)
Emne: Boring og komplettering
Emne | Studiepoeng |
---|---|
Boring og komplettering |
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om omgrep, teoriar, fysiske forhold, verktøy og utstyr som har betyding for optimal og sikker brønnbygging
- har kunnskap om utstyr som blir brukt i alle fasar under boring
- har kunnskap om boremetodar, boreproblem og boreparametrar som er viktige når ein skal gjennomføre ein sikker og effektiv boreoperasjon
- har kunnskap om utstyr og metodar som blir nytta for å komplettere ulike brønnar
- har kunnskap om funksjonane, eigenskapane og samansetjinga til ulike brønnvæsker og om laboratorietesting av slike
- har kunnskap om trykkforholda i ein brønn og trykkontrollutstyr som blir brukt i samband med bore- og brønnoperasjonar
- har kunnskap om ulike brønndrepingsmetodar
- har kunnskap om korleis arbeidet på ein bore- og brønninstallasjon kan utførast på ein sikker måte
- kan vurdere sitt eige arbeid i lys av relevant regelverk og relevante standardar
- kan oppdatere den yrkesfaglege kunnskapen sin om brønnbygging
- kjenner til brønnbyggingas historie, utvikling og plass i samfunnet med tanke på boring, komplettering og HMS
- har innsikt i eigne høve til fagleg utvikling
Ferdigheiter
Studenten
- kan nytte fagkunnskap på praktiske og teoretiske problemstillingar knytte til boring og komplettering av ein brønn
- kan gjere greie for val av teknologi, utstyr og væsker for brønnbygging
- kan gjere greie for val av trykkontrollutstyr i samband med bore- og brønnoperasjonar
- kan reflektere over si eiga fagutøving i samband med brønnbygging og justere denne under rettleiing
- kan finne og vise til informasjon og fagstoff og vurdere kor relevantdet er i samband med brønnbygging
- kan kartleggje ei brønnkontrollhending og handtere henne i samsvar med gjeldande regelverk og prosedyrar
- kan kartleggje ein situasjon og identifisere faglege problemstillingar i samband med boring og komplettering av ein brønn og kan setje i verk relevante tiltak
Generell kompetanse
Studenten
- kan planleggje og gjennomføre bore- og kompletteringsoperasjonar som deltakar i ei gruppe i tråd med etiske krav og retningslinjer
- kan utføre arbeidet sitt i tråd med behova til oppdragsgivaren og krava frå myndigheitene
- kan byggje relasjonar med fagfellar, operasjonelt personell frå relevante fagdisiplinar og eksterne målgrupper
- kan delta i diskusjonar og utveksle erfaringar med sikte på å utvikle god praksis innanfor brønnbygging
- kan bidra til organisasjonsutvikling ved å planleggje og setje i verk systematiske tiltak
- kan utvikle arbeidsprosedyrar innanfor boring og komplettering av ein brønn
Tema
- Borekunnskap med simulatorøving (2 stp.)
- Grunnleggjande trykkontroll (2 stp.)
- Brønnvæsker (2 stp.)
- Komplettering (2 stp.)
- HMS og kvalitet (2 stp.)
Emne: Produksjon og brønnvedlikehald
Emne | Studiepoeng |
---|---|
Produksjon og brønnvedlikehald | 10 |
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om drivverdigheit og val av utbyggingsløysingar for eit felt
- har kunnskap om omgrep, teoriar, fysiske forhold, verktøy og utstyr som har betyding for optimal og sikker produksjon og prosessering av hydrokarbon
- har kunnskap om korleis hydrokarbon er oppbygde og samansette, og korleis dei oppfører seg under ulike fysiske forhold
- har kunnskap om ulike reservoar- og brønnrelaterte utfordringar, årsaker og løysingar
- har kunnskap om styring og regulering av brønnar og produksjonsutstyr
- har kunnskap om hydraulisk og pneumatisk styring til bruk på havbotns- og plattformsystemer
- har kunnskap om verkemåten til måleutstyr og sensorar som blir nytta i boring, brønn og prosess
- har kunnskap om ulike metodar og ulikt utstyr for brønnvedlikehald
- kan vurdere sitt eige arbeid med omsyn til gjeldande regelverk og standardar
- kan oppdatere den yrkesfaglege kunnskapen sin om produksjon og brønnvedlikehald
- kjenner til oljeproduksjonens historie, utvikling og plass i samfunnet
- har innsikt i eigne høve til fagleg utvikling
Ferdigheiter
Studenten
- kan nytte fagkunnskap på praktiske og teoretiske problemstillingar knytte til produksjon og brønnvedlikehald
- kan gjere greie for val av måleutstyr og sensorar som blir nytta i boring, brønn og prosess
- kan gjere greie for val av metodar for brønnvedlikehald
- kan reflektere over val av styresystem, pådragsorgan og ventilar for havbotns- og plattformløysingar
- kan reflektere over kva konsekvensar brønnintervensjon kan ha på prosessystemet
- kan finne og vise til informasjon frå utstyrsdokumentasjon og fagstoff og bruke denne i samband med problemløysing og produksjonsoptimalisering
- kan kartleggje moglege produksjonsproblem og vurdere og setje i verk forbetrande tiltak
Generell kompetanse
Studenten
- kan planleggje og gjennomføre produksjonsforbetrande tiltak i samarbeid med andre fagdisiplinar med vekt på sikkerheit og det ytre miljøet
- kan utføre arbeidet sitt i tråd med behova til oppdragsgivaren og krava frå myndigheitene
- kan utvikle arbeidsmetodar og prosedyrar for energieffektiv produksjon og ditto brønnvedlikehald
- kan byggje relasjonar med fagfellar, operasjonelt personell frå relevante fagdisiplinar og eksterne målgrupper
- kan delta i diskusjonar og utveksle erfaringar med sikte på å utvikle god praksis innanfor produksjon og brønnvedlikehald
- kan bidra til organisasjonsutvikling ved å planleggje og setje i verk systematiske tiltak
Tema
- Produksjonsteknikk (3 stp.)
- Reguleringssystem (2 stp.)
- Hydraulikk (3 stp.)
- Brønnvedlikehald (2 stp.)
4.3 Fordjupingsemne
Emne: Prosessystem
Emne | Studiepoeng |
---|---|
Prosessystem | 15 |
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om korleis offshore prosessutstyr for oljestabilisering, gassbehandling og behandling av produsert vatn er oppbygd og fungerer
- har kunnskap om transport- og eksportrøyrleidningar og tilhøyrande utstyr
- har kunnskap om korleis prosessutstyr for råoljeraffinering og gassbehandling i landanlegg er oppbygd og fungerer
- har kunnskap om fysiske og kjemitekniske forhold relatert til roterande og stasjonært prosessutstyr og transportrøyrleidningar
- har kunnskap om teoriar og simulatormodellar som blir nytta innanfor olje- og gassprosess
- har kunnskap om korleis offshore prosessutstyr for behandling av injeksjonsvatn, kjølevatn, vatn til dampsystem og drikkevassproduksjon er oppbygd og fungerer
- har kunnskap om korleis kjølesystem, dampsystem og kraftforsyning er oppbygde, og om energiforhold knytte til desse systema
- kjenner til olje- og gassindustriens historie, tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet knytt til energioptimalisering og reduksjon av CO2-utslepp
- kan oppdatere den yrkesfaglege kunnskapen sin i samband med nye tekniske løysingar for roterande og stasjonært prosessutstyr
- har innsikt i eigne høve til fagleg oppdatering gjennom intern opplæring og kurs frå utstyrsleverandørar
- kan vurdere sitt eige prosesstekniske arbeid med utstyr i lys av gjeldande standardar og regelverk med fokus på operasjonell sikkerheit og kvalitet
- har bransjekunnskap og kjennskap til olje- og gassprosess
Ferdigheiter
Studenten
- kan gjere greie for faglege val i samband med prosessutstyrsdrift
- kan gjere greie for faglege val av utstyrsløysingar når det oppstår operative problemstillingar
- kan nytte fagleg kunnskap for å planleggje og setje i verk nødvendige tiltak i prosessen for kontinuerleg forbetringsarbeid inklusiv reduksjon av CO2-utslepp
- kan reflektere over tilstanden til prosessen og vurdere tiltak ut frå utstyrstekniske behov
- kan finne og nytte informasjon frå utstyrsdokumentasjon og relevant fagstoff og bruke dette i samband med problemløysing og optimalisering
- kan kartleggje ein operasjonell situasjon og identifisere relevante problemstillingar knytte til roterande og stasjonært prosessutstyr, med vekt på sikker og energieffektiv drift
- kan nytte relevante faglege verktøy som prosessteikningar og simulatorar
- kan nytte verktøy og metodar for å vareta samarbeid og god kommunikasjon på arbeidsplassen
Generell kompetanse
Studenten
- kan planleggje og gjennomføre driftstekniske arbeidsoppgåver og prosjekt, åleine og som deltakar i ei gruppe, i tråd med dei etiske krava som varetek miljø, personell, økonomi og materiell
- kan utføre prosesstekniske arbeidsoppgåver og bidra til å drifte prosessutstyret etter spesifikasjonar og krav frå operatøren og kundane
- kan utvikle arbeidsmetodar og prosedyrar for drift og vedlikehald og kvalitetssikre produkta frå prosessen
- kan byggje relasjonar med fagfellar på tvers av fagfelt og med bransjegrupper, utstyrsleverandørar og fagforeiningar
- kan utveksle synspunkt med andre med bakgrunn frå prosessindustrien og delta i diskusjonar om utvikling av sikker og energieffektiv drift av utstyr
- kan bidra til organisasjonsutvikling gjennom ein heilskapleg planleggings- og sikkerheitskultur
Tema
- Produksjonsutstyr, røyrleidningar og energiforhold (8 stp.)
- Sentrale hjelpesystem (2 stp.)
- Simulatortrening (2 stp.)
- Reinsesystem for vatn (3 stp.)
Emne: Produksjonsoptimalisering
Emne | Studiepoeng |
---|---|
Produksjonsoptimalisering | 10 |
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om HMS-forhold knytte til produksjon og vedlikehald av olje- og gassystem
- har kunnskap om samanhengen mellom HMS, kvalitet, tid og økonomi i olje- og gassproduksjonen
- har kunnskap om kjemiske og fysiske forhold som påverkar produktkvalitet og energieffektiv produksjon
- har kunnskap om teoriar og simulatormodellar for produksjonsoptimalisering
- kan vurdere sitt eige arbeid med produksjonsoptimalisering i lys av gjeldande standardar og regelverk
- kjenner til produksjonsoptimaliseringa si historie og betyding
- kan oppdatere den yrkesfaglege kunnskapen sin i samband med nye tekniske løysingar for optimalisering av prosessanlegget
- har innsikt i eigne høve til fagleg oppdatering gjennom intern opplæring og deltaking i fagforum
Ferdigheiter
Studenten
- kan gjere greie for val av løysing for optimalisert olje- og gassproduksjon
- kan nytte fagkunnskap og dataverktøy for å simulere og vurdere ulike metodar for optimalisert produksjon
- kan reflektere over tilstanden til reservoaret, brønnen og prosessen og vurdere kjemikalietilsetjingar som kan gi ein sikrare og meir effektiv produksjon
- kan finne og nytte dokumentasjon om system, utstyr og produkt og relevant fagstoff i samband med produksjonsoptimalisering
- kan kartleggje ein operasjonell situasjon, identifisere prosesskjemiske problemstillingar og foreslå løysingar på desse for å oppnå sikker og effektiv drift
- kan reflektere over si eiga fagutøving i samband med HMS- og vedlikehaldsarbeid og justere denne under rettleiing
- kan nytte verktøy og metodar for å vareta samarbeid og god kommunikasjon på arbeidsplassen
Generell kompetanse
Studenten
- kan planleggje og gjennomføre produksjonsoptimaliserande arbeidsoppgåver og delta i prosjekt i tråd med gjeldande etiske krav som varetek miljø, personell og materiell
- kan utføre arbeidsoppgåver for produksjonsoptimalisering etter krava frå operatøren og myndigheitene
- kan byggje relasjonar med fagfellar på tvers av fagfelt og med prosjekt- og bransjegrupper og utstyrs- og kjemikalieleverandørar
- kan utvikle arbeidsmetodar og prosedyrar for HMS og vedlikehald
- kan utveksle synspunkt med andre med bakgrunn frå produksjonsoptimalisering og delta i diskusjonar om korleis drift og vedlikehald kan utviklast i ei sikker og energieffektiv retning
- kan bidra til organisasjonsutvikling gjennom ein heilskapleg planleggings- og sikkerheitskultur
Tema
- HMS med barrierefilosofi (3 stp.)
- Prosessimulering (1 stp.)
- Auka oljeutvinning (3 stp.)
- Produksjonskjemi (3 stp.)
Emne: Reguleringsteknikk og sikkerheitssystem
Emne | Studiepoeng |
---|---|
Reguleringsteknikk og sikkerheitssystem | 10 |
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om relevant måle- og reguleringsutstyr for olje- og gassbehandling og kan forklare oppbygging, verkemåte til og hensikt med dette utstyret
- har kunnskap om fysiske og kjemiske forhold ved måleteknisk utstyr
- veit korleis integriteten til prosessanlegget og sikkerheita til dei tilsette er vareteken ved hjelp av sikkerheitsutstyr
- har kunnskap om teoriar og simulatormodellar for reguleringsteknikkar og sikkerheitssystem
- kan vurdere sitt eige arbeid i lys av standardar, prosedyrar og gjeldande lovverk for å vareta operasjonell sikkerheit og kvalitet
- kan oppdatere den yrkesfaglege kunnskapen sin i samband med nye tekniske løysingar innanfor måle-, regulerings- og sikringsutstyr
- har innsikt i eigne høve til fagleg oppdatering gjennom intern opplæring og kurs frå utstyrsleverandørar
- har den bransjekunnskapen som krevst for å samarbeide med automatikarar og utstyrsleverandørar
- kjenner til automasjonsfagets historie, utvikling og plass i samfunnet
Ferdigheiter
Studenten
- kan gjere greie for faglege val av reguleringstekniske løysingar i ulike driftssituasjonar
- kan nytte fagkunnskap for å planleggje og setje i verk nødvendige tiltak i samarbeid med automatikar for å sikre trygg og energieffektiv drift av prosessutstyr
- kan reflektere over tilstanden til prosessen og vurdere reguleringstekniske tiltak i samarbeid med andre faggrupper
- kan finne og nytte informasjon frå system- og utstyrsdokumentasjon og relevant fagstoff og vurdere relevansen i samband med problemløysing og optimalisering
- kan kartleggje ein operasjonell situasjon og identifisere relevante problemstillingar knytte til regulering av roterande og stasjonært prosessutstyr, med vekt på sikker og energieffektiv drift
Generell kompetanse
Studenten
- kan planleggje og gjennomføre arbeidsoppgåver innanfor måle- og reguleringsteknikk som deltakar i ei gruppe og i tråd med dei etiske krava som varetek miljø, personell og materiell
- kan utføre funksjonstestar på sikrings- og reguleringsutstyr etter krav frå operatøren og myndigheitene
- kan byggje relasjonar med fagfellar på tvers av fagfelt og med bransjegrupper, utstyrsleverandørar og fagforeiningar
- kan utveksle synspunkt med andre med bakgrunn frå prosess- og automasjonsfaget og delta i diskusjonar om utvikling av sikker og energieffektiv drift av prosessanlegg
- kan bidra til organisasjonsutvikling gjennom positiv oppfølging og bruk av aktuelle retningslinjer og driftsprosedyrar for sikrings- og automatiseringssystem
- kan utvikle arbeidsmetodar og prosedyrar for funksjonstesting av måle-, regulerings- og sikringsutstyr i samarbeid med andre faggrupper
Tema
- Måle- og reguleringsteknikk (7 stp.)
- Sikkerheitssystem (3 stp.)
Emne: Hovudprosjekt
Emne | Studiepoeng |
---|---|
Hovudprosjekt | 10 |
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om korleis ein skriv ein prosjektrapport
- har særskild kunnskap om eit sjølvvalt tema med ei problemstilling innanfor fordjupinga
- har kunnskap om korleis ein innhentar informasjon om temaet for eit hovudprosjekt
- har kunnskap om samanhengen mellom teori og praksis
- kan vurdere sitt eige prosjekt i lys av gjeldande normer og krav
- kjenner til bransjen/yrka som er knytte til temaet i hovudprosjektet
Ferdigheiter
Studenten
- kan gjere greie for valet av tema for hovudprosjektet
- kan identifisere, kartleggje og vurdere ei fagleg problemstilling
- kan delta i teamarbeid, planleggje, kommunisere og presentere prosjektarbeid og resultat
- kan skrive ein rapport om eit prosjekt
- kan drøfte samanhengen mellom teori og praksis
- kan reflektere over sitt eige prosjekt og justere dette under fagleg rettleiing
- kan finne og vise til informasjon og fagstoff for å vurdere om ei problemstilling er relevant i eit prosjekt
Generell kompetanse
Studenten
- kan planleggje og gjennomføre eit prosjektarbeid, åleine og som deltakar i ei gruppe, i tråd med formelle og etiske krav og retningslinjer
- har utvikla eit medvit rundt prosjektarbeid og kan fordjupe seg i temaet som dannar grunnlaget for prosjektet, og tenkje kreativt og nyskapande
- kan utføre eit prosjektarbeid i tråd med behova til bedrifta eller arbeidsgivaren
- kan utveksle synspunkt med andre i gruppa eller bedrifta og delta i diskusjonar om utviklinga av eit prosjekt