Livsstil og kroniske sjukdommar
2. Om utdanninga
Stadig fleire utviklar sjukdom som følgje av livsstilen sin, og mange av dei utviklar kronisk sjukdom, ofte òg multimorbiditet. Personar med kroniske sjukdommar har i mange tilfelle ein livsstil som kan forverre ein eksisterande sjukdom eller bidra til utvikling av ny sjukdom. Førebyggjande og oppfølgjande arbeid med denne pasientgruppa er krevjande for samfunnet. Arbeidet krev yrkesutøvarar med høg kompetanse og forståing for samanhengen mellom livsstil og kroniske sjukdommar, slik at helsevesenet til kvar tid er rusta for å møte og vareta pasientar med fleire og stadig meir samansette helseutfordringar.
Høgare yrkesfagleg utdanning i livsstil og kroniske sjukdommar har som mål å utdanne yrkesutøvarar som kan møte desse helsemessige samfunnsutfordringane. Utdanninga gir studentane verdifull kunnskap som kan nyttast til å identifisere risikofaktorar for utvikling av kronisk sjukdom. Studentane lærer om folkehelse både i eit individperspektiv og i eit samfunnsperspektiv.
Utdanninga er delt inn i seks emne. Fullført og bestått utdanning gir 60 studiepoeng.