Barsel- og barnepleie
Nasjonale planar5. Emnebeskrivingar
Læringsutbyttebeskrivingane på emnenivå (E-LUB) i denne planen er ikkje utfyllande og må reknast som rettleiande. Det er opp til den enkelte fagskulen å utvikle dekkjande E-LUB som òg tek vare på eigenart og lokale faktorar gjennom eigne studieplanar. Den enkelte fagskulen går kvart år gjennom E-LUB i studieplanane sine i tråd med eigne kvalitetssikringsrutinar.
5.1 Emne 1: Etikk, samhandling og kommunikasjon
10 studiepoeng
Det innleiande emnet er felles for helsefaglege fagskuleutdanningar. Formålet med emnet er å gi studentane ei god innføring i grunnleggjande forståing av fagfeltet og yrkesutøvinga. Studentane får innføring i studieteknikk og oppgåveskriving på høgare yrkesfagleg nivå. Emnet legg vekt på kommunikasjonsverktøy, relasjonskompetanse og konflikthandtering. Etikken blir framstilt som sentral og er gjennomgåande i heile emnet.
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om yrkes- og bransjeetiske prinsipp og dilemma, relevante teoriar og arbeidsmåtar og etisk refleksjon som verktøy
- har kunnskap om mangfald, migrasjonshelse, ulike kulturar og urfolk og kan nytte denne kunnskapen i møte med tenestemottakarar og samarbeidspartnarar
- har kunnskap om gruppeprosessar, kriseteori og konflikthandtering
- har innsikt i relevant lovverk og offentlege dokument som regulerer fagfeltet, brukarmedverknad og organisering av tilbod i sektoren
- har bransjekunnskap og kjennskap til grunnleggjande sosialpsykologiske prinsipp og korleis dei kan påverke enkeltindividet, familien og det sosiale nettverket deira
- kan oppdatere den yrkesfaglege kunnskapen sin om teknologiske løysingar og korleis desse kan påverke samhandlinga med tenestemottakaren, dei pårørande og samarbeidspartnarar
- forstår kor viktig det er med kompetanse om relasjonsbygging, kommunikasjon og samhandling i eige yrke, både i møte med sårbare personar og i eit samfunns- og verdiskapingsperspektiv
Ferdigheiter
Studenten
- kan nytte fagleg kunnskap om yrkes- og bransjeetiske prinsipp og dilemma som grunnlag for refleksjon over teoretiske og praktiske problemstillingar
- kan nytte fagleg kunnskap om teknologiske løysingar til å løyse praktiske og teoretiske problemstillingar på ein forsvarleg og etisk bevisst måte
- kan nytte teknikkar innanfor relasjonsbygging, kommunikasjon og samhandling og andre faglege verktøy som er relevante for yrkesutøvinga
- kan finne relevant informasjon og fagstoff, og lovverk, forskrifter og stortingsmeldingar som er sentrale for yrkesutøvinga
- kan kartleggje ein situasjon og identifisere faglege problemstillingar og behov for tiltak knytte til mangfald og migrasjonshelse og i møte med ulike kulturar og urfolk
Generell kompetanse
Studenten
- forstår yrkes- og bransjeetiske prinsipp og dilemma og korleis dei kan påverke samhandlinga mellom tenesteytaren og tenestemottakaren
- har utvikla ei etisk grunnhaldning i yrkesutøvinga som kjem til uttrykk gjennom refleksjon over eiga yrkesutøving og gjennom kommunikasjon og samhandling med tenestemottakarar og samarbeidspartnarar
- kan utføre arbeidet sitt på ein lovmessig og fagleg og etisk forsvarleg måte ut frå tenestemottakarane sine behov, med fokus på å fremje eit heilskapleg menneskesyn
- kan byggje relasjonar med fagfellar, tenestemottakarar og samarbeidspartnarar basert på haldningar og verdiar knytte til eit heilskapleg menneskesyn, likeverd og respekt
- kan utvikle arbeidsmetodar, produkt og/eller tenester som baserer seg på behova og utfordringane til tenestemottakaren, og som har relevans for yrkesutøvinga
Tema
1a. Etikk
- Etiske teoriar og prinsipp
- Etiske dilemma
- Etikk og teknologi
- Heilskapleg menneskesyn
1b. Samhandling og kommunikasjon
- Brukarperspektivet
- Relasjonskompetanse og relasjonsbygging
- Kommunikasjon i samhandling med tenestemottakarar og samarbeidspartnarar
- Gruppeprosess og konflikthandtering
1c. Lover og forskrifter
- Lover, forskrifter og offentlege dokument som er relevante for studentane på utdanninga og for tenestemottakarane
1d. Sosiologi og psykologi
- Utviklingspsykologi
- Sosiale roller
- Migrasjonshelse, kultur, mangfald og urfolk
5.2 Emne 2: Svangerskaps-, fødsels- og barselomsorg
14 studiepoeng
Emnet omhandlar svangerskapet, fødselsprosessen og komplikasjonar som kan oppstå før, under og etter fødsel. Studenten får kunnskap om observasjon, oppfølging og rettleiing av føde-/barselkvinna, med fokus på fysisk og psykisk helse i tillegg til amming og tilknyting.
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om det normale svangerskapet, normal fosterutvikling og gravide kvinners fysiske og psykiske forandringar og plager i svangerskapet
- har kunnskap om risikosvangerskap og neonatal påverknad
- har kunnskap om den naturlege fødselsprosessen
- har kunnskap om komplikasjonar som kan oppstå under ein fødsel, og om indikasjonar for assistert fødselshjelp
- har kunnskap om observasjon og pleie av den fysiske og psykiske helsa til barselkvinna
- har kunnskap om faktorar som kan forstyrre samspelet mellom mor og barn
- har kunnskap om amming, ammerettleiing og alternativ til amming
- har kunnskap om førebyggjande og helsefremjande arbeid i barseltida
- har innsikt i lovverk, retningslinjer og prosedyrar som er knytte til svangerskap og arbeidet med den fødande, barselkvinna og partnaren
- kan oppdatere kunnskapen sin om den fødande og barselkvinna
- forstår barsel- og barnepleiaren si rolle innanfor foreldrerettleiing med tanke på å oppfylle barnets behov
Ferdigheiter
Studenten
- kan nytte observasjons- og kartleggingsverktøy i pleie av sjuke gravide, fødande og barselkvinner
- kan nytte fagleg kunnskap til å rettleie og undervise omsorgspersonar i stell og observasjon av nyfødde barn
- kan nytte kommunikasjon for å informere og vareta omsorgspersonar
- kan nytte observasjon og rettleiing om amming og kjenner til ulike hjelpemiddel
- kan nytte refleksjon som eit verktøy til å fremje samspel mellom mor, omsorgspersonar og barn
- kan finne og vurdere informasjon, prosedyrar og fagstoff somer relevant for pleie av og omsorg til sjuke gravide, fødande og barselkvinner
- kan kartleggje og identifisere kva behov den fødande, barselkvinna og omsorgspersonar har for kunnskap, støtte og rettleiing
Generell kompetanse
Studenten
- forstår, kjenner og respekterer kompetanseområdet sitt og det sjølvstendige ansvaret i arbeidet med sjuke gravide, fødande, barselkvinner og omsorgspersonar
- har utvikla ei etisk grunnhaldning i utøvinga av arbeidet sitt i møte med folk frå forskjellige kulturar og med forskjellige behov
- har utvikla evne til sjølvinnsikt og forheld seg kritisk og reflektert i møte med den gravide, den fødande, barselkvinna og omsorgspersonar
- kan utføre arbeidet sitt i tråd med behova til den sjuke gravide og barselkvinna
- kan byggje relasjonar med andre yrkesgrupper og samarbeide tverrfagleg til beste for sjuke gravide, fødande og barselkvinner
- kan utvikle og oppdatere kunnskap og ferdigheiter innanfor fagfeltet barsel- og barnepleie gjennom erfarings- og kunnskapsdeling
Tema
1a. Normalt svangerskap
- Alternative befruktingsmetodar
- Vanlege årsaker til ufrivillig barnløyse
- Sikre og usikre teikn på graviditet
- Normal fosterutvikling
- Fysiologiske forandringar
- Alminnelege plager i svangerskapet
- Organisatorisk oppfølging av svangerskapet
- Livsførsel
- Psykiske reaksjonar i samband med graviditet
- Kulturell forståing av svangerskap og fødsel
- Lovverk og nasjonale retningslinjer for svangerskapsomsorga
1b. Komplikasjonar
- Dei vanlegaste komplikasjonane
- Alvorlege komplikasjonar
- Aktuelle former for behandling og verknaden deira
- Observasjon, pleie og tiltak retta mot inneliggjande gravide kvinner
2a. Naturleg fødselsprosess
- Innlegging på fødeavdelinga
- Kjenneteikn på at fødselen er i gang
- Fasar i den normale fødselsprosessen
- Den aktive fødselsprosessen
- Hygieniske prinsipp i samband med fødsel
- Prosedyrar ved smittsame sjukdommar
- Bedøving og smertelindrande tiltak
- Samhandling og varetaking av personar med ulik kulturell bakgrunn
2b. Komplikasjonar under fødsel
- Vanlege komplikasjonar
- Iverksetjing av tiltak
- Omsorg for far/pårørande
- Kriser og traume
- Dødfødsel
2c. Vanlege inngrep i samband med fødsel
- Igangsetjing av fødsel
- Dei vanlegaste inngrepa
- Verknader og biverknader av aktuelle legemiddel
3a. Anatomiske, fysiske og psykiske forandringar
- Normale forandringar
- Psykiske reaksjonar og sosiale utfordringar knytte til svangerskap, fødsel og barseltid
3b. Pleie- og omsorgsoppgåver knytte til barselkvinna
- Fysiologiske, sosiologiske, psykiske og åndelege forhold
- Komplikasjonar i barseltida
- Bruk av kartleggings- og observasjonsverktøy i arbeidet med barselkvinna
- Hygieniske prinsipp
- Omsorg for familien når barnet blir flytta over til nyføddintensiv avdeling
- Krisereaksjonar og bearbeiding av desse
- Pre- og perinatalpalliasjon
- Samhandling og varetaking av personar med ulik kulturell bakgrunn
3c. Amming
- Brystets anatomi
- Morsmjølkas innhald og betyding
- Ammestillingar
- Ammeproblem
- Observasjonar, råd og rettleiing i samband med amming
- Amming av barn med spesielle behov
- Morsmjølkerstatningar
- Handmjølking
- Hjelpemiddel
- Kvinner som av ulike årsaker ikkje ammar barnet sitt
- Mor–barn-vennleg initiativ (MBVI)
- Ammehjelpa
5.3 Emne 3: Omsorg for og pleie av nyfødde og premature barn
6 studiepoeng
Emnet tek for seg det nyfødde barnet og observasjonar, omsorg, ernæring og pleie retta mot behova til barnet. Utviklingstilpassa neonatal omsorg for det premature barnet står sentralt, og studenten vil få innføring i årsaker til prematur fødsel og observasjon, pleie og ernæring av det premature barnet.
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om faglege vurderingsverktøy og strukturert kommunikasjon for å vareta nyfødde og premature barn i eit tverrfagleg samarbeid
- har kunnskap om dei vanlegaste sjukdommane og komplikasjonane som kan oppstå hos nyfødde og premature barn, og behandling av desse
- har kunnskap om årsaker til prematur fødsel og om observasjon og pleie av premature barn
- har kunnskap om NIDCAP-modellen og det viktige samspelet mellom det premature barnet og omsorgspersonane
- har innsikt i lovverk, retningslinjer og prosedyrar knytte til arbeidet med nyfødde og premature barn og omsorgspersonane deira
- kan oppdatere kunnskapen sin om helsefremjande og førebyggjande arbeid retta mot nyfødde og premature barn
Ferdigheiter
Studenten
- kan nytte observasjon for å identifisere behova til det nyfødde og premature barnet og initiere adekvat stell og pleie
- kan nytte samspelsrettleiinga og NIDCAP-metoden i arbeidet med premature barn og omsorgspersonane deira
- kan finne, vurdere og nytte oppdatert informasjon og fagstoff relatert til arbeidet med nyfødde og premature barn
- kan kartleggje behova til nyfødde og premature barn ved hjelp av faglege verktøy og involvere andre yrkesgrupper ut frå funn og kliniske observasjonar
Generell kompetanse
Studenten
- forstår kor viktig samspelet mellom omsorgspersonane og det nyfødde/premature barnet er, og kan bidra til å leggje til rette for tilknyting mellom dei
- forstår etiske problemstillingar og kan reflektere over eigen praksis og grunngi vurderingane sine fagleg, etisk og juridisk i arbeidet med nyfødde og premature barn
- kan byggje relasjonar med andre yrkesgrupper og delta aktivt i tverrfagleg samarbeid for å fremje eit optimalt helse- og omsorgsnivå for nyfødde og premature barn og omsorgspersonane deira
- kan gi pleie og omsorg til nyfødde og premature barn ved å vareta dei individuelle behova deira
Tema
1. Det nyfødde barnet: oppfølging, sjukdommar og komplikasjonar
- Normale anatomiske og fysiologiske forhold hos det nyfødde barnet
- Observasjon og behandling av sjukdommar, komplikasjonar og tilstandar hos nyfødde
- Rutineundersøking av barnet
- Barnestell og bading
- Navlestell
- Arbeidet til helsestasjonen
2. Årsaker til prematuritet
- Tidlegare premature fødslar
- Komplikasjonar hos mor
- Dysmaturitet og vekstretardasjon
- Misdanningar hos barnet
- Fleirfødsel
- Bruk av rusmiddel
3. Observasjon og pleie av det premature barnet
- Akuttfasen
- Sjukdomsbiletet hos det premature barnet
- Utviklingstilpassa neonatal omsorg, NIDCAP, kengurumetoden
- Samspelsrettleiing
- Neonatalt abstinenssyndrom
- Infeksjonar hos barnet
- Observasjonar av allmenntilstand, puls, respirasjon og farge
- Krisereaksjonar og bearbeiding av desse
4. Ernæring
- Morsmjølk og bankmjølk
- Ernæringsmetodar og administrering av sondeernæring
- Morsmjølkerstatningar
5.4 Emne 4: Sjukepleie for barn 0–18 år
8 studiepoeng
Emnet handlar om barnets normale utvikling og tek sikte på å gjere studenten i stand til å identifisere avvik ved sjukdom. Dei vanlegaste sjukdommane blir framheva, og det blir lagt vekt på korleis studenten skal kartleggje og observere det sjuke barnet og familien og setje i verk tiltak og gi omsorg til dei i eit tverrfagleg samarbeid.
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om barns normale utvikling i alderen 0–18 år og kva faktorar som kan true denne utviklinga
- har kunnskap om dei vanlegaste sjukdommane blant barn og unge og om symptom og behandling av desse
- har kunnskap om sorg- og krisereaksjonar hos barn, unge, søsken og omsorgspersonar
- har kunnskap om etiske prinsipp, relasjonsbygging og målretta kommunikasjon i varetakinga av sjuke barn og unge og omsorgspersonane deira
- har innsikt i lovverk, retningslinjer og prosedyrar knytte til arbeidet med sjuke barn og unge og omsorgspersonane deira
- kan oppdatere kunnskapen sin om faglege vurderingsverktøy og strukturert kommunikasjon for å vareta sjuke barn og unge i eit tverrfagleg samarbeid
- kan oppdatere kunnskapen sin om førebyggjande og helsefremjande arbeid for å vareta livskvaliteten, trivselen og helsa til barn og unge
Ferdigheiter
Studenten
- kan kommunisere og samhandle med barn og unge for å skape og halde oppe tillit med utgangspunkt i alder og utviklingstrinn, opplevingar og situasjon
- kan nytte kunnskap om ulike kommunikasjonsverktøy for å registrere, vurdere og rapportere tilstanden til sjuke barn og unge
- kan kartleggje tilstanden til barnet og identifisere forverring ved bruk av standardiserte observasjons- og kartleggingsverktøy og setje i verk tiltak i samarbeid med andre yrkesgrupper
- kan finne og nytte oppdatert informasjon og fagstoff for å førebu og rettleie barn, unge og omsorgspersonar før og under undersøkingar, prosedyrar og behandling
- kan kartleggje og identifisere behov og støtte som barn og unge og deira søsken og omsorgspersonar treng for å bearbeide sorg- og krisereaksjonar
Generell kompetanse
Studenten
- kan gi pleie og omsorg til sjuke barn ved å vareta dei individuelle behova deira
- har utvikla ei etisk grunnhaldning i arbeidet med sjuke barn og deira søsken og omsorgspersonar
- kan utføre, vurdere og reflektere over arbeidet sitt med sjuke barn på ein profesjonell og etisk forsvarleg måte i samarbeid med anna helsepersonell og omsorgspersonar
- kan utføre systematisk kartlegging og observasjon av tilstanden til sjuke barn i samarbeid med aktuelle yrkesgrupper og etter gjeldande prosedyrar
- kan byggje relasjonar og samarbeide med barn og unge og omsorgspersonane deira ved å ta omsyn til ønske, ressursar og tilstand
- har forståing for eigen kompetanse om sjuke barn og omsorgspersonane deira og kan byggje relasjonar tverrfagleg og på ulike tenestenivå for kompetanseutveksling
Tema
1. Barnets normale utvikling
- Vekst og fysisk og motorisk utvikling
- Tilknyting og kognitiv og psykososial utvikling
- Språkutvikling og terapeutisk leik
- Psykiske utfordringar og andre faktorar som kan true barns helse og normale utvikling
- Ungdomshelse
2. Førebygging og behandling av vanlege sjukdommar hos barn
- Førebyggjande og helsefremjande arbeid blant barn og unge
- Barn på sjukehus
- Vanlege kirurgiske og medisinske sjukdommar
- Barn med funksjonsnedsetjingar og syndrom
- Smerte og smertevurdering hos barn
- Behandling av sjukdommar
- Kartlegging, observasjon, vurdering og tiltak ut frå barnets ressursar, behov og tilstand
- Legemiddel til barn
3. Omsorg for det sjuke barnet og dei pårørande
- Tverrfagleg samarbeid
- Samtale med sjuke barn
- Omsorgssvikt
- Varetaking av og samarbeid med pårørande og søsken
- Palliativ behandling av barn
- Taps-, sorg- og krisereaksjonar og bearbeiding av desse
- Lovfesta rettar for barn og unge som er innlagde på helseinstitusjon
- Hjelpeinstansar og støtteforeiningar i samband med sjukdom, syndrom og funksjonshemmingar hos barn
5.5 Emne 5: Praksis i barsel- og barnepleie
15 studiepoeng
Praksis er ein obligatorisk del av studietida og skal bidra til å utvide studenten sitt teoretiske kunnskapsgrunnlag til praktisk forståing. Studenten skal utvikle evna til observasjon og refleksjon. Gjennom praksis skal studenten oppnå eit læringsutbyte som speglar innhaldet i teoriemna. Praksis skal gjennomførast på føde-/barsel- og barneavdeling eller eventuelt annan barnepraksis.
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om kva som kjenneteiknar den naturlege fødselsprosessen, indikasjonar for assistert fødselshjelp og komplikasjonar som kan oppstå under ein fødsel
- har kunnskap om observasjons- og vurderingsverktøy til bruk i arbeidet med å kartleggje ressursar, behov og funksjonsnivå hos den fødande, barselkvinna og det nyfødde, premature og sjuke barnet
- har kunnskap om verdiar, målretta kommunikasjon og etiske prinsipp for å kunne byggje gode relasjonar til fødekvinna, barselkvinna, barnet, pårørande og kollegaer
- har kunnskap om organiseringa av helsevesenet rundt den fødande, barselkvinna og det nyfødde, premature og sjuke barnet, og kjennskap til ansvar og oppgåver som er lagde til aktørar og samarbeidspartnarar på forskjellige avdelingar
- har innsikt i sentrale lover, forskrifter, retningslinjer og prosedyrar som regulerer rettar og plikter og gir tilrådingar på fagfeltet barsel- og barnepleie
- forstår kor viktig yrkesfeltet barsel- og barnepleie er i eit folkehelse- og samfunnsperspektiv
Ferdigheiter
Studenten
- kan nytte kunnskap om kvinner i svangerskap, fødsel og barseltid og om barnet frå 0 til 18 år for å delta i behandling og pleie ut frå individuelle behov og for å setje i verk tiltak i samarbeid med andre fagpersonar
- kan nytte observasjons- og kartleggingsverktøy for å delta i behandling og pleie av gravide med komplikasjonar, fødande, barselkvinner og nyfødde og sjuke barn
- kan gi omsorgspersonar rettleiing og undervisning i stell og pleie av nyfødde og sjuke barn
- kan nytte ulike kommunikasjonsformer og teknikkar og samhandling til å skape tillit og førebu og rettleie barselkvinner, barn på varierande alderstrinn og modningsnivå og omsorgspersonane deira
- kan nytte refleksjon i eigen praksis og grunngi vurderingane sine fagleg, etisk og juridisk for å vareta integriteten til den fødande, barselkvinna og det sjuke barnet
- kan finne og nytte informasjon og fagstoff som er relevant for problemstillingar i praksis innanfor yrkesfeltet barsel- og barnepleie
- kan kartleggje og observere behova til premature barn og gi utviklingstilpassa neonatalt stell og neonatal pleie
- kan kartleggje og identifisere faglege og etiske problemstillingar og behov for å setje i verk tiltak knytte til fødande, nyfødde, barselkvinner, sjuke barn og omsorgspersonar
Generell kompetanse
Studenten
- har utvikla ei etisk grunnhaldning og kjenner og respekterer kompetanseområdet sitt og det sjølvstendige ansvaret i arbeidet med fødande, barselkvinner, nyfødde, sjuke barn og omsorgspersonar i samarbeid med anna helsepersonell
- kan gi pleie og omsorg til fødande, barselkvinner, nyfødde, sjuke barn og omsorgspersonar ut frå individuelle behov
- kan gi utviklingstilpassa neonatal omsorg på ein profesjonell og etisk forsvarleg måte i samarbeid med omsorgspersonar og helsepersonell
- kan byggje relasjonar med målgrupper, kollegaer og interne og eksterne samarbeidspartnarar for å kvalitetssikre og vidareutvikle kompetansen sin innanfor fagfeltet barsel- og barnepleie
- kan utvikle arbeidsmetodar gjennom rettleiing og erfarings- og kunnskapsdeling innanfor barsel- og barnepleie i samarbeid med andre yrkesgrupper
5.6 Emne 6: Fordjuping i barsel- og barnepleie
7 studiepoeng
Studenten skal skrive ei obligatorisk fordjupingsoppgåve om eit sjølvvalt tema og ei sjølvvald problemstilling som tek utgangspunkt i det overordna læringsutbyttet for utdanninga. Studenten skal gjennom fordjupingsoppgåva vise refleksjon og evne til å nytte relevant teori og praksiserfaring for å drøfte den aktuelle problemstillinga. Fordjupingsarbeidet kan gjennomførast individuelt eller i gruppe. Studenten skal ha tilbod om rettleiing under arbeidet med fordjupingsoppgåva.
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om undersøkingsmetodar, standardiserte observasjons- og vurderingsverktøy og kommunikasjonsverktøy som blir nytta i oppfølging og pleie av barselkvinner og nyfødde, premature og sjuke barn
- har kunnskap om befruktning, fosterutvikling, fysiske og psykiske endringar og plager i svangerskapet og neonatal påverknad
- har kunnskap om den naturlege fødselsprosessen, indikasjonar for assistert fødselshjelp og komplikasjonar som kan oppstå under ein fødsel
- har kunnskap om årsaker til prematur fødsel og utviklingstilpassa neonatal omsorg
- har kunnskap om barns normale utvikling, faktorar som kan true denne, sjukdommar hos barn og observasjon og pleie ut frå behova og funksjonsnivået til barnet
- har kunnskap om verdiar, målretta kommunikasjon og etiske prinsipp for å kunne byggje gode relasjonar til fødekvinna, barselkvinna, barnet, pårørande og kollegaer
- har kunnskap om organisering av helsetenester og kjennskap til ansvar og oppgåver som er lagde til ulike aktørar innanfor barsel- og barnepleie
- har innsikt i sentrale lover, forskrifter, retningslinjer og prosedyrar i arbeidet sitt innanfor yrkesfeltet barsel- og barnepleie
- har kjennskap til verknader og biverknader av vanlege legemiddel i svangerskaps-, fødsels- og barselomsorga og av legemiddel som blir brukte til barn i alderen 0–18 år
- kan oppdatere den yrkesfaglege kunnskapen sin om barsel- og barnepleie og helsefremjande og førebyggjande arbeid i eit folkehelseperspektiv
- forstår kor viktig eige kompetanseområde og eiga rolle er, og kor viktig det er med tverrfagleg samhandling på ulike nivå i helsetenesta relatert til yrkesfeltet barsel- og barnepleie
Ferdigheiter
Studenten
- kan nytte kunnskap om kvinner i svangerskap, fødsel og barseltid og om barnet frå 0 til 18 år for å delta i behandling og pleie ut frå individuelle behov og for å setje i verk tiltak i samarbeid med andre yrkesgrupper
- kan nytte observasjon og bruke observasjons- og vurderingsverktøy for å delta i behandling og pleie av den gravide med komplikasjonar, den fødande, barselkvinna og det nyfødde barnet
- kan nytte kunnskap om undersøkingsmetodar, standardiserte observasjons- og kartleggingsverktøy og kommunikasjonsverktøy som blir brukte til tidleg oppdaging av avvik i den normale utviklinga til barnet og forverring av sjukdom og helsetilstand hos sjuke barn
- kan nytte rettleiing, undervisning og rådgiving i stell og pleie av barselkvinna, det nyfødde, premature og sjuke barnet og barnets omsorgspersonar
- kan nytte kommunikasjon og samhandling til å skape tillit og førebu og rettleie barn på varierande alderstrinn og modningsnivå og omsorgspersonane deira
- kan nytte refleksjon til å vurdere og justere eiga fagutøving i tverrfagleg samarbeid innanfor yrkesfeltet barsel- og barnepleie
- kan finne, vurdere og nytte oppdatert informasjon og fagstoff som er relevant for problemstillingar på yrkesfeltet barsel- og barnepleie
- kan kartleggje og observere behova til premature barn og gi utviklingstilpassa neonatalt stell og neonatal pleie
- kan kartleggje og identifisere faglege og etiske problemstillingar og setje i verk tiltak knytte til behova til den fødande, barselkvinna, barnet og omsorgspersonane
Generell kompetanse
Studenten
- forstår og kan reflektere over etiske utfordringar og dilemma i eige arbeid med den fødande, barselkvinna, barnet og omsorgspersonar
- forstår si eiga profesjonelle rolle i fagfeltet barsel- og barnepleie og kan grunngi vurderingane og handlingane sine fagleg, etisk og juridisk
- har utvikla ei etisk grunnhaldning i utøvinga av yrket som kjem til uttrykk gjennom refleksjonar og handlingar i møte med kulturelt mangfald
- kan gi pleie og omsorg til den fødande, barselkvinna, barnet og omsorgspersonar ut frå individuelle behov
- kan utføre utviklingstilpassa neonatal omsorg på ein profesjonell og etisk forsvarleg måte i samarbeid med omsorgspersonar og yrkesgrupper
- kan byggje relasjonar med den fødande, barselkvinna, barnet, omsorgspersonar, kollegaer og andre yrkesgrupper på fagfeltet barsel- og barnepleie
- kan utvikle arbeidsmetodar gjennom erfarings- og kunnskapsdeling for å kvalitetssikre og vidareutvikle tenester innanfor fagfeltet barsel- og barnepleie