Olje- og gassbehandling
Nasjonale planar3. Overordna læringsutbytte
Kunnskap
Kandidaten
- har kunnskap om korleis ein planlegg å bore, komplettere og halde ved like ein brønn på ein sikker og berekraftig måte
- har kunnskap om barrierefilosofi for brønn og prosess
- har kunnskap om offshore prosess og prosessutstyr og landbaserte anlegg
- har kunnskap om optimalisering av prosessen med fokus på energieffektivitet og reduksjon av CO2-utslepp
- har kunnskap om helse-, miljø- og sikkerheitsforhold knytte til olje- og gassprosess
- kan vurdere eige prosessteknisk arbeid på bakgrunn av regelverk og standardar
- kan oppdatere den yrkesfaglege kunnskapen sin gjennom internopplæring, erfaringslæring og deltaking i faglege fellesskap
- forstår historia til sin eigen bransje og veit kor viktig bransjen er for verdiskaping, samfunnsutvikling og framtidig energiomstilling
- har kunnskap om økonomistyring, marknadsføring, organisasjon og leiing
- har innsikt i eigne utviklingsmoglegheiter innanfor prosessfaget
Ferdigheiter
Kandidaten
- kan gjere greie for val i samband med operative løysingar innanfor olje- og gassprosess og val av prosessutstyr med tanke på sikkerheit, energioptimalisering, klima og miljø
- kan nytte prosesskunnskap på praktiske og teoretiske problemstillingar
- kan finne og vise til systemdokumentasjon og aktuelt fagstoff og vurdere relevansen for ei yrkesfagleg problemstilling
- kan kartleggje ein operasjonell situasjon og identifisere relevante problemstillingar med vekt på sikker og energieffektiv drift
- kan identifisere behov for å setje i verk korrektive tiltak etter gjeldande prosedyrar
Generell kompetanse
Kandidaten
- forstår kva arbeidsoperasjonar knytte til boring, komplettering og brønnintervensjon betyr for effektiv produksjon og ressursutnytting
- kan utføre prosesstekniske arbeidsoppgåver og bidra til å drifte prosessanlegget etter spesifikasjonar og krav frå operatøren, kundane og myndigheitene.
- kan planleggje og gjennomføre prosesstekniske arbeidsoppgåver og prosjekt, åleine og som deltakar i ei gruppe, i tråd med dei etiske krava som varetek miljø, personell og materiell
- kan byggje relasjonar med fagfellar innanfor prosess og nærståande fag på tvers av fagfelt, og med myndigheiter og fagforeiningar
- kan utveksle synspunkt med andre med bakgrunn frå prosessindustrien og delta i diskusjonar om utvikling av energieffektiv og sikker praksis
- kan bidra til organisasjonsutvikling og HMS-arbeid gjennom proaktiv bruk av prosedyrar, arbeidsløyvesystem og sikkerjobb-analysar
- kan utvikle arbeidsmetodar og bidra til kontinuerleg forbetringsarbeid