Hopp til hovedinnhold

​​Automatisering​

Nasjonale planar

2. Om utdanninga

Automatisering som disiplin har eit sterkt tverrfagleg preg og krev innsikt i mange fagområde. Automatisering er høgteknologi i praksis og dermed eit fagområde som er i rask utvikling. Ein yrkesutøvar må ha både solid praksis og ei til kvar tid oppdatert teoretisk utdanning for å kunne vurdere og løyse automatiseringsoppgåver innanfor arbeidsområdet sitt.

Fagområde kan vere prosessanlegg, offshore, industriell automatisert produksjon, byggautomatisering, havbruk og andre industrielle område, spesielt innanfor modernisering for å oppnå lønnsemd og miljøgevinst.

Som kandidat med automatisering som fordjuping kan du leie og ha ansvar for å planleggje og gjennomføre arbeid i automatiserte anlegg.

Opplæringa skal gi eit godt fundament for å kunne forstå forholda som ein fagleg ansvarleg må vareta. For å få eit automatisert anlegg til å fungere krevst det ei brei heilskapstenking som omfattar teoretisk kunnskap, kreativitet og praktiske ferdigheiter. Du får den teorien som krevst for å bli kvalifisert person for ekomnettautorisasjon (ENA). Ekomemnet er sentralt i denne fordjupinga.