Hopp til hovedinnhold

Nevrologiske sjukdommar og skadar

Nasjonale planar

2. Om utdanninga

Høgare yrkesfagleg utdanning i nevrologiske sjukdommar og skadar har som mål å utdanne yrkesutøvarar som har kompetanse på nevrologiske sjukdommar og skadar og symptom på og behandling av slike. Nevrologi er læra om sjukdommar i nervesystemet, det vil seie både det sentrale og det perifere nervesystemet. Utdanninga skal òg gi kunnskap om og forståing av helsefremjande og førebyggjande arbeid på dette feltet, og kunnskap om og forståing av rehabilitering og habilitering både i heimen og på institusjon. Utdanninga skal gjere studentane meir bevisste på kor viktig profesjonalitet i eiga rolle og yrkesutøving er i arbeidet med pasientsikkerheit og kvalitetsforbetring, og på korleis den kommunale helse- og omsorgstenesta og spesialisthelsetenesta er organiserte og samhandlar.