Bygg
Nasjonale planar4. Overordna læringsutbytte
Kunnskap
Kandidaten
- har kunnskap om teori, regelverk og digitale verktøy som blir nytta innanfor prosjektering av berekraftige byggverk i tiltaksklasse 1 og 2
- har kunnskap om teori, regelverk, prosessar og digitale verktøy som blir nytta innanfor produksjon av berekraftige byggverk i tiltaksklasse 1, 2 og 3
- har kunnskap om leiing, økonomi og marknadsmessige forhold for bedrifter i byggjenæringa
- kan vurdere sitt eige arbeid med omsyn til regelverket som er knytt til prosjektering av berekraftige bygg i tiltaksklasse 1 og 2, og produksjon av slike bygg i tiltaksklasse 1, 2 og 3
- kan vurdere sitt eige arbeid med å planleggje, gjennomføre og evaluere byggjeprosjekt i tråd med gjeldande lover, forskrifter og avtalar
- har kjennskap til byggjenæringas historie, tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet og kan vurdere nye løysingar innanfor ramma av norsk byggjeskikk og bygningslovgiving
- kan oppdatere den yrkesfaglege kunnskapen sin om prosjektering og produksjon av byggverk
- har kjennskap til roller, ansvarsfordeling og juridiske forhold i byggjeprosjekt
- har innsikt i eigne utviklingsmoglegheiter
Ferdigheiter
Kandidaten
- kan gjere greie for dei faglege vala sine innanfor prosjektering og produksjon av berekraftige bygg
- kan reflektere over sin eigen bruk av digitale verktøy for prosjektering og produksjon av byggjeprosjekt og justere den faglege utøvinga si under rettleiing
- kan reflektere over si eiga faglege utøving innanfor prosjektering og produksjon av bygg og justere denne under rettleiing
- kan vise til informasjon og fagstoff frå aktuelle lover, forskrifter, oppslagsverk, standardar og planverk og vurdere relevansen av denne informasjonen for byggfaglege problemstillingar
- kan kartleggje ein situasjon og identifisere faglege problemstillingar innanfor prosjektering og utføring av byggjeprosjekt og beskrive behov for å setje i verk tiltak
Generell kompetanse
Kandidaten
- kan planleggje og gjennomføre byggfaglege arbeidsoppgåver og prosjekt åleine og som deltakar i ei gruppe og i tråd med dei etiske krava og retningslinjene som gjeld i byggjebransjen
- kan utveksle synspunkt med andre i og utanfor byggjenæringa og delta i diskusjonar om utvikling av god og berekraftig praksis
- kan prosjektere og produsere byggverk etter behova til ulike oppdragsgivarar
- kan bidra til organisasjonsutvikling og innovasjon innanfor byggjenæringa
- kan byggje tverrfaglege nettverk og relasjonar og samhandle med andre aktørar i byggjeprosessen