Hopp til hovedinnhold

​​Eldre og livsmeistring​

Nasjonale planar

6. Emnebeskrivingar

Læringsutbyttebeskrivingane på emnenivå (E-LUB) i denne planen er ikkje utfyllande og må reknast som rettleiande. Det er opp til den enkelte fagskulen å utvikle dekkjande E-LUB som òg tek vare på eigenart og lokale faktorar gjennom eigne studieplanar. Den enkelte fagskulen går kvart år gjennom E-LUB i studieplanane sine i tråd med eigne kvalitetssikringsrutinar.

6.1 Emne 1: Etikk, samhandling og kommunikasjon

Det innleiande emnet er felles for helsefaglege fagskuleutdanningar. Formålet med emnet er å gi studentane ei god innføring i grunnleggjande forståing av fagfeltet og yrkesutøvinga. Studentane får innføring i studieteknikk og oppgåveskriving på høgare yrkesfagleg nivå. Emnet legg vekt på kommunikasjonsverktøy, relasjonskompetanse og konflikthandtering. Etikken blir framstilt som sentral og er gjennomgåande i heile emnet.

EmneStudiepoeng
Etikk, samhandling og kommunikajon10
Læringsutbytte
Kunnskap 

Studenten

  • har kunnskap om yrkes- og bransjeetiske prinsipp og dilemma, relevante teoriar og arbeidsmåtar og etisk refleksjon som verktøy
  • har kunnskap om mangfald, migrasjonshelse og ulike kulturar og urfolk og kan nytte denne kunnskapen i møte med tenestemottakarar og samarbeidspartnarar
  • har kunnskap om gruppeprosessar, kriseteori og konflikthandtering
  • har innsikt i relevant lovverk og offentlege dokument som regulerer fagfeltet, brukarmedverknad og organisering av tilbod i sektoren
  • har bransjekunnskap og kjennskap til grunnleggjande sosialpsykologiske prinsipp og korleis dei kan påverke enkeltindividet, familien og det sosiale nettverket deira
  • kan oppdatere den yrkesfaglege kunnskapen sin om teknologiske løysingar og korleis desse kan påverke samhandlinga med tenestemottakaren, dei pårørande og samarbeidspartnarar
  • forstår kor viktig det er med kompetanse om relasjonsbygging, kommunikasjon og samhandling i eige yrke, både i møte med sårbare personar og i eit samfunns- og verdiskapingsperspektiv
Ferdigheiter

Studenten

  • kan nytte fagleg kunnskap om yrkes- og bransjeetiske prinsipp og dilemma som grunnlag for refleksjon over teoretiske og praktiske problemstillingar
  • kan nytte fagleg kunnskap om teknologiske løysingar til å løyse praktiske og teoretiske problemstillingar på ein forsvarleg og etisk bevisst måte
  • kan nytte teknikkar innanfor relasjonsbygging, kommunikasjon og samhandling og andre faglege verktøy som er relevante for yrkesutøvinga
  • kan finne relevant informasjon og fagstoff og dessutan lovverk, forskrifter og stortingsmeldingar som er relevante for yrkesutøvinga
  • kan kartleggje ein situasjon og identifisere faglege problemstillingar og behov for tiltak knytte til mangfald og migrasjonshelse og i møte med ulike kulturar og urfolk
Generell kompetanse

Studenten

  • har forståing for yrkes- og bransjeetiske prinsipp og dilemma og for korleis dei kan påverke samhandlinga mellom tenesteytaren og tenestemottakaren
  • har utvikla ei etisk grunnhaldning i yrkesutøvinga som kjem til uttrykk gjennom refleksjon over eiga yrkesutøving og gjennom kommunikasjon og samhandling med tenestemottakarar og samarbeidspartnarar
  • kan utføre arbeidet sitt på ein lovmessig, fagleg og etisk forsvarleg måte ut frå tenestemottakarane sine behov, med fokus på å fremje eit heilskapleg menneskesyn
  • kan byggje relasjonar med fagfellar, tenestemottakarar og samarbeidspartnarar basert på haldningar og verdiar knytte til eit heilskapleg menneskesyn, likeverd og respekt
  • kan utvikle arbeidsmetodar, produkt og/eller tenester som baserer seg på behova og utfordringane til tenestemottakaren, og som har relevans for yrkesutøvinga
Tema

1a. Etikk

  • Etiske teoriar og prinsipp
  • Etiske dilemma
  • Etikk og teknologi
  • Heilskapleg menneskesyn

1b. Samhandling og kommunikasjon

  • Brukarperspektivet
  • Relasjonskompetanse og relasjonsbygging
  • Kommunikasjon i samhandling med tenestemottakar og samarbeidspartnarar
  • Gruppeprosess og konflikthandtering

1c. Lover og forskrifter

  • Lover, forskrifter og offentlege dokument som er relevante for studentane på utdanninga og for tenestemottakarane

1d. Sosiologi og psykologi

  • Utviklingspsykologi
  • Sosiale roller
  • Migrasjonshelse, kultur, mangfald og urfolk

6.2 Emne 2: Eldre og aldring

Emnet gir ei innføring i aldringsteoriar, aldring på individnivå og aldring i eit pårørandeperspektiv. Studenten vil ved avslutta emne kunne gjere greie for proaktive tenester og ulike perspektiv på aldring.

EmneStudiepoeng
Eldre og handling10
Læringsutbytte
Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om aldringsteoriar og kjenner til ulike perspektiv og sentrale omgrep knytte til aldring
  • har kunnskap om livssituasjonen til eldre, kulturell og åndeleg bakgrunn og synet på aldring og alderdom
  • har kunnskap om kommunikasjonsteori og kva kommunikasjon har å seie i samhandling med eldre (brukarar), pårørande og samarbeidspartnarar
  • har innsikt i nasjonal helselovgiving om rettane til pasientar, brukarar og pårørande og pliktene til helsepersonellet
  • har bransjekunnskap og kjennskap til brukarmedverknad og pårørandesamarbeid på individ- og systemnivå
  • kan oppdatere den yrkesfaglege kompetansen sin innanfor eldreomsorg og livsmeistring
  • forstår betydninga av samansette behov og proaktive tenester i eldreomsorga
Ferdigheiter

Studenten

  • kan nytte fagleg kunnskap om aldringsteoriar, ulike perspektiv og ulike omgrep knytte til aldring og livsmeistring i møte med praktiske og teoretiske problemstillingar
  • kan nytte fagleg kunnskap om kommunikasjonsteori til å kommunisere med pasientar, brukarar, pårørande og samarbeidspartnarar på ein omsorgsfull og fagleg forsvarleg måte
  • kan nytte relevante faglege verktøy og teknikkar til å førebyggje og imøtekomme samansette behov og utfordringar knytte til aldring og livsmeistring
  • kan finne informasjon og fagstoff som er relevant for å forstå livshistoria, livserfaringane og livssituasjonen til den aldrande pasienten
  • kan kartleggje ein situasjon og identifisere faglege problemstillingar og behov for tiltak for å inkludere og involvere pasienten, brukaren og dei pårørande meir i eldreomsorga
Generell kompetanse

Studenten

  • har forståing for etiske prinsipp og dilemma knytte til arbeid med eldre og deira pårørande
  • har utvikla ei yrkesetisk grunnhaldning som kjem til uttrykk i møte med aldrande personar
  • kan utføre arbeidet etter den aldrande sine behov
  • kan byggje relasjonar med fagfellar og på tvers av fag for å vareta livsmeistring, helse, trivsel og livskvalitet for den aldrande
  • kan utvikle arbeidsmetodar som bidreg til koordinering og positiv utvikling av tenestetilbodet til eldre gjennom å dele erfaringar og ny kunnskap
Aktuelle tema
  • Samhandling og kommunikasjon
  • Helserett 
  • Eldre og aldring
  • Aldring og aldringsteoriar
  • Aldring på individnivå
  • Pårørandesamarbeid

6.3 Emne 3: Skrøpelegheit hos eldre

Emnet gir ei djupare forståing for helse og helsesvikt hos eldre. Studenten skal utvikle ei heilskapleg forståing for aldring og tileigne seg kunnskap og lære seg å identifisere, vurdere og dekkje ulike pleie- og omsorgsbehov.

EmneStudiepoeng
Skrøpeligheit hos eldre10
Læringsutbytte
Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om den skrøpelege pasienten, normal aldring, fysiske og psykiske aldersrelaterte sjukdommar og aldersrelaterte akutte og kroniske lidingar
  • har kunnskap om omsorg, diagnostikk og rehabiliteringsprosessar i samband med fysiske og psykiske lidingar hos eldre
  • har kunnskap om handtering og rett bruk av legemiddel
  • har innsikt i nasjonale planar, retningslinjer og tilrådingar knytte til behandling og handtering av aldersrelaterte sjukdommar og skadar
  • har bransjekunnskap og kjennskap til faglege verktøy for kartlegging av sjukdom, skade og funksjonsnedsetjing hos eldre
  • kan oppdatere kunnskapen sin om den skrøpelege pasienten, palliativ omsorg og pleie ved sjukdom, skadar og funksjonsnedsetjingar hos eldre
  • forstår si eiga yrkesrolle i behandlinga av den skrøpelege eldre og i møte med andre relevante yrkesgrupper
Ferdigheiter

Studenten

  • kan nytte fagleg kunnskap om den skrøpelege pasienten i møte med praktiske og teoretiske problemstillingar knytte til pasientens livsmeistring
  • kan nytte fagleg kunnskap om sjukdom, skadar og funksjonsnedsetjingar i behandling og rehabilitering av eldre
  • kan nytte relevante faglege verktøy til å kartleggje og rapportere tilstand og funksjonsnivå hos eldre
  • kan finne informasjon og fagstoff som er relevant for rehabilitering og behandling av fysiske og psykiske lidingar hos eldre
  • kan kartleggje ein situasjon, identifisere faglege problemstillingar og setje i verk tiltak som dekkjer den eldre pasienten sine behov for aktivitet, pleie og omsorg
  • kan kartleggje utfordrande åtferd og identifisere faglege og etiske problemstillingar og behov for førebyggjande tiltak
  • kan kartleggje ein situasjon og identifisere faglege og etiske problemstillingar og behov for å setje i verk tiltak for pasientar i livets sluttfase
Generell kompetanse

Studenten

  • forstår yrkesetiske retningslinjer som regulerer arbeidet med eldre i livets sluttfase
  • har utvikla ei etisk grunnhaldning i utøvinga av pleie- og omsorgsoppgåver som varetek integriteten og verdigheita til den eldre
  • kan utføre behandlande, rehabiliterande og lindrande omsorg til eldre med kroniske og progredierande sjukdommar
  • kan utføre behandlande, rehabiliterande og lindrande omsorg til eldre med akutte sjukdommar og skadar
  • kan utføre behandlande og rehabiliterande omsorg til eldre med kognitiv svikt og/eller andre funksjonsnedsetjingar
  • kan utføre miljøbehandlingstiltak som varetek personsentrert omsorg for eldre med demens og/eller psykiske lidingar
  • kan byggje relasjonar med fagfellar og på tvers av fag i arbeidet med behandlande, rehabiliterande og lindrande tiltak i eldreomsorga
  • kan utvikle arbeidsmetodar som lèt eldre medverke i eiga behandling og rehabilitering
Tema
  • Biopsykososial forståing i arbeid med eldre – sjå heile mennesket
  • Eldre si psykiske helse
  • Rehabilitering og habilitering

6.4 Emne 4: Livsmeistring hos eldre

Emnet gir ei innføring i morgondagens eldre sett frå eit samfunnsperspektiv. Studentane lærer om bruk av velferdsteknologiske løysingar som kan bidra til å betre livskvaliteten til eldre, og om kvalitetssystem som blir nytta i arbeid med eldre for å sikre fagleg forsvarlegheit, kvalitet og pasientsikkerheit.

EmneStudiepoeng
Livsmeistring hos eldre8
Læringsutbytte
Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om kvalitet og pasientsikkerheit og kjenner til ulike kvalitetsindikatorar som bidreg til å synleggjere kvalitet i tenesta
  • veit at fysisk aktivitet, deltaking og sosialt fellesskap er positivt for helsa, funksjonen og livskvaliteten til eldre
  • har kunnskap om livsmeistring og meistringsstrategiar hos eldre
  • har innsikt i ulike arbeidsprosessar og metodar i arbeid med eldre
  • har bransjekunnskap og kjennskap til bruk av velferdsteknologi og digitalisering av helse- og omsorgstenesta
  • kan oppdatere den yrkesfaglege kunnskapen sin om nasjonale tilrådingar for aktivitet og fellesskap
  • forstår kva betydning eiga faggruppe har på yrkesfeltet, og har kunnskap om eiga yrkesrolle, eigen kompetanse og eiga myndigheit
Ferdigheiter

Studenten

  • kan nytte fagleg kunnskap om velferdsteknologiske løysingar i planlegging og utøving av førebyggjande og helsefremjande arbeid hos eldre
  • kan nytte fagleg kunnskap om livsmeistring og meistringsstrategiar hos eldre
  • kan nytte fagleg kunnskap om eldre sitt behov for aktivitet, deltaking og fellesskap til å leggje til rette for aktivitetstilbod som er tilpassa ønska og behova til den enkelte
  • kan kartleggje situasjonen til den eldre og identifisere faglege problemstillingar og behov for tiltak for å vareta sosiale, kulturelle og eksistensielle behov
  • kan nytte relevante kartleggingsverktøy i arbeid med kvalitets- og forbetringsarbeid på arbeidsplassen
  • kan finne informasjon og fagstoff som er relevant for arbeidsprosessar og problemløysing i eldreomsorga
Generell kompetanse

Studenten

  • har forståing for faglege etiske prinsipp, dilemma og utfordringar knytte til varetaking av samtykke, personvern og integritet ved bruk av velferdsteknologi i eldreomsorga
  • har utvikla ei etisk grunnhaldning i yrket knytt til fagleg forsvarlegheit og bruk av ressursar i eldreomsorga
  • kan bidra til å vareta dei sosiale, kulturelle og eksistensielle behova til den eldre
  • kan byggje relasjonar med relevante yrkesgrupper og på tvers av fagfelt for å sørgje for pasientsikkerheit, god koordinering av tenester og høg kvalitet i eldreomsorga
  • kan utvikle arbeidsmetodar som varetek kvaliteten på tenester som skal fremje livskvalitet, førebyggje einsemd og bidra til at eldre får ein trygg og verdig alderdom
Tema
  • Varetaking av eldre i samfunnet
  • Velferdsteknologi
  • Aktivitet og fellesskap
  • Einsemd hos eldre
  • Kvalitet og pasientsikkerheit

6.5 Emne 5: Praksis

Emnet omhandlar praksisdelen i utdanninga. Praksis kan gjennomførast på eigen arbeidsplass, på ein annan relevant arbeidsplass eller som eit prosjektarbeid. Formålet med praksisen er at studenten skal sjå teori i samanheng med praktiske problemstillingar og oppgåver i yrkesfeltet.

Det er det overordna læringsutbyttet som skal vurderast i praksisemnet.

EmneStudiepoeng
Praksis12
Læringsutbytte
Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om aldring, sjukdom og livsmeistring og kva omgrep, prosessar og verktøy som er sentrale på dette fagområdet
  • har innsikt i sentrale lover, forskrifter og rettleiingar som regulerer rettar og plikter og gir tilrådingar innanfor arbeid med eldre og livsmeistring
  • har bransjekunnskap og kjennskap til organisering av helsetenesta og ansvarsfordeling mellom den private helsetenesta, den kommunale helsetenesta og spesialisthelsetenesta
  • har kunnskap om gjeldande kartleggingsverktøy som omfattar fysisk, psykisk og sosial helse hos eldre og endring i desse
  • kan oppdatere den yrkesfaglege kompetansen sin innanfor eldreomsorg
  • forstår si eiga yrkesrolle og sin eigen yrkeskompetanse i eit samfunnsperspektiv, og dessutan si eiga yrkesrolle i samarbeid med andre yrkesgrupper
Ferdigheiter

Studenten

  • kan nytte fagleg kunnskap om livsmeistring og sjukdom hos eldre
  • kan nytte relevante kartleggingsverktøy, faglege verktøy og teknikkar for å fremje livsmeistring i eldreomsorga
  • kan finne informasjon og fagstoff som er relevant i arbeidet med faglege problemstillingar i eldreomsorga
  • kan kartleggje ein situasjon og identifisere faglege problemstillingar som handlar om eldre og livsmeistring, og identifisere behov for å setje i verk tiltak
Generell kompetanse

Studenten

  • har forståing for faglege og etiske prinsipp innanfor arbeidet med eldre og livsmeistring
  • har utvikla ei etisk grunnhaldning i utøvinga av yrket som kjem til uttrykk gjennom refleksjon og samhandling med eldre, pårørande og andre samarbeidspartnarar og dessutan i møte med mangfald, migrasjonshelse og ulike kulturar og urfolk
  • kan utføre arbeid med eldre og livsmeistring etter behova til pasienten, brukaren eller målgruppa
  • kan byggje relasjonar med relevante yrkesgrupper i eldreomsorga og på tvers av fagfelt
  • kan utvikle arbeidsmetodar med relevans for eldreomsorga gjennom erfaringsutveksling, kunnskapsdeling, rettleiing og etisk refleksjon

6.6 Emne 6: Fagleg fordjuping

Den faglege fordjupinga skal vere praksisretta, og studenten skal nytte kunnskap frå alle emna i utdanninga.

Det er det overordna læringsutbyttet som skal vurderast i fordjupingsemnet.

EmneStudiepoeng
Fagleg fordjuping10
Læringsutbytte
Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om aldring, sjukdom og livsmeistring og kva omgrep, prosessar og verktøy som er sentrale på dette fagområdet
  • har innsikt i sentrale lover, forskrifter og rettleiingar som regulerer rettar og plikter og gir tilrådingar innanfor arbeid med eldre og livsmeistring
  • har bransjekunnskap og kjennskap til organisering av helsetenesta og ansvarsfordeling mellom den private helsetenesta, den kommunale helsetenesta og spesialisthelsetenesta
  • har kunnskap om gjeldande kartleggingsverktøy som omfattar fysisk, psykisk og sosial helse hos eldre og endring i desse
  • kan oppdatere den yrkesfaglege kompetansen sin innanfor eldreomsorg
  • forstår si eiga yrkesrolle og sin eigen yrkeskompetanse i eit samfunnsperspektiv, og dessutan si eiga yrkesrolle i samarbeid med andre yrkesgrupper
Ferdigheiter

Studenten

  • kan nytte fagleg kunnskap om livsmeistring og sjukdom hos eldre
  • kan nytte relevante kartleggingsverktøy, faglege verktøy og teknikkar for å fremje livsmeistring i eldreomsorga
  • kan finne informasjon og fagstoff som er relevant i arbeidet med faglege problemstillingar innanfor eldreomsorga
  • kan kartleggje ein situasjon og identifisere faglege problemstillingar som handlar om eldre og livsmeistring, og identifisere behov for å setje i verk tiltak
Generell kompetanse

Studenten

  • har forståing for faglege og etiske prinsipp innanfor arbeidet med eldre og livsmeistring
  • har utvikla ei etisk grunnhaldning i utøvinga av yrket som kjem til uttrykk gjennom refleksjon og samhandling med eldre, pårørande og andre samarbeidspartnarar, og dessutan i møte med mangfald, migrasjonshelse og ulike kulturar og urfolk
  • kan utføre arbeid med eldre og livsmeistring etter behova til pasienten, brukaren eller målgruppa
  • kan byggje relasjonar med relevante yrkesgrupper i eldreomsorga og på tvers av fagfelt
  • kan utvikle arbeidsmetodar med relevans for eldreomsorga gjennom erfaringsutveksling, kunnskapsdeling, rettleiing og etisk refleksjon