Hopp til hovedinnhold

Livsstil og kroniske sjukdommar

3. Overordna læringsutbytte

Kunnskap

Kandidaten

  • har kunnskap om omgrep, prosessar og verktøy som blir nytta i arbeid med livsstilsendring og førebygging og behandling av kroniske sjukdommar 
  • har kunnskap om helsefremjande og førebyggjande tiltak som kan bidra til å førebyggje akutte og kroniske sjukdommar hos folk med ulike kulturelle eller tradisjonelle syn på helse og sjukdom
  • har innsikt i relevant lovverk, standardar, avtalar og kvalitetskrav som regulerer førebyggjande og behandlande arbeid i helsesektoren
  • har bransjekunnskap og kjennskap til tverrfagleg og tverrsektorielt arbeid for å fremje ein sunn livsstil og førebyggje kronisk sjukdom
  • kan oppdatere den yrkesfaglege kunnskapen sin om samanhengen mellom livsstil og utvikling av akutte og kroniske sjukdommar
  • forstår kor viktig arbeidet i eigen bransje er for å fremje ein sunn livsstil og førebyggje sjukdomsutvikling i eit samfunns- og verdiskapingsperspektiv 
Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan nytte fagleg kunnskap for å kaste lys over praktiske, etiske og teoretiske problemstillingar i møte med personar som har ein livsstil som gir auka risiko for å utvikle eller forverre kroniske sjukdommar
  • kan nytte relevante faglege verktøy, velferdsteknologi og kommunikasjonsteknikkar som reiskap for å bidra til endring av livsstil hos personar med risiko for å utvikle kronisk sjukdom
  • kan finne informasjon og fagstoff som er relevant for yrkesfaglege problemstillingar innanfor arbeid med helsefremjande livsstil og kroniske sjukdommar 
  • kan kartleggje ein situasjon og identifisere faglege problemstillingar og behov for tiltak for å førebyggje, lindre eller behandle kronisk sjukdom
Generell kompetanse

Kandidaten

  • har forståing for yrkes- og bransjeetiske prinsipp i møte med pasientar/brukarar med livsstilssjukdommar og/eller kroniske sjukdommar, også ved mangfald og ved ulike kulturar
  • har utvikla ei etisk grunnhaldning som kjem til uttrykk i møte med personar med kronisk sjukdom og utfordringar knytte til livsstil
  • kan utføre arbeidet etter individuelle behov hos personar med utfordringar knytte til livsstil og kronisk sjukdom
  • kan byggje relasjonar med fagfellar og på tvers av fag for å vareta personar med utfordringar knytte til livsstil og kronisk sjukdom
  • kan utvikle arbeidsmetodar som er relevante for arbeidet med helsefremjing, endring og lindring ved kronisk sjukdom