Hopp til hovedinnhold

Nevrologiske sjukdommar og skadar

Nasjonale planar

3. Overordna læringsutbytte

Kunnskap

Kandidaten

  • har kunnskap om helsefremjande og førebyggjande arbeid i den kommunale helse- og omsorgstenesta og i spesialisthelsetenesta,inkludertkunnskap om rehabilitering og habilitering hos pasientar med nevrologisk sjukdom og/eller skade
  • har kunnskap om nevrologiske sjukdommar og skadar, inkludert symptom, behandling og sjukepleie, for å kunne observere, kartleggje og vurdere behov for tiltak
  • har kunnskap om kommunikasjon i samhandlinga med pasientar med nevrologisk sjukdom og/eller skade og dei pårørande
  • har kunnskap om faglege verktøy i arbeidet med å kartleggje og dokumentere helsetilstand, ressursar, behov og funksjonsnivå hos personar med nevrologisk sjukdom og/eller skade
  • har kunnskap om velferdsteknologi som kan gjere pasienten meir sjølvstendig og bidra til at hen opplever meistring
  • har innsikt i rettar, støtteordningar, lovverk for helse- og omsorgssektoren og nasjonale retningslinjer for arbeid med, og kvalitet på, helsetenester til pasientar med nevrologisk sjukdom og/eller skade
  • har kunnskap om organiseringa av den kommunale helse- og omsorgstenesta og spesialisthelsetenesta og kjennskap til ansvar og oppgåver for aktørar og samarbeidspartar i ulike pasient- og omsorgsforløp
  • kan oppdatere kunnskapen sin om nevrologiske sjukdommar og skadar for å kunne observere, kartleggje, vurdere og setje i verk tiltak på eige kompetanse- og ansvarsområde
  • forstår kva det betyr for samfunnet å ha ei heilskapleg og koordinert helseteneste som varetek behova til befolkninga, og korleis det bidreg til verdiskaping i samfunnet
Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan nytte kunnskap om nevrologiske sjukdommar og skadar, og symptom på og behandling av slike, til å observere, kartleggje, vurdere og setje i verk tiltak ut frå tilstanden og behova til pasienten
  • kan nytte kunnskap om helsefremjande og førebyggjande arbeid, behandling, rehabilitering og habilitering til å gi pasientar med nevrologisk sjukdom og/eller skade rettleiing om meistring og eigenomsorg
  • kan nytte kunnskap om sjukepleie ved nevrologiske sjukdommar og skadar til å identifisere ressursar og behov, setje mål og setje i verk og evaluere tiltak innanfor eige kompetanse- og ansvarsområde og/eller i samarbeid med andre
  • kan nytte kunnskap om velferdsteknologi til å identifisere behov for velferdsteknologiske løysingar og hjelpe pasientane med å skaffe slike
  • kan nytte elektroniske dokumentasjonssystem og kommunikasjonsformer og teknikkar profesjonelt i samarbeidet med pasientar, pårørande, frivillige, kollegaer og andre yrkesgrupper
  • kan nytte standardiserte observasjonsskjema og kartleggingsverktøy til å kartleggje tilstand, ressursar og behov for tiltak hos pasientar med nevrologisk sjukdom og/eller skade
  • kan finne informasjon og fagstoff som er relevant for problemstillingar knytte til arbeid med pasientar med nevrologisk sjukdom og/eller skade
  • kan kartleggje situasjonar i møte med pasientar med nevrologisk sjukdom og/eller skade og identifisere faglege, juridiske og etiske problemstillingar og behov for å setje i verk tiltak
Generell kompetanse

Kandidaten

  • har forståing for yrkesetiske retningslinjer som regulerer yrkesutøvinga i helsetenesta
  • har utvikla ei etisk grunnhaldning som kjem til uttrykk ved at hen bidreg til brukarmedverknad, pasientintegritet og ei fagleg forsvarleg yrkesutøving
  • kan innanfor eige kompetanse- og ansvarsområde utføre helsefremjande, førebyggjande, behandlande, rehabiliterande, habiliterande og lindrande tiltak etter individuelle behov hos pasientar med nevrologisk sjukdom og/eller skade
  • kan byggje relasjonar med kollegaer og på tvers av avdelingar og tenestenivå i tenestetilbodet til pasientar med nevrologisk sjukdom og/eller skade
  • kan gjennom kunnskapsdeling, rettleiing og etisk refleksjon på arbeidsplassen bidra til å utvikle arbeidsmetodar og tenester til pasientar med nevrologisk sjukdom og/eller skade