Barsel- og barnepleie
Nasjonale planar3. Overordna læringsutbytte
Kunnskap
Kandidaten
- har kunnskap om undersøkingsmetodar, standardiserte observasjons- og vurderingsverktøy og kommunikasjonsverktøy som blir nytta i oppfølging og pleie av barselkvinna ogav nyfødde, premature og sjuke barn
- har kunnskap om befruktning, fosterutvikling, fysiske og psykiske endringar og plager i svangerskapet og neonatal påverknad
- har kunnskap om den naturlege fødselsprosessen, indikasjonar for assistert fødselshjelp og komplikasjonar som kan oppstå under ein fødsel
- har kunnskap om årsaker til prematur fødsel og utviklingstilpassa neonatal omsorg
- har kunnskap om barns normale utvikling, faktorar som kan true denne, sjukdommar hos barn og observasjon og pleie ut frå behova og funksjonsnivået til barnet
- har kunnskap om verdiar, målretta kommunikasjon og etiske prinsipp som kan bidra til å byggje gode relasjonar til fødekvinna, barselkvinna, barnet, pårørande og kollegaer
- har kunnskap om organisering av helsetenester og kjennskap til ansvar og oppgåver som er lagde til ulike aktørar innanfor barsel- og barnepleie
- har innsikt i sentrale lover, forskrifter, retningslinjer og prosedyrar i arbeidet sitt innanfor yrkesfeltet barsel- og barnepleie
- har kjennskap til verknader og biverknader av vanlege legemiddel i svangerskaps-, fødsels- og barselomsorga og av legemiddel som blir brukte til barn i alderen 0–18 år
- kan oppdatere den yrkesfaglege kunnskapen sin om barsel- og barnepleie og helsefremjande og førebyggjande arbeid i eit folkehelseperspektiv
- forstår kor viktig eige kompetanseområde og eiga rolle er, og kor viktig det er med tverrfagleg samhandling på ulike nivå i helsetenesta relatert til yrkesfeltet barsel- og barnepleie
Ferdigheiter
Kandidaten
- kan nytte kunnskap om kvinner i svangerskap, fødsel og barseltid og om barnet frå 0 til 18 år for å delta i behandling og pleie ut frå individuelle behov og for å setje i verk tiltak i samarbeid med andre yrkesgrupper
- kan nytte observasjon og bruke observasjons- og vurderingsverktøy for å delta i behandling og pleie av den gravide med komplikasjonar, den fødande, barselkvinna og det nyfødde barnet
- kan nytte kunnskap om undersøkingsmetodar, standardiserte observasjons- og kartleggingsverktøy og kommunikasjonsverktøy som blir brukte til tidleg oppdaging av avvik i den normale utviklinga til barnet og forverring av sjukdom og helsetilstand hos sjuke barn
- kan nytte rettleiing, undervisning og rådgiving i stell og pleie av barselkvinna, det nyfødde, premature og sjuke barnet og barnets omsorgspersonar
- kan nytte kommunikasjon og samhandling til å skape tillit og førebu og rettleie barn på varierande alderstrinn og modningsnivå og omsorgspersonane deira
- kan nytte refleksjon til å vurdere og justere eiga fagutøving i tverrfagleg samarbeid innanfor yrkesfeltet barsel- og barnepleie
- kan finne, vurdere og nytte oppdatert informasjon og fagstoff som er relevant for problemstillingar knytte til yrkesfeltet barsel- og barnepleie
- kan kartleggje og observere behova til det premature barnet og gi utviklingstilpassa neonatalt stell og neonatal pleie
- kan kartleggje og identifisere faglege og etiske problemstillingar og setje i verk tiltak knytte til behova til den fødande, barselkvinna, barnet og omsorgspersonane
Generell kompetanse
Kandidaten
- forstår og kan reflektere over etiske utfordringar og dilemma i eige arbeid med den fødande, barselkvinna, barnet og omsorgspersonar
- forstår si eiga profesjonelle rolle i fagfeltet barsel- og barnepleie og kan grunngi vurderingane og handlingane sine fagleg, etisk og juridisk
- har utvikla ei etisk grunnhaldning i utøvinga av yrket som kjem til uttrykk gjennom refleksjonar og handlingar i møte med kulturelt mangfald
- kan gi pleie og omsorg til den fødande, barselkvinna, barnet og omsorgspersonar ut frå individuelle behov
- kan utføre utviklingstilpassa neonatal omsorg på ein profesjonell og etisk forsvarleg måte i samarbeid med omsorgspersonar og yrkesgrupper
- kan byggje relasjonar med den fødande, barselkvinna, barnet, omsorgspersonar, kollegaer og andre yrkesgrupper på fagfeltet barsel- og barnepleie
- kan utvikle arbeidsmetodar gjennom erfarings- og kunnskapsdeling for å kvalitetssikre og vidareutvikle tenester innanfor fagfeltet barsel- og barnepleie