Hopp til hovedinnhold

Rettleiing

Nasjonale planar

3. Overordna læringsutbytte

Kunnskap

Kandidaten

  • har kunnskap om læringsteoriar, ulike perspektiv på læring og metodar frå ulike rettleiingstradisjonar
  • har innsikt i gjeldande lover og rammeverk som regulerer og påverkar rettleiarrolla
  • har kunnskap om kommunikasjon, samspelsteoriar og prosessar som er relaterte til rettleiing
  • har kunnskap om rettleiing ved bruk av digitale hjelpemiddel
  • har kunnskap om rettleiaren sitt ansvars-, funksjons- og kompetanseområde i samband med rettleiing av ulike vegsøkjarar
  • forstår korleis rettleiing kan bidra til personleg utvikling og vekst, samfunnstenleg kompetanse og auka verdiskaping
  • har kunnskap om rettleiing i eit fleirkulturelt perspektiv
Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan nytte aktuelt lov- og rammeverk for vegsøkjarar på praktiske og teoretiske problemstillingar
  • kan nytte ulike rettleiingsmetodar og kommunikasjonsverktøy og reflektere over personleg vekst og utvikling i rettleiarrolla
  • kan nytte kommunikasjons- og rettleiingsteknikkar i sin eigen rettleiingspraksis
  • kan kartleggje føresetnadene til vegsøkjaren, identifisere individuelle behov og tilpasse rettleiinga deretter
  • kan utøve praktiske rettleiingsferdigheiter
  • kan bidra til at vegsøkjaren veks og utviklar eigne perspektiv
  • kan nytte kompetansen sin innanfor rettleiing både individuelt og i gruppe
  • kan finne informasjon og fagstoff som er relevant for problemstillingar i rettleiingssituasjonar
  • kan nytte overgripande planverk og vurderingsprinsipp for å lage planar, setje seg mål, vurdere og dokumentere opplæring
Generell kompetanse

Kandidaten

  • forstår kor viktig det er med kritisk refleksjon i rettleiingsprosessar
  • har utvikla ei etisk grunnhaldning til rolla som rettleiar og reflekterer og gir rettleiing i tråd med denne
  • kan gi rettleiing tilpassa føresetnadene og behova til vegsøkjaren
  • kan byggje relasjonar med rettleiarar og faglege leiarar i eigen og andre sin bransje og med andre aktuelle samarbeidspartnarar
  • kan bruke kompetansen sin og ferdigheitene sine til å utvikle arbeidsmetodar som er relevante i rettleiing
  • kan gjennom rettleiing, vurdering og dokumentasjon bidra til fagleg utvikling av opplæringa i si eiga bedrift
  • kan synleggjere sin eigen rettleiarkompetanse