Bilteknikk
Nasjonale planar5. Emnebeskrivingar
5.1 Reiskapsemne
Realfagleg reiskap
Emne | Tema |
---|---|
Realfagleg reiskap 10 studiepoeng | Blir tilordna av den enkelte tilbydaren |
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om realfag som reiskap innanfor fagområdet sitt
- har kunnskap om realfaglege omgrep, teoriar, analysar, strategiar, prosessar og verktøy som blir nytta
- kan utføre berekningar, overslag og problemløysing med relevans for dimensjonering og andre problemstillingar innanfor studieretninga
- kan vurdere sitt eige arbeid i samsvar med matematiske og fysiske lover
- kan utvide kunnskapen sin og har innsikt i eigne høve til utvikling innanfor realfag
- kjenner til matematikkens og fysikkens eigenart og plass i samfunnet
Ferdigheiter
Studenten
- kan gjere greie for val av reknemetoden som blir brukt til å løyse faglege problem
- kan gjere greie for val av digitale verktøy som blir brukte til problemløysing innanfor realfaglege tema
- kan nytte digitale hjelpemiddel til å løyse likningar og andre matematiske oppgåver
- kan vurdere resultat av berekningar og reflektere over si eiga faglege utøving og justere denne under rettleiing
- kan finne og vise til relevant informasjon og fagstoff i formelsamlingar, tabellar og fagbøker
- kan kartleggje ein situasjon og identifisere realfaglege problemstillingar
- har kjennskap til og kan nytte grunnleggjande fysiske lover og fysikkens metodikk
- kan tolke og bruke modellar som blir nytta innanfor matematikk og fysikk
Generell kompetanse
Studenten
- kan planleggje og gjennomføre yrkesretta arbeidsoppgåver og prosjekt åleine og som deltakar i ei gruppe ved å nytte realfag i tråd med etiske krav, retningslinjer og målgruppa sine behova
- har innsikt i kva føresetnader og forenklingar hen har gjort i berekningane sine
- har innsikt i rekkjevidda og avgrensingane til metodane som blir brukte
- kan utveksle synspunkt og samarbeide med fagfellar om fagspesifikke problemstillingar med realfag som tverrfagleg fundament, og dermed bidra til organisasjonsutvikling
Kommunikasjon
Emne | Tema |
---|---|
Kommunikasjon 10 studiepoeng | Blir tilordna av den enkelte tilbydaren |
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om grunnleggjande kommunikasjonsteori
- kjenner til kva kulturell identitet har å seie for samarbeid og kommunikasjon på arbeidsplassen
- har kunnskap om engelske faguttrykk som blir brukte innanfor eige fagområde
- har kunnskap om sentrale retoriske omgrep og verkemiddel
- har kunnskap om kjeldebruk etter standard for høgare utdanning
- kjenner til vanlege digitale verktøy for kjeldetilvising, dokumentasjon, tekstproduksjon, deling, presentasjon og møte
- har kjennskap til prinsipp for tekstorganisering og produksjon
- har kunnskap om kva som kjenneteiknar ei problemstilling, og korleis ein kan svare på henne
Ferdigheiter
Studenten
- kan reflektere over møte mellom forskjellige arbeidslivskulturar
- kan bruke relevante omgrep for å analysere sin eigen og andres tekst
- kan reflektere over og revidere tekstar
- kan reflektere over korleis retorikk blir nytta
- kan byggje opp sakleg argumentasjon og bruke retoriske appellformer
- kan innhente informasjon frå ulike kjelder og bruke han kritisk, formålstenleg og etterretteleg
- kan reflektere over eigen kommunikasjon i profesjonell samanheng
- kan produsere tekstar der form og innhald er tilpassa situasjonen, målet og mottakaren
- kan bruke digitale kommunikasjonsverktøy i ein profesjonell samanheng
- kan uttrykkje seg med nyansert ordval, variert setningsstruktur og tekstbinding
- kan planleggje, strukturere og gjennomføre møte og presentasjonar
Generell kompetanse
Studenten
- kan kommunisere formålstenleg for å bidra til ein inkluderande organisasjonskultur
- kan tilpasse språk og argumentasjon etter mål og mottakar
- kan produsere tekstar med korrekt rettskriving, grammatikk og teiknsetjing
- meistrar relevante kommunikasjonsverktøy
- kan kommunisere gjennom relevante tekstar og kanalar
- kan samarbeide om tekstproduksjon
Leiing, økonomi og marknadsføring (LØM)
Emne | Tema |
---|---|
LØM 10 studiepoeng | Økonomistyring Organisasjon og leiing Marknadsføringsleiing |
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om sentrale omgrep innanfor økonomi, organisasjon og marknadsføring knytte til føretaksleiing
- har kunnskap om lønnskostnader
- har kunnskap om mål, tiltak og handlingsplanar
- kjenner til aktuelle lover og avtalar innanfor emnet
Ferdigheiter
Studenten
- kan kartleggje eksterne og interne arbeidsvilkår og utarbeide situasjonsanalysar
- kan gjere greie for den økonomiske statusen i bedrifta ved å hente ut økonomiske data frå rekneskapen og bruke dei i analysar og kalkylar
- kan vurdere betalingsevna og kapitalbehovet til bedrifta
- kan planleggje økonomiske milepælar ved å utarbeide budsjett og gjere greie for økonomisk måloppnåing ved å vurdere eventuelle avvik
- kan gjennomføre ein investeringsanalyse og reflektere over lønnsemda i ei mogleg framtidig investering
- kan bruke rekneark i arbeidet med rekneskap, budsjett, analysar og kalkylar
- kan gjere ei heilskapleg prisvurdering og utarbeide kalkylar
- kan vurdere organisasjonsstrukturen og kulturen og arbeidsmiljøet for å vidareutvikle verksemda
- kan kommunisere med, leie og motivere personalet på måtar som fremjar effektivitet og trivsel
- kan identifisere, analysere og utvikle kompetansen til medarbeidarane
- kan planleggje og gjennomføre gode rekrutteringsprosessar, frå behovsanalyse til introduksjon
- kan gjere greie for kjøpsprosessen i ulike marknader og vurdere kunden si kjøpsåtferd i desse
- kan vurdere val av marknadskommunikasjonstiltak i aktuelle medium og tilpasse bodskap til utvalde målgrupper i dei aktuelle media
- kan vurdere kva produkt bedrifta bør satse på, i kva marknader satsinga bør skje, og kva distribusjonskanalar ein bør nytte
- kan vurdere val av verksemds- og marknadsstrategi
Generell kompetanse
Studenten
- kan innanfor gitte tidsfristar, åleine og i samarbeid med andre, planleggje, gjennomføre, dokumentere og levere arbeidsoppgåver og prosjekt
- kan etablere, utvikle og leie ein organisasjon på måtar som fremjar både effektivitet, arbeidsmiljø, berekraft og samfunnsansvar
- har digital kompetanse til å søkje kunnskap og informasjon og kan tolke og bruke informasjonen i det vidare arbeidet
- kan kommunisere internt og eksternt og nytte digitale verktøy til dette
- kan utarbeide relevante faglege dokument som til dømes pristilbod, tiltaks-/handlingsplanar, arbeidsavtalar, møteinnkallingar med saksframlegg, forretningsplanar og marknadsplanar
- kan reflektere over samfunnsutviklinga og relatere utviklinga til bedrifta sin situasjon
5.2 Grunnlagsemne
HMS og prosjekt- og kvalitetsleiing
Studiepoeng: 10 studiepoeng
Tema:
- HMS-leiing
- Prosjektleiing
- Kvalitetsleiing
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om grunnleggjande HMS ogom prosjekt- og kvalitetsleiing
- har kunnskap om styringsverktøy for initiering, planlegging og gjennomføring av prosjekt
- har kunnskap om kvalitetsomgrep
- har kunnskap om å utarbeide, bruke og halde vedlike HMS-, IK-og KS-system i samsvar med lover, forskrifter og standardar
- kan vurdere sitt eige og andres HMS-, prosjekt- og kvalitetsarbeid med omsyn til gjeldande normer og krav
- har innsikt i eigne høve til utvikling innanfor HMS-, prosjekt- og kvalitetsleiing
Ferdigheiter
Studenten
- kan reflektere over eit sikkert arbeidsmiljø og ut frå dette planleggje og setje i verk systematiske tiltak for å forhindre skade på menneske, materiell og miljø
- kan gjere greie for aktivitetar som sikrar kvalitet
- kan gjere greie for styringa av eit prosjekt med omsyn til tid, kostnad og kvalitet
- kan gjere greie for dei faglege vala sine
- kan finne og vise til informasjon og fagstoff og vurdere relevansen for aktuelle problemstillingar knytte til HMS-, prosjekt- og kvalitetsleiing
- kan reflektere over si eiga faglege utøving og justere denne under rettleiing
Generell kompetanse
Studenten
- kan planleggje og gjennomføre eit prosjekt og utarbeide relevant dokumentasjon
- kan utveksle synspunkt og delta i diskusjonar om korleis leiing kan utøvast
- kan bidra til eit godt og sikkert fysisk og psykisk arbeidsmiljø med fokus på aktivt vernearbeid
- kan bidra til organisasjonsutvikling innanfor HMS-, prosjekt- og kvalitetsarbeid
Mekanikk
Studiepoeng: 5 studiepoeng
Tema:
- Statikk
- Fastleikslære
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om statikk
- har kunnskap om fastleikseigenskapane til materiale og kan bruke denne i samband meddimensjoneringsanalyse
- kan vurdere sitt eige arbeid med omsyn til gjeldande normer og krav som gjeld innanfor mekanisk konstruksjon
- kan vurdere design og konstruksjon av produkt med omsyn til gjeldande normer og krav
- kan oppdatere den yrkesfaglege kunnskapen sin
- har innsikt i eigne utviklingsmoglegheiter
Ferdigheiter
Studenten
- kan gjere greie for statiske system og fastleikseigenskapane til materiale
- kan reflektere over si eiga faglege utøving og justere denne under rettleiing
- kan finne og vise til informasjon og fagstoff om konstruksjonsanalyse og vurdere relevansen for ei yrkesfagleg problemstilling
- kan kartleggje ein situasjon og identifisere faglege problemstillingar og behov for å setje i verk tiltak
Generell kompetanse
Studenten
- kan planleggje og gjennomføre arbeidsoppgåver innanfor mekanisk konstruksjon
- kan utføre arbeidet sitt i tråd med behova til oppdragsgivaren
- kan byggje relasjonar med fagfellar på tvers av fagområde
- kan utveksle faglege synspunkt på problemstillingar og delta i diskusjonar
Teknisk dokumentasjon
5 studiepoeng
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om DAK og aktuelle standardar, normer og krav som blir nytta i teikningsproduksjon
- har kunnskap om 2D- og 3D-modellering
- kan vurdere sitt eige arbeid med omsyn til gjeldande standardar, normer og krav
- kan oppdatere den yrkesfaglege kunnskapen sin
- har innsikt i sine eigne høve til utvikling innanfor designverktøy
Ferdigheiter
Studenten
- kan gjere greie for val av designverktøy
- kan gjere greie for oppbygginga av teknisk dokumentasjon og revisjonshandtering
- kan reflektere over si eiga faglege utøving og justere denne under rettleiing
- kan finne og vise til standardar, normer og krav
Generell kompetanse
Studenten
- kan planleggje og gjennomføre design og konstruksjonsdokumentasjon
- kan utføre arbeidet sitt i tråd med behova til oppdragsgivaren
- kan byggje relasjonar med fagfellar på tvers av fagområde
- kan utveksle faglege synspunkt på problemstillingar og delta i diskusjonar
Materialkunnskap
5 studiepoeng
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om moderne konstruksjonsmateriale, prosessar og verktøy for produktframstilling
- kan vurdere konstruksjonsmateriale i samsvar med produktstandardar
- kan vurdere sitt eige arbeid innanfor materialteknologi med omsyn til gjeldande normer og standardar
- kan oppdatere den yrkesfaglege kunnskapen sin
- har innsikt i eigne utviklingsmoglegheiter
Ferdigheiter
Studenten
- kan gjere greie for aktuelle konstruksjonsmateriale
- kan reflektere over materialtekniske val og vurdere moderne og berekraftige materiale
- kan finne og vise til normer og standardar og vurdere relevansen i samband med materialval
- kan kartleggje materialval med fokus på miljø og berekraft
Generell kompetanse
Studenten
- kan planleggje og gjennomføre materialtekniske arbeidsoppgåver sjølvstendig og som deltakar i eit team i ei berekraftig utvikling
- kan utføre arbeidet sitt i tråd med behova til oppdragsgivaren
- kan byggje relasjonar med fagfellar på tvers av fagområde
- kan utveksle faglege synspunkt på problemstillingar og delta i diskusjonar
Grunnleggjande elektro og automatisering
5 studiepoeng
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om resistans, straum, spenning og effekt for lågspente anlegg
- kjenner til komponentar som inngår i automasjonssystem, og korleis dei er kopla opp
- kjenner til programmeringsprinsippa for automasjonssystem
- kan vurdere sitt eige arbeid med omsyn til relevante normer, standardar, forskrifter og lover
- har kunnskap om faremoment og feil som kan oppstå i automasjonssystem
Ferdigheiter
Studenten
- kan gjere greie for samanhengen mellom resistans, straum, spenning og effekt
- kan gjere greie for komponentar og kretsar
- kan gjere greie for program i automasjonssystem
- kan gjere greie for koplingsskjema og feilsøking
- kan finne og vise til relevante normer, standardar, forskrifter og lover
Generell kompetanse
Studenten
- kan planleggje, prosjektere og setje i verk løysingar for automasjonssystem åleine eller som deltakar i ei gruppe
- kan utføre arbeidet sitt i tråd med behova til oppdragsgivaren
- kan byggje relasjonar med fagfellar på tvers av fagområde
- kan utveksle faglege synspunkt på problemstillingar og delta i diskusjonar
5.3 Fordjupingsemne
Energiteknikk
Studiepoeng: 10 studiepoeng
Tema:
- Termodynamikk
- Batteriteknologi
- Elektrisk energi og maskiner
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om grunnomgrepa i termodynamikken og veit korleis aktuelle energisystem er oppbygde og verkar
- har kunnskap om norsk energiforsyning, produksjonsmetodar og distribusjon av elektrisk kraft
- har kunnskap om ulike elektriske maskiner
- har kunnskap om batteriteknologiar og kva som pregar ny utvikling
- kan vurdere sitt eige arbeid med omsyn til HMS, lover, forskrifter, normer og standardar
- har kunnskap om energiteknikk
- kan oppdatere kunnskapen sin om energiteknikk
- kjenner til energiteknikkens historie, tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet
- har innsikt i sine eigne høve til utvikling innanfor energiteknikk
Ferdigheiter
Studenten
- kan gjere greie for korleis termodynamikken er bygd opp, og korleis aktuelle energisystem verkar
- kan gjere greie for korleis ein bruker analyseverktøy
- kan gjere greie for prinsippa i norsk energiforsyning, produksjonsmetodar og distribusjon
- kan gjere greie for aktuelle batteriteknologiar og kva som pregar ny utvikling
- kan reflektere over sitt eige arbeid med omsyn til gjeldande HMS, lover, forskrifter, normer og standardar
- kan reflektere over korleis energiteknikken påverkar miljøet, og kva plass han har i samfunnet
- kan reflektere over sine eigne høve til utvikling innanfor energiteknikk
- kan kartleggje ein situasjon og identifisere faglege problemstillingar
- kan gjere greie for korleis elektriske maskiner og aktuelle energisystem er bygde opp og verkar
- kan gjere greie for korleis kjølemedium påverkar miljøet
Generell kompetanse
Studenten
- kan planleggje, prosjektere og setje i verk løysingar for energiteknikk åleine eller som deltakar i ei gruppe
- kan utføre arbeidet sitt i tråd med behova til oppdragsgivaren
- kan byggje relasjonar med fagfellar på tvers av fagområde
- kan utveksle faglege synspunkt på problemstillingar og delta i diskusjonar
- kan bidra til organisasjonsutvikling
Køyretøyteknologi
Studiepoeng: 10 studiepoeng
Tema:
- Bremsesystem
- Understell
- Karosseri og sikkerheit
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om utforming av påbygg og utbetring og reparasjon av karosseri for lette og tunge køyretøy med omsyn til brukarvennlegheit, sikkerheit og miljø
- har kunnskap om korleis bremsesystem og understell på lette og tunge køyretøy er bygde opp og verkar, og kan gjere nødvendige berekningar
- har kunnskap om korleis hen kan oppdatere den yrkesfaglege kunnskapen sin
Ferdigheiter
Studenten
- kan gjere greie for utforming av påbygg og utbetring og reparasjon av karosseri for lette og tunge køyretøy
- kan kartleggje faglege problemstillingar for utforming av påbygg og gjere nødvendige reparasjonar i tråd med gjeldande lover og reglar og produsentane sine tilvisingar
- kan gjere greie for korleis bremsesystem og understell på lette og tunge køyretøy er bygde opp og verkar
- kan kartleggje faglege problemstillingar for bremsesystem og understell og gjere nødvendige reparasjonar i tråd med gjeldande lover og reglar og produsentane sine tilvisingar
Generell kompetanse
Studenten
- kan planleggje og gjennomføre produksjonstekniske arbeidsoppgåver og prosjekt åleine og som deltakar i ei gruppe og i tråd med dei etiske krava og retningslinjene som gjeld i bilbransjen til kvar tid
- kan utføre arbeidet sitt etter behova til kundane og krava frå myndigheitene
- kan byggje relasjonar med fagfellar innanfor bilteknikk på tvers av fag og med eksterne målgrupper
- kan utveksle synspunkt med andre som har bakgrunn frå bilteknikk, og delta i diskusjonar om utvikling av god praksis
- kan bidra til organisasjonsutvikling ved å følgje utviklinga av ny teknologi innanfor bilteknikk
Alternative framdriftssystem
Studiepoeng: 10 studiepoeng
Tema:
- Framdrifts- og energisystem
- Bilelektro med elektrisk framdrift
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om motor- og drivverkstekniske løysingar for lette og tunge køyretøy med ulike framdriftsformer og drivstoff
- har kunnskap om elektriske system, elektroniske system og datasystem for lette og tunge køyretøy
- har kunnskap om korleis hen kan oppdatere den yrkesfaglege kunnskapen sin
Ferdigheiter
Studenten
- kan gjere greie for motor- og drivverkstekniske løysingar for lette og tunge køyretøy med ulike framdriftsformer og drivstoff
- kan kartleggje faglege problemstillingar for motor- og drivverkstekniske løysingar og gjere nødvendige reparasjonar i tråd med gjeldande lover og reglar og produsentane sine tilvisingar
- kan gjere greie for elektriske system, elektroniske system og datasystem for lette og tunge køyretøy
- kan kartleggje faglege problemstillingar for elektriske system, elektroniske system og datasystem og gjere nødvendige reparasjonar i tråd med gjeldande lover og reglar og produsentane sine tilvisingar
Generell kompetanse
Studenten
- kan planleggje og gjennomføre produksjonstekniske arbeidsoppgåver og prosjekt åleine og som deltakar i ei gruppe og i tråd med dei etiske krava og retningslinjene som gjeld i bilbransjen til kvar tid
- kan utføre arbeidet sitt etter behova til kundane og krava frå myndigheitene
- kan byggje relasjonar med fagfellar innanfor bilteknikk på tvers av fag og med eksterne målgrupper
- kan utveksle synspunkt med andre som har bakgrunn frå bilteknikk, og delta i diskusjonar om utvikling av god praksis
- kan bidra til organisasjonsutvikling ved å følgje utviklinga av ny teknologi innanfor bilteknikk
Administrasjon og bransjeleiing
Studiepoeng: 10 studiepoeng
Tema:
- Verkstaddrift
- Lovkunnskap
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om omgrep, teoriar, prosessar og verktøy som blir nytta innanfor fagområdet verkstaddrift, og kan vurdere sitt eige arbeid med omsyn til gjeldande normer og krav
- har kjennskap til bransjens historie, tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet og innsikt i eigne utviklingsmoglegheiter
- har kunnskap om aktuelle avtalar som eksisterer mellom partane i arbeidslivet
- har kunnskap om kva lover som styrer hovud- og tariffavtalar
- har kunnskap om korleis hen kan løyse praktiske problemstillingar ved hjelp av aktuelle rettskjelder
- har kunnskap om reglane i kjøpslova og forbrukarkjøpslova
- kan vurdere kva faktorar som påverkar kostnader i bilbransjen
Ferdigheiter
Studenten
- kan gjere greie for og reflektere over dei faglege vala for drift og leiing av eit firma i bilbransjen
- kan finne og vise til fagstoff og vurdere kor relevant stoffet er for yrkesfaglege problemstillingar i bilbransjen
- kan lage aktuelle avtalar av den typen som eksisterer mellom partane i arbeidslivet
- kan nytte lover som styrer hovud- og tariffavtalar
- kan løyse praktiske problemstillingar ved hjelp av aktuelle rettskjelder
- kan forstå kjøpsomgrepet og verkeområdet til kjøpslova
Generell kompetanse
Studenten
- kan kommunisere om personaladministrasjon på ein tydeleg og forståeleg måte med leiinga og dei tilsette i bedrifta
- kan utveksle faglege synspunkt om avtalerettslege forhold med andre
- har kompetanse om rettslege forhold rundt kjøp av og sal til private og profesjonelle aktørar
- kan planleggje og utføre yrkesretta arbeidsoppgåver og prosjekt åleine eller som deltakar i ei gruppe og i tråd med retningslinjer og etiske krav
- kan utveksle faglege synspunkt med andre i bilbransjen og i relaterte næringar og organisasjonar, delta i drøftingar om utvikling og god praksis og bidra til organisasjonsutvikling
Logistikk, berekraft og sirkulærøkonomi
Studiepoeng: 10 studiepoeng
Tema:
- Logistikk
- Berekraft og sirkulærøkonomi
- Læringsutbytte
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om forskjellane mellom lineær- og sirkulærøkonomi
- har kunnskap om sirkulæreøkonomiske prinsipp og utfordringane for ei berekraftig verksemd i bransjesamanheng
- har kunnskap om korleis innovasjonsprosessar kan bidra til at bedrifter og næringar tek i bruk sirkulærøkonomiske prinsipp
- har kunnskap om logistikktekniske teoriar og omgrep og om bransjetekniske prosessar og verktøy
- kan vurdere kva faktorar som påverkar kostnader i bilbransjen
- kan oppdatere kunnskapen sin om berekraft og energianalyse
- har innsikt i sine eigne høve til utvikling på fagfelta berekraft og energiteknikk
- har innsikt i berekraftsmåla til FN
- kan vurdere sitt eige arbeid med omsyn til gjeldande normer og krav som gjeld for energibruk og miljø
- kan oppdatere den yrkesfaglege kunnskapen sin innanfor energiteknikk, kjemi og miljø
- har innsikt i sine eigne høve til utvikling innanfor det grøne skiftet
Ferdigheiter
Studenten
- kan reflektere over energibruk med omsyn til utslepp og berekraft og kan endre energibruken for å bidra til det grøne skiftet
- kan nytte samspelet mellom økonomiske, sosiale og miljømessige spørsmål innanfor sirkulærøkonomi
- kan nytte moglegheiter for innovativ verdiskaping ved å tilpasse sirkulærøkonomiske prinsipp i bedrifta
- kan kartleggje og identifisere forbetringspotensialet innanfor drift av ettermarknad ved å bruke berekraftig verdikjedetankegang
- kan finne og vise til informasjon og fagstoff om utfordringane for det grøne skiftet og vurdere tiltak for å bidra til 1,5-gradersmålet
- kan kartleggje ein situasjon som har med miljø og berekraft å gjere, og identifisere energitekniske utfordringar for å ta i bruk nullutsleppsenergiberarar
Generell kompetanse
Studenten
- kan utveksle synspunkt om korleis logistikk i verksemda kan utviklast i samhandling med medarbeidarar og prosjektdeltakarar i prosessen
- kan utveksle synspunkt med andre om berekraftsmål og kan delta i diskusjonar om sikker, økonomisk og miljøvennleg praksis
- kan vidareutvikle arbeidsmetodar som bedrifta tek i bruk i sirkulærøkonomiske prinsipp, og fremje betydinga deira for bransjen i ulike samanhengar
- kan utvikle ei sirkulærøkonomisk grunnhaldning i ei verksemd basert på strategien og måla til bedrifta
- kan utvikle etiske haldningar til sirkulærøkonomiske prinsipp i ei verksemd
- kan planleggje og gjennomføre arbeidsoppgåver, som å utføre miljøtiltak for å sikre ei berekraftig drift, åleine og som deltakar i ei gruppe og i tråd med etiske krav og retningslinjer
- kan byggje relasjonar med fagfellar innanfor det grøne skiftet, på tvers av fag og med eksterne målgrupper
- kan utveksle synspunkt om berekraftig energibruk og miljø med andre som har bakgrunn frå bransjen/yrket, og delta i diskusjonar om korleis vi kan nå 1,5-gradersmålet
Hovudprosjekt
10 studiepoeng
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om korleis ein skriv ein prosjektrapport
- har særskild kunnskap om eit sjølvvalt tema med ei problemstilling innanfor fordjupinga
- har kunnskap om korleis ein innhentar informasjon om temaet for hovudprosjektet
- har kunnskap om samanhengen mellom teori og praksis
- kan vurdere sitt eige prosjekt med omsyn til gjeldande normer og krav
- kjenner til bransjen/yrka som er knytte til temaet i hovudprosjektet
Ferdigheiter
Studenten
- kan gjere greie for val av tema for hovudprosjektet
- kan identifisere, kartleggje og vurdere ei fagleg problemstilling
- kan delta i teamarbeid og planleggje, kommunisere og presentere prosjektarbeid og resultat
- kan skrive ein prosjektrapport
- kan drøfte samanhengen mellom teori og praksis
- kan reflektere over sitt eige prosjekt og justere dette under rettleiing frå fagfolk
- kan finne og vise til informasjon og fagstoff for å vurdere kor relevant ei problemstilling er i eit prosjekt
Generell kompetanse
Studenten
- kan planleggje og gjennomføre eit prosjektarbeid åleine og som deltakar i ei gruppe og i tråd med formelle og etiske krav og retningslinjer
- har utvikla eit medvit rundt prosjektarbeid og kan fordjupe seg i temaet som dannar grunnlag for prosjektet, og tenkje kreativt og nyskapande
- kan utføre eit prosjektarbeid i tråd med behova til bedrifta eller arbeidsgivaren
- kan utveksle synspunkt med andre i eit team eller ei bedrift og delta i diskusjonar om utviklinga av eit prosjekt