Hopp til hovedinnhold

Kulde- og varmepumpeteknikk

Nasjonale planar

4. Overordna læringsutbytte

Grunngiving for avvik frå NKR-nivå 5.2 og 5.1:

Då det ikkje finst utdanning på fagområdet kulde- og varmepumpeteknikk på bachelornivå 1. syklus (nivå 6), vil fagskulekandidatar normalt òg hamne i jobbar som eigentleg er tiltenkte personar med høgare teoretisk kompetanse enn fagskule. Tilbydarar har derfor historisk valt å leggje seg på eit noko høgare teoretisk nivå enn det som ville vore normalt for studentar på fagskulenivå, på enkelte område. Dette vil vere forventa av dei arbeidsgivarane som tilset kandidatar frå fordjuping i kulde- og varmepumpeteknikk. Det auka nivået blir spegla i at indikatorane i dei tre første kulepunkta under Kunnskap og det første kulepunktet under Ferdigheiter er lagde på nivå 6, ikkje på nivå 5.2.

I nest siste kulepunkt under Ferdigheiter krev nivå 5.1 i NKR at behovet for å setje i verk tiltak skal kunne fastslåast. For fordjuping i kulde- og varmepumpeteknikk vil det vere naturleg å leggje utdanninga på eit nivå over ved å ta med at tiltak òg skal kunne setjast i verk. Grunngivinga for dette er den same som i avsnittet ovanfor, og at fleire bransjar rekrutterer kandidatar til praktiske og teoretiske jobbar, til dømes som kjølemaskinistar på cruiseskip og andre skip med store, kompliserte kjøleanlegg. Her er det ikkje nok å kunne fastslå eit behov, ein må òg kunne setje i verk tiltak.

Kunnskap

Kandidaten

  • har brei kunnskap om omgrep, teoriar, berekningsmodellar, komponentar, prosessar og verktøy som blir nytta i konstruksjon, produksjon, drift og vedlikehald av eit kulde- og varmepumpeanlegg
  • har brei kunnskap om ulike systemløysingar, styrings-, regulerings- og overvakingsprinsipp for kulde- og varmepumpeanlegg og kva som er viktig for ei energiøkonomisk drift
  • har brei kunnskap om miljøpåverknaden i samband med kulde- og varmepumpeanlegg som kuldemedium og energiberar og med tanke på støy og energiforbruk
  • har kunnskap om økonomistyring, organisasjon, leiing og marknadsføringsleiing
  • har kunnskap om HMS-, SHA-, prosjekt- og kvalitetsstyring
  • kan vurdere sitt eige arbeid i samsvar med normer, standardar, lover og forskrifter som gjeld for konstruksjon, produksjon, drift og vedlikehald av kulde- og varmepumpeanlegg
  • har kunnskap om kulde- og varmepumpebransjen og kjennskap til yrkesfeltet
  • kan oppdatere den yrkesfaglege kunnskapen sin innanfor kulde- og varmepumpeteknikkfaget med litteratur, kurs og andre relevante forum i bransjen
  • kjenner til kulde- og varmepumpebransjens historie, tradisjon, eigenart og plass i samfunnet lokalt, nasjonalt og internasjonalt
  • har innsikt i eigne utviklingsmoglegheiter innanfor kulde- og varmepumpeteknikkbransjen
Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan nytte fagleg kunnskap på praktiske og teoretiske problemstillingar innanfor kulde- og varmepumpeteknikken og kan gjere greie for val av verktøy, løysingar, komponentar og prosessar
  • kan gjere greie for val av kuldemedium, energiberarsystemløysingar og styrings-, regulerings- og overvakingsprinsipp som inngår i ulike kulde- og varmepumpeanlegg
  • kan gjere greie for val av metodar og prinsipp innanfor prosjekt-, HMS-, SHA- og kvalitetsstyring
  • kan reflektere over si eiga faglege utøving med tanke på tekniske og miljømessige aspekt ved kulde- og varmepumpeteknikk og justere denne under rettleiing
  • kan finne og vise til informasjon og fagstoff som er relevant for ulike problemstillingar innanfor kulde- og varmepumpeteknikk, og vurdere dette med omsyn til lover, forskrifter, standardar og normer som er aktuelle for fagområdet
  • kan kartleggje ein situasjon, identifisere faglege problemstillingar som er aktuelle innanfor konstruksjon, produksjon, drift og vedlikehald av kulde- og varmepumpeanlegg, og setje i verk tiltak for å utbetre desse
  • kan vurdere bedrifta sin økonomiske situasjon og marknads- og leiingsutfordringar og gjere fornuftige og grunngitte val
Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan planleggje og gjennomføre arbeidsoppgåver og prosjekt innanfor kulde- og varmepumpeteknikk åleine eller som deltakar i ei gruppe, i tråd med etiske krav, krav til sikkerheit (forskrift om sikkerheit ved elektriske anlegg, FSE) og nasjonale retningslinjer for miljø og kvalitet og etter behova til bedrifta og/eller oppdragsgivaren
  • kan byggje relasjonar, team og nettverk med fagfellar innanfor kulde- og varmepumpeteknikk, på tvers av fag og med eksterne målgrupper som myndigheiter og kommunale instansar
  • kan utveksle synspunkt med andre aktørar frå kulde- og varmepumpebransjen og delta i diskusjonar om utvikling av god praksis
  • kan bidra til organisasjonsutvikling ved å følgje med på ny teknologi som kan føre til nyskaping og innovasjon innanfor kulde- og varmepumpeteknikkfaget