Automatisering
Nasjonale planar5. Emnebeskrivingar
Læringsutbyttebeskrivingane på emnenivå (E-LUB) i denne planen er ikkje utfyllande og må reknast som rettleiande. Det er opp til den enkelte fagskulen å utvikle dekkjande E-LUB som òg tek vare på eigenart og lokale faktorar gjennom eigne studieplanar. Den enkelte fagskulen går kvart år gjennom E-LUB i studieplanane sine i tråd med eigne kvalitetssikringsrutinar.
5.1 Reiskapsemne
Realfagleg reiskap
Emne | Tema |
---|---|
Realfagleg reiskap 10 studiepoeng | Blir tilordna av den enkelte tilbydaren |
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om realfag som reiskap innanfor fagområdet sitt
- har kunnskap om realfaglege omgrep, teoriar, analysar, strategiar, prosessar og verktøy som blir nytta
- kan utføre berekningar, overslag og problemløysing med relevans for dimensjonering og andre problemstillingar innanfor studieretninga
- kan vurdere sitt eige arbeid i samsvar med matematiske og fysiske lover
- kan utvide kunnskapen sin og har innsikt i eigne høve til utvikling innanfor realfag
- kjenner til matematikkens og fysikkens eigenart og plass i samfunnet
Ferdigheiter
Studenten
- kan gjere greie for val av reknemetoden som blir brukt til å løyse faglege problem
- kan gjere greie for val av digitale verktøy som blir brukte til problemløysing innanfor realfaglege tema
- kan nytte digitale hjelpemiddel til å løyse likningar og andre matematiske oppgåver
- kan vurdere resultat av berekningar og reflektere over si eiga faglege utøving og justere denne under rettleiing
- kan finne og vise til relevant informasjon og fagstoff i formelsamlingar, tabellar og fagbøker
- kan kartleggje ein situasjon og identifisere realfaglege problemstillingar
- har kjennskap til og kan nytte grunnleggjande fysiske lover og fysikkens metodikk
- kan tolke og bruke modellar som blir nytta innanfor matematikk og fysikk
Generell kompetanse
Studenten
- kan planleggje og gjennomføre yrkesretta arbeidsoppgåver og prosjekt åleine og som deltakar i ei gruppe ved å nytte realfag i tråd med etiske krav, retningslinjer og målgruppa sine behov
- har innsikt i kva føresetnader og forenklingar hen har gjort i berekningane sine
- har innsikt i rekkjevidda og avgrensingane til metodane som blir brukte
- kan utveksle synspunkt og samarbeide med fagfellar om fagspesifikke problemstillingar med realfag som tverrfagleg fundament, og dermed bidra til organisasjonsutvikling
Kommunikasjon
Emne | Tema |
---|---|
Kommunikasjon 10 studiepoeng | Blir tilordna av den enkelte tilbydaren |
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om grunnleggjande kommunikasjonsteori
- kjenner til kva kulturell identitet har å seie for samarbeid og kommunikasjon på arbeidsplassen
- har kunnskap om engelske faguttrykk som blir brukte innanfor eige fagområde
- har kunnskap om sentrale retoriske omgrep og verkemiddel
- har kunnskap om kjeldebruk etter standard for høgare utdanning
- kjenner til vanlege digitale verktøy for kjeldetilvising, dokumentasjon, tekstproduksjon, deling, presentasjon og møte
- har kjennskap til prinsipp for tekstorganisering og produksjon
- har kunnskap om kva som kjenneteiknar ei problemstilling, og korleis ein kan svare på henne
Ferdigheiter
Studenten
- kan reflektere over møte mellom forskjellige arbeidslivskulturar
- kan bruke relevante omgrep for å analysere sin eigen og andres tekst
- kan reflektere over og revidere tekstar
- kan reflektere over korleis retorikk blir nytta
- kan byggje opp sakleg argumentasjon og bruke retoriske appellformer
- kan innhente informasjon frå ulike kjelder og bruke han kritisk, formålstenleg og etterretteleg
- kan reflektere over eigen kommunikasjon i profesjonell samanheng
- kan produsere tekstar der form og innhald er tilpassa situasjonen, målet og mottakaren
- kan bruke digitale kommunikasjonsverktøy i ein profesjonell samanheng
- kan uttrykkje seg med nyansert ordval, variert setningsstruktur og tekstbinding
- kan planleggje, strukturere og gjennomføre møte og presentasjonar
Generell kompetanse
Studenten
- kan kommunisere formålstenleg for å bidra til ein inkluderande organisasjonskultur
- kan tilpasse språk og argumentasjon etter mål og mottakar
- kan produsere tekstar med korrekt rettskriving, grammatikk og teiknsetjing
- meistrar relevante kommunikasjonsverktøy
- kan kommunisere gjennom relevante tekstar og kanalar
- kan samarbeide om tekstproduksjon
Leiing, økonomi og marknadsføring (LØM)
Emne | Tema |
---|---|
LØM 10 studiepoeng | Økonomistyring Organisasjon og leiing Marknadsføringsleiing |
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om sentrale omgrep innanfor økonomi, organisasjon og marknadsføring knytte til føretaksleiing
- har kunnskap om lønnskostnader
- har kunnskap om mål, tiltak og handlingsplanar
- kjenner til aktuelle lover og avtalar innanfor emnet
Ferdigheiter
Studenten
- kan kartleggje eksterne og interne arbeidsvilkår og utarbeide situasjonsanalysar
- kan gjere greie for den økonomiske statusen i bedrifta ved å hente ut økonomiske data frå rekneskapen og bruke dei i analysar og kalkylar
- kan vurdere betalingsevna og kapitalbehovet til bedrifta
- kan planleggje økonomiske milepælar ved å utarbeide budsjett og gjere greie for økonomisk måloppnåing ved å vurdere eventuelle avvik
- kan gjennomføre ein investeringsanalyse og reflektere over lønnsemda i ei mogleg framtidig investering
- kan bruke rekneark i arbeidet med rekneskap, budsjett, analysar og kalkylar
- kan gjere ei heilskapleg prisvurdering og utarbeide kalkylar
- kan vurdere organisasjonsstrukturen og kulturen og arbeidsmiljøet for å vidareutvikle verksemda
- kan kommunisere med, leie og motivere personalet på måtar som fremjar effektivitet og trivsel
- kan identifisere, analysere og utvikle kompetansen til medarbeidarane
- kan planleggje og gjennomføre gode rekrutteringsprosessar, frå behovsanalyse til introduksjon
- kan gjere greie for kjøpsprosessen i ulike marknader og vurdere kunden si kjøpsåtferd i desse
- kan vurdere val av marknadskommunikasjonstiltak i aktuelle medium og tilpasse bodskapen til utvalde målgrupper i dei aktuelle media
- kan vurdere kva produkt bedrifta bør satse på, i kva marknader satsinga bør skje, og kva distribusjonskanalar ein bør nytte
- kan vurdere kva verksemds- og marknadsstrategi som bør veljast
Generell kompetanse
Studenten
- kan innanfor gitte tidsfristar, åleine og i samarbeid med andre, planleggje, gjennomføre, dokumentere og levere arbeidsoppgåver og prosjekt
- kan etablere, utvikle og leie ein organisasjon på måtar som fremjar både effektivitet, arbeidsmiljø, berekraft og samfunnsansvar
- har digital kompetanse til å søkje kunnskap og informasjon og kan tolke og bruke informasjonen i det vidare arbeidet
- kan kommunisere internt og eksternt og nytte digitale verktøy til dette
- kan utarbeide relevante faglege dokument som til dømes pristilbod, tiltaks-/handlingsplanar, arbeidsavtalar, møteinnkallingar med saksframlegg og forretnings- og marknadsplanar
- kan reflektere over samfunnsutviklinga og relatere utviklinga til bedrifta sin situasjon
5.2 Grunnlagsemne
Elektriske system
15 studiepoeng
Tema: Jf. «Sentrale tema» i siste del av dette emnet
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om grunnleggjande elektriske lover og formlar og forstår korleis elektriske kretselement og system verkar og er bygde opp
- har kunnskap om DC-kretsar og AC-kretsar som inneheld resistansar, kapasitansar og induktansar og straum- og spenningskjelder
- har kunnskap om aktuelle matematiske modellar, berekningsmetodar og nettverksteorem for ulike elektriske kretselement
- har kunnskap om måleteknikk for elektriske system og bruk av relevant måleverktøy
- har kunnskap om krav til framstilling og oppdatering av dokumentasjon på fagområdet elektro og forstår dokumentasjon frå andre tekniske fagområde
- har innsikt i relevant regelverk om elsikkerheit
- kan vurdere om dokumentasjon er i samsvar med gjeldande normer, bransjestandardar og krav til kvalitet for arbeid med elektriske system
- kan oppdatere den yrkesfaglege kunnskapen sin om elektriske system
- har innsikt i sine eigne høve til utvikling innanfor elektriske system
Ferdigheiter
Studenten
- kan gjere greie for straumar, spenningar og effektar i samansette parallelle og seriekopla elektriske DC-kretsar og AC-kretsar som inneheld resistansar, kapasitansar og induktansar, straumkjelder og spenningskjelder
- kan gjere greie for val av simuleringsverktøy for å berekne straumar og spenningar i elektriske kretsar
- kan gjennom laboratoriearbeid/simulering nytte relevant måleutstyr til å måle og feilsøkje i elektriske kretselement og system og vurdere måleresultata
- kan reflektere over resultat frå målingar med relevant måleutstyr på elektriske system og justere desse under rettleiing
- kan gjere greie for val av dokumentasjon på fagområdet elektro og forstå dokumentasjon frå andre tekniske fagområde
- kan reflektere over si eiga faglege utøving innanfor elektriske system og justere denne under rettleiing
- kan finne og vise til informasjon og fagstoff og vurdere relevansen for ei yrkesfagleg problemstilling
- kan kartleggje ein situasjon og identifisere faglege problemstillingar og behov for å setje i verk tiltak
Generell kompetanse
Studenten
- kan planleggje, dokumentere og gjennomføre yrkesretta arbeidsoppgåver og prosjekt i samband med elektriske system åleine og som deltakar i ei gruppe og i tråd med etiske krav og retningslinjer
- kan utarbeide planar og instruksar på fagområdet elektriske system i tråd med kunden sine behov
- kan byggje relasjonar med fagfellar innanfor elektriske system og på tvers av fag og med eksterne målgrupper
- kan utveksle synspunkt med andre som har bakgrunn frå elektrofaget, og kan delta i diskusjonar for å vurdere fagspesifikke problemstillingar
- kan bidra til fagleg utvikling ved å følgje med på ny teknologi innanfor elektriske system som kan føre til kvalitetsheving, nyskaping og innovasjon
Sentrale tema
Elektromatematikk (integrert)
Elektromatematikk er ein integrert del av emnet.
Kretsteknikk i likestraum- og vekselstraumkretsar
Grunnleggjande komponentlære for bruk i likestraum- og vekselstraumkretsar. Forståing av relasjonane mellom resistans, kapasitans, induktans og tilhøyrande spenning over komponentane, motstand, kondensator og spole.
Elektromagnetisme
Den delen av fysikken som beskriv alle elektriske og magnetiske fenomen som er beskrivne ved Maxwells likningar. Omfattar mellom anna elektrisk ladning, elektrisk straum, elektriske og magnetiske krefter og elektromagnetisk stråling. Maxwells likningar dannar òg grunnlaget for oppbygging av spolar og kondensatorar og berekning av kapasitans og induktans.
Måleteknikk for elektriske system
Elektriske system kan bestå av både passive (resistans, spole, kondensator) og aktive (transistor) komponentar som blir kopla saman ved hjelp av elektriske leiarar. Omgrepet måleteknikk for elektriske system er definert som «måling og feilsøking på elektriske kretsar ved å bruke eigna måleutstyr for å tolke måleresultata rett».
Laboratoriearbeid/simulering
Alternative måtar å arbeide med elektriske system på er databasert simulering eller fysisk arbeid på lab. Laboratoriearbeid kan vere både fysisk ferdigheitstrening i ein lab og simulering av elektriske system ved hjelp av relevant verktøy.
Konstruksjon, dokumentasjon og regelverk
Byggje opp, lage eller utføre ein konstruksjon som inneber teikningsunderlag for elektromontasje. Saman med regelverk blir dette dokumentasjon som inngår i fagleg leiing.
Elektroniske system
15 studiepoeng
Tema: Jf. «Sentrale tema» i siste del av dette emnet
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om korleis digitale og analoge system er bygde opp og verkar
- har kunnskap om ulike måtar åkommunisereelektronisk og overføre signal mellom einingar på
- har kunnskap om kvalitetsvurdering av kommunikasjonsløysingar og dimensjonering av analoge og digitale system
- har kunnskap om omgrep og definisjonar innanfor datanettverk og nettverksstrukturar
- har kunnskap om mikrokontrollarkretsar og korleis dei blir brukte
- har kunnskap om ESD og måleteknikk for elektroniske system og bruk av relevant måleverktøy
- kan vurdere sitt eige arbeid med elektroniske system i samsvar med gjeldande normer, bransjestandardar og krav til kvalitet
- kan oppdatere den yrkesfaglege kunnskapen sin om elektroniske system
- har innsikt i sine eigne høve til utvikling innanfor elektroniske system
Ferdigheiter
Studenten
- kan gjere greie for val av komponentar og utstyr til digitale og analoge system frå datablad og teknisk dokumentasjon og ta omsyn til EMC i samband med støypåverknad og temperaturendringar
- kan gjere greie for val av simuleringsverktøy til elektroniske system for testing og verifisering av verkemåte
- kan gjennom laboratoriearbeid/simulering nytte relevant måleutstyr til å måle og feilsøkje i elektroniske system og vurdere måleresultata
- kan reflektere over resultat frå målingar med relevant måleutstyr på elektroniske system og justere desse under rettleiing
- kan gjere greie for val av elektroniske teikneverktøy til framstilling og systematisering av dokumentasjon
- kan reflektere over si eiga faglege utøving innanfor elektroniske system og justere denne under rettleiing
- kan finne og vise til informasjon og fagstoff og vurdere relevansen for ei yrkesfagleg problemstilling
- kan kartleggje ein situasjon og identifisere faglege problemstillingar og behov for å setje i verk tiltak
Generell kompetanse
Studenten
- kan planleggje, dokumentere og gjennomføre yrkesretta arbeidsoppgåver og prosjekt i samband med elektroniske system åleine og som deltakar i ei gruppe og i tråd med etiske krav og retningslinjer
- kan utarbeide planar og instruksar på fagområdet elektroniske system i tråd med kunden sine behov
- kan byggje relasjonar med fagfellar innanfor elektroniske system og på tvers av fag og med eksterne målgrupper
- kan utveksle synspunkt med andre innanfor elektrofaget og med medarbeidarar og formidle kompetansen sin til dei som bruker systema
- kan bidra til fagleg utvikling ved å følgje med på ny teknologi innanfor elektroniske system som kan føre til kvalitetsheving, nyskaping og innovasjon
Sentrale tema
Elektromatematikk (integrert)
Elektromatematikk er ein integrert del av emnet.
Analog- og digitalteknikk
Praktisk kjennskap til konstruksjons- og berekningsmåtar for analoge og digitale kretsar.
Mikrokontrollteknikk
Handlarom korleis mikrokontrollarane er bygde opp, fungerer og blir brukte, og om enkel programmering og funksjonstesting.
Elektronisk måleteknikk og statisk elektrisitet (ESD)
Arbeid knytt til måling og feilsøking på elektroniske kretsar ved å bruke eigna måleutstyr og behandle elektroniske komponentar rett.
Elektronisk kommunikasjon
Grunnleggjande innsikt i korleis ulike transmisjonsmetodar kan nyttast, inkludert BUS-topologi for nettverkssystem, og forståingav kva fysiske avgrensingar som gjeld.
Laboratoriearbeid/simulering
Alternative måtar å arbeide med elektroniske system på er databasert simulering eller fysisk arbeid på lab. Laboratoriearbeid kan vere både fysisk ferdigheitstrening i ein lab og simulering av elektroniske system ved hjelp av relevant verktøy.
Konstruksjon, dokumentasjon og regelverk
Byggje opp, lage eller utføre ein konstruksjon som inneber teikningsunderlag for elektroniske kretsar og kretskortlayout for elektronikkproduksjon. Saman med regelverk blir dette dokumentasjon som inngår i fagleg leiing.
5.3 Fordjupingsemne
Styringssystem med fagleg leiing
10 studiepoeng
Tema:
- Fagleg leiing (integrert)
- Styringssystem
- Normer og standardar
- Dokumentasjon
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om målemetodar, analyseverktøy og teknisk utstyr som blir nytta i automatiserte anlegg
- har kunnskap om korleis styringssystem kan bidra til energioptimalisering
- har kunnskap om standardar for programmering av styringssystem
- har kunnskap om datasikkerheit i styringssystem
- har kunnskap om vidareutvikling og design av styrings- og kommunikasjonssystem som blir brukte i automatiserte anlegg
- har kunnskap om dokumentasjon innanfor styringssystem
- kan vurdere sitt eige arbeid med omsyn til gjeldande myndigheitskrav til automatiserte anlegg i form av lover, forskrifter, normer og internasjonale standardar
- har kunnskap om styringssystembransjen
- kan oppdatere kunnskapen sin om styringssystem
- har innsikt i sine eigne høve til utvikling på fagfeltet styringssystem
Ferdigheiter
Studenten
- kan gjere greie for val med omsyn til teknisk kvalitet og integrering i eit større system i eit automasjonsanlegg
- kan gjere greie for val av optimalt pådragsorgan til energiomforming i samsvar med miljø, operasjonelle krav og funksjon
- kan gjere greie for dei faglege vala sine i samband med vedlikehaldsstrategien til automasjonsanlegget
- kan reflektere over si eiga faglege utøving innanfor styringssystem og justere denne under rettleiing
- kan finne og vise til informasjon og fagstoff om fagområdet styringssystem og vurdere relevansen for eit arbeidsprosjekt
- kan kartleggje problemstillingar i eit automatisert anlegg i samanheng med styringssystem og kan identifisere behov
- kan kartleggje funksjonsfeil i styringssystem ved hjelp av feilsøking og identifisere behov for å setje i verk tiltak
Generell kompetanse
Studenten
- kan planleggje og gjennomføre prosjektaktivitetar i eit automatisert anlegg for å avdekkje funksjonsfeil i styringssystem som deltakar i ei gruppe og i tråd med etiske krav og retningslinjer
- kan utføre arbeidet etter behova og krava til leverandørar og spesialistar
- kan byggje relasjonar med fagfellar, på tvers av fag og med eksterne målgrupper som leverandørar og spesialistar for å utveksle erfaring og kompetanse og for å inngå formelle arbeidsavtalar
- kan utveksle synspunkt med andre i automatiseringsbransjen ved å bidra til at styringssystem blir integrerte i det totale styringsverktøyet til bedrifta, og kan drøfte løysingar for effektivt vedlikehald og optimalisering av produksjonsprosessar og miljøomsyn
- kan bidra til organisasjonsutvikling ved å bruke avviksmeldingar ved eventuelle hendingar og bruke rapporteringa i kontinuerleg forbetring
Måle- og reguleringsteknikk med fagleg leiing
10 studiepoeng
Tema:
- Fagleg leiing (integrert)
- Reguleringsteknikk
- Måling og instrumentering
- Normer og standardar
- Dokumentasjon
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om reguleringssystem som er nytta i automatiserte anlegg
- har kunnskap om målemetodar, analyseverktøy og teknisk utstyr som blir nytta i automatiserte anlegg
- har kunnskap om korleis måle- og reguleringsteknikk kan bidra til energioptimalisering
- har kunnskap om matematiske modellar som er nytta innanfor måle- og reguleringsteknikk
- har kunnskap om korleis reguleringssystem kan integrerast i dei totale databehandlingssystema til bedrifta
- har kunnskap om vidareutvikling og design av reguleringssystem i automasjonsfaget
- kan vurdere sitt eige arbeid med omsyn til gjeldande myndigheitskrav til automatiserte anlegg i form av lover, forskrifter, normer og internasjonale standardar
- har innsikt i sine eigne høve til utvikling på fagfeltet reguleringstekniske system
Ferdigheiter
Studenten
- kan gjere greie for vala sine med omsyn til teknisk kvalitet og integrering i eit større system i eit automasjonsanlegg
- kan gjere greie for val av digitale verktøy og metodar for planlegging og gjennomføring av prosjektaktivitetar i eit automatisert anlegg
- kan nytte simulerings- og analyseverktøy og ulike metodar for å optimalisere reguleringstekniske system
- kan nytte dei totale databehandlingssystema til bedrifta ved å integrere reguleringssystem knytte til produksjonsprosessar
- kan reflektere over simulerings- og analyseresultat for kontroll av reguleringstekniske system
- kan finne og vise til informasjon og fagstoff om fagområdet og vurdere relevansen for eit arbeidsprosjekt
- kan kartleggje problemstillingar i eit automatisert anlegg i samanheng med reguleringstekniske system og kan identifisere behov
- kan kartleggje funksjonsfeil i reguleringstekniske system ved hjelp av feilsøking og identifisere behov for å setje i verk tiltak
Generell kompetanse
Studenten
- kan planleggje, gjennomføre og drifte reguleringstekniske system på automatiserte anlegg som deltakar i eller leiar av ei gruppe og i tråd med etiske krav og retningslinjer og myndigheitskrav til sikkerheit, kvalitet, økonomi og teknikk
- kan planleggje og gjennomføre arbeidsoppgåver innanfor digital kommunikasjon som er i tråd med dei etiske føresetnadene og juridiske retningslinjene for personvern
- kan planleggje og gjennomføre arbeid på automatiserte anlegg ved å utøve tverrfagleg leiarskap og ta ansvar når automatiserte anlegg skal setjast i drift, innanfor rammene av gjeldande myndigheitskrav, sikkerheit, kvalitet, økonomi og teknikk
- kan utføre arbeidet etter behova og krava til leverandørar og spesialistar
- kan byggje relasjonar med fagfellar, på tvers av fag og med eksterne målgrupper som leverandørar og spesialistar for å utveksle erfaring og kompetanse og for å inngå formelle arbeidsavtalar
- kan utveksle synspunkt med andre i automatiseringsbransjen og drøfte løysingar for effektivt vedlikehald og optimalisering av reguleringstekniske system
- kan bidra til organisasjonsutvikling ved å bruke avviksmeldingar ved eventuelle hendingar og bruke rapporteringa i kontinuerleg forbetring
Programmering og digitalisering med fagleg leiing
10 studiepoeng
Tema:
- Fagleg leiing (integrert)
- Programmeringsspråk
- Nettverks- og datasikkerheit
- Stordata
- Digital tvilling
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om programmeringsspråk som er nytta i automatiserte anlegg
- har kunnskap om digitale tvillingar som verktøy for monitorering, feilsøking, prediktering og simulering
- har kunnskap om korleis ein kan sikreeit datanettverk mot dataangrep
- har kunnskap om grunnleggjande datakommunikasjon og kommunikasjonsprotokollar
- har kunnskap om korleis eit operativsystem verkar
- har kunnskap om prinsippa for aktuell teknologi for datalagring lokalt og over nettverk
Ferdigheiter
Studenten
- kan gjere greie for ulike typar protokollar for datakommunikasjon i automatiserte anlegg
- kan gjere greie for programmering av system som er relevante for digitalisering
- kan gjere greie for ulike typar grensesnitt mellom datasystem i automatiserte anlegg
- har kunnskap om prinsipp for utforming av brukar- ogsystemdokumentasjon
- kan kartleggje og planleggje arbeidsoperasjonar og programvarearkitektur i eit autonomt system
- kan kartleggje og korrigere funksjonsfeil i digitale system
Generell kompetanse
Studenten
- kan i samarbeid med andre yrkesgrupper planleggje, prosjektere, dokumentere, setje i verk og drifte eit system for datafangst og nettskybaserte tenester i ein automatisert samanheng og analysere dette
- kan byggje relasjonar med fagfellar og på tvers av fag innanfor programmering og digitalisering
- kan bidra til organisasjonsutvikling i bedrifta
- kan utveksle synspunkt om stordata og delta i diskusjonar
Elektroniske kommunikasjonssystem (ekom)
10 studiepoeng
Tema: Jf. «Sentrale tema» i siste del av dette emnet
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om planlegging, oppbygging og verkemåte for elektroniske kommunikasjonsnett (ekomnett) og tenester som skal distribuerast.
- kan vurdere sitt eige arbeid med omsyn til ekomlova og relevante forskrifter og standardar
- kan vurdere alle aspekt ved installasjon med omsyn til gjeldande standardar og krav til elsikkerheit og kvalitet
- har kunnskap om jording, EMC og EMI i ekomnett og veit korleis elektromagnetisk støy påverkar andre installasjonar
- har kunnskap om risikovurdering, planlegging, prosjektering og dokumentasjon av ekomnett
Ferdigheiter
Studenten
- kan gjere greie for vala sine i prosjektering av ekomnett
- kan gjere greie for val av materiell og utstyr som skal installerast eller haldast ved like, i tråd med den tekniske dokumentasjonen og tenestetypane som skal distribuerast
- kan bruke test- og måleinstrument og vurdere resultatet av målingar, testar og analysar
- kan utarbeide dokumentasjon
- kan reflektere over si eiga faglege utøving ved å måle, teste og analysere elektroniske kommunikasjonssystem, tolke resultata og justere desse under rettleiing
Generell kompetanse
Studenten
- kan planleggje, prosjektere og velje rett materiell for å installere, drifte og halde ved like ekomnett åleine og som deltakar i ei gruppe og i tråd med gjeldande regelverk og etiske krav
- kan utføre arbeidet sitt etter spesifikasjonar og gjeldande krav
- kan forstå innhaldet i kontraktar og referansar til standardar
- kan byggje relasjonar med andre fagfelt innanfor ekom, på tvers av fag og med eksterne målgrupper som leverandørar og spesialistar for erfaringsutveksling og drøfting av løysingar
- kan utveksle kunnskap og erfaring med andre som har bakgrunn frå ekom, og kan delta i diskusjonar om utvikling av nye løysingar, effektivt vedlikehald og god praksis
- kan bidra til å utvikle ein sunn bedriftskultur basert på dei verdiane som samfunnet ønskjer, og som vil gi bedrifta eit godt omdømme
- kan utøve fagleg leiing og førebu seg på sertifisering frå NKOM
Sentrale tema
Fagleg leiing (integrert)
HMS og risikovurdering. Planlegging og prosjektering.
Ekomregelverk
Utføring, måling, dokumentasjon og drift. Elsikkerheit, jording, EMC. Infrastruktur.
Lokal tilpassing / spesialisering med fagleg leiing
10 studiepoeng
Tema: Skulen skal opprette eit lokalt emne eller ei kvalifiserande spesialisering som skal gi studenten fagleg breidd og/eller bidra til fagleg fordjuping. Ved fullført emne skal studenten demonstrere utvida forståing og kompetanse knytt til emnet.
Læringsutbytte
Tilbydaren beskriv kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse i samsvar med NKR.
Hovudprosjekt
10 studiepoeng
Tema: Jf. «Sentrale tema» i siste del av dette emnet
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om korleis ein skriv ein prosjektrapport
- har særskild kunnskap om eit sjølvvalt tema med ei problemstilling innanfor fordjupinga
- har kunnskap om korleis ein innhentar informasjon om temaet for hovudprosjektet
- har kunnskap om samanhengen mellom teori og praksis
- kan vurdere sitt eige prosjekt med omsyn til gjeldande normer og krav
- kjenner til bransjen/yrka som er knytte til temaet i hovudprosjektet
Ferdigheiter
Studenten
- kan gjere greie for val av tema for hovudprosjektet
- kan identifisere, kartleggje og vurdere ei fagleg problemstilling
- kan delta i teamarbeid, planleggje, kommunisere og presentere prosjektarbeid og resultat
- kan skrive ein rapport om eit prosjekt
- kan drøfte samanhengen mellom teori og praksis
- kan reflektere over sitt eige prosjekt og justere dette under rettleiing frå fagfolk
- kan finne og vise til informasjon og fagstoff for å vurdere kor relevant ei problemstilling er i eit prosjekt
Generell kompetanse
Studenten
- kan planleggje og gjennomføre eit prosjektarbeid åleine og som deltakar i ei gruppe i tråd med formelle og etiske krav og retningslinjer
- har utvikla eit medvit rundt prosjektarbeid og kan fordjupe seg i temaet som dannar grunnlag for prosjektet, og tenkje kreativt og nyskapande
- kan utføre eit prosjektarbeid i tråd med behova til bedrifter eller arbeidsgivar
- kan utveksle synspunkt med andre i gruppa eller bedrifta og delta i diskusjonar om utviklinga av eit prosjekt
Sentrale tema
Fagleg leiing (integrert)
HMS og risikovurdering.
Prosjektering
Bruke prosjektstyringsverktøy til å planleggje, organisere og administrere ressursar for å nå bestemte mål. Lage ein framdriftsplan med funksjonar som Gantt-diagram, tidslinjer og tidsfristar. Bruke funksjonar som kalender, dokumenthandtering, ressursplanlegging og rapportering. Nytte framdriftsplanenshistorikk,som på ein enkel måte viserjusteringar, endringar og nye behov som oppstår undervegs.
Møtereferat og arbeidslogg
Lage møtereferat fortløpande for å kontrollere og dokumentere at prosjektet går etter planen. Referata inneheld òg beskrivingar med grunngiving for justeringar, endringar og nye behov som oppstår undervegs i prosjektforløpet.
Skrive ein individuell arbeidslogg for kvar prosjektdeltakar som beskriv arbeidet i prosjektet både med oppgåver og tidsbruk per arbeidsdag.