Hopp til hovedinnhold

Bygg​

Nasjonale planar

3. Om utdanninga

Utdanninga byggjer på yrkesfagleg utdanning eller realkompetanse og leverer fagskuleingeniørar med teknisk leiarkompetanse til byggjenæringa. Studiet gir 120 studiepoeng og kan gjennomførast på heiltid eller deltid. Etter fullført utdanning skal studenten ha kompetanse til å fylle ulike roller i byggjenæringa, spesielt innanfor planlegging og gjennomføring av byggjeprosjekt.

I denne revisjonen er det teke utgangspunkt i at fagskulestudenten skal oppnå ei heilskapleg forståing av den totale byggjeprosessen i fasar og med ulike aktørar, frå idé til avhending, men med fokus på sjølve byggjefasen.

Dei tekniske kvalitetskrava i byggteknisk forskrift og krava til utdanningsnivå for ansvarsrett i byggjesaksforskrifta gir retning for det overordna læringsutbyttet i utdanninga. Ei fagskulegrad på 120 studiepoeng tilfredsstiller utdanningskravet for prosjektering i TK2, utføring i TK3 og uavhengig kontroll i TK1 etter forskriftsendringa i 2018.

Samspelet mellom tekniske løysingar, økonomi, framdrift, effektivisering, koordinering og leiarskap dannar grunnlag for inndelinga i studieemne. I tillegg vil målet om berekraftig samfunnsutvikling og bruk av digitale verktøy for heile byggjeprosessen vere eit gjennomgåande tema i studiet. Progresjon i studiet og modning mot overordna læringsutbytte blir vareteke ved at det er ein klar samanheng mellom dei ulike emna, og ved at kompleksiteten aukar i løpet av studiet.

3.1 Omgrepsavklaringar

Utdanninga rettar seg mot å oppfylle utdanningskrava til dei ulike tiltaksklassane som er beskrivne i byggjesaksforskrifta kapittel 9 og 11. Fagskuleutdanninga på 120 studiepoeng er kopla til roller og tiltaksklassar slik:

• Ansvarleg søkjar: tiltaksklasse 1 og 2

• Ansvarleg kontrollerande: tiltaksklasse 1

• Ansvarleg prosjekterande: tiltaksklasse 1 og 2

• Ansvarleg utførande: tiltaksklasse 1, 2 og 3

Tiltaksklasse 1 (TK1) kan til dømes omfatte oppgåver i samband med småhusbygging med tilhøyrande arbeid, slik som grunnarbeid, tømrararbeid og sanitær- og ventilasjonsarbeid. Andre døme kan vere naust, mindre lagerbygningar, mindre kaiar og fortøyingsanlegg. Tiltaksklasse 1 omfattar normalt byggverk der prosjekteringa kan skje ved bruk av enkle berekningar, enkel dimensjonering, tabellar og førehandsaksepterte løysingar, og utføringa kan skje utan at det krevst avanserte metodar.

Tiltaksklasse 2 (TK2) omfattar oppgåver av liten kompleksitet og låg vanskegrad, der manglar eller feil kan få middels store konsekvensar for helse, miljø og sikkerheit, eller tiltak av middels kompleksitet og vanskegrad, der manglar eller feil kan få små eller middels store konsekvensar for helse, miljø og sikkerheit. Tiltaksklasse 2 kan omfatte tiltak som bustadblokker, skular, publikumsbygg, arbeidsbygg og driftsbygningar og omfattar normalt byggverk der prosjektering kan skje etter anerkjende føresetnader, berekningsmetodar og tekniske prinsipp.

Tiltaksklasse 3 (TK3) omfattar oppgåver med stor kompleksitet og høg vanskegrad eller oppgåver av middels kompleksitet og vanskegrad, der manglar eller feil kan få store konsekvensar for helse, miljø og sikkerheit.

Utføring i tiltaksklasse 3 omfattar oppgåver av høg vanskegrad eller oppgåver som krev spesielle og avanserte metodar.