Helseadministrasjon
Nasjonale planar2. Om utdanninga
Det er eit aukande behov for differensiert og spesialisert administrativt personale på fleire nivå i helse- og omsorgssektoren. Brukarar av dei ulike tenestene stiller krav til kvalitet og medbestemming, noko som igjen stiller krav til yrkesutøvinga. Det er òg behov for auka kompetanse grunna belastinga innanfor helse og omsorg, og det er eit stort behov for oppgåvegliding som kan gjere at vi får meir personale med auka administrativ kompetanse. Fagskuleutdanninga i helseadministrasjon vil bidra til å auke kompetansen til administrativt personale innanfor helse- og omsorgstenestene.
Kandidaten har etter fullført utdanning tileigna seg kunnskap om grunnleggjande element i helseadministrasjon og ferdigheiter innanfor saksbehandling, lovverk og økonomi knytt til helse- og omsorgssektoren. Dei får òg auka kompetanse innanfor kommunikasjon og samhandling med pasientar, pårørande og samarbeidspartnarar på alle nivå. Andre sentrale tema for utdanninga er kunnskap om oppgåver innanfor HMS og personalarbeid på arbeidsplassen.
Målgruppa for denne utdanninga er personar med relevant helsefagleg og/eller administrativ bakgrunn.
2.1 Grunngiving for val av tilpassingar i planen
Sjølv om dette er ei vidareutdanning på nivå 5.1 i kvalifikasjonsrammeverket, har vi valt å inkludere læringsutbyttebeskrivinga frå nivå 5.2 enkelte stader. I helsesektoren er det behov for oppgåvegliding, og administrativt personale må vere endå meir sjølvstendig og får større ansvar enn tidlegare. Dermed vil enkelte av læringsutbyttebeskrivingane på nivå 5.2 vere meir dekkjande for den kompetansen som studenten har behov for i møte med arbeidslivet. Læringsutbytte som er henta frå nivå 5.2, er markert med #.
Emne 1 i denne planen er tilpassa dette studiet og er derfor litt annleis enn det emne 1 som er standard i nasjonale planar for helsefag. Vi har valt å la emne 2 handle om saksbehandling, lovverk og økonomi, og derfor er ikkje dette teke med i emne 1. I dette studiet er det viktig å fokusere ekstra på saksbehandling, lovverk og økonomi, for det er eit behov for at studentane får meir og spesifikk kompetanse på desse områda gjennom utdanninga. Dette er nødvendig kompetanse for den jobben dei har og skal ha i arbeidslivet. Vi har av same grunn lagt vekt også på helse- og omsorgspolitikk i emne 1. Emne 3 handlar om kommunikasjon, samhandling og HMS. Nokre av momenta i emne 1 som er standard i nasjonale planar for helsefag, er tekne med og utvikla innanfor emne 3 i denne planen. Kommunikasjon og samhandling er vesentleg kompetanse å utvikle vidare for studentar innanfor helseadministrasjon.