Hopp til hovedinnhold

Kulde- og varmepumpeteknikk

Nasjonale planar

2. Om fagretninga teknikk og industriell produksjon (TIP)

Fagretninga teknikk og industriell produksjon (TIP) blir stadig meir omfattande og kompleks ettersom industri- og energiprosessar utviklar seg i takt med forsking og nyvinningar elles. Det tverrfaglege innslaget i slike prosessar er så stort at det stiller yrkesutøvarane overfor store utfordringar. Det er nødvendig å ha forståing for alt frå stort og tungt roterande maskineri til avanserte styringssystem, anten desse er baserte på hydraulikk eller elektronikk. Utviklinga i industrien har òg medført at teknologisk kompetanse for å lykkast industrielt må kombinerast med marknadsinnsikt og kundebehandling. Dette krev i sin tur kjennskap til og forståing for ulike bransjestandardar så vel som god innsikt i dei internasjonale standardane og sertifiseringsprosedyrane på område som spenner frå handfaste teknologikrav til næringsetikk. I tillegg må ein ha god innsikt i bedrifta sin plass i samfunnet manifestert gjennom kunnskap om kvalitetssikring, økonomi og administrasjon.

Med dette planverket ønskjer ein òg å sikre at utdanningane er i tråd med krava myndigheitene til kvar tid stiller, til dømes når det gjeld vurdering av lovpålagde krav i arbeidsmiljølova og HMS-forskrifter, og å leggje grunnlag for å sikre varige, lønnsame arbeidsplassar.

Utdanninga skal, i tillegg til å tilby tidsmessig fagleg opplæring, stimulere leiarferdigheitene til studenten med vekt på åtferd og haldningar. Utdanninga skal sikre at studenten har gode ferdigheiter i å kommunisere med medarbeidarar og med bedriftsomgivnadene, og at hen er fortruleg med å bruke digitale verktøy til dette formålet.

Fagretninga teknikk og industriell produksjon omfattar desse fordjupingane:

  • bilteknikk
  • maskinteknikk
  • maskinteknisk drift
  • mekatronikk
  • møbel og innreiing
  • sveiseteknikk
  • kulde- og varmepumpeteknikk
  • logistikk og transport