Hopp til hovedinnhold

Rettleiing

Nasjonale planar

2. Om utdanninga

Rettleiing er ein kompetanse som er etterspurd av både arbeidslivet og utdanningsinstitusjonane. Det å vere rettleiar ligg i skjeringspunktet mellom fag og person. Rettleiing er ein kompetanse som vil utvikle heile mennesket, både fagleg og sosialt. Utdanninga utfordrar studenten sine verdiar, haldningar, tenkjesett og veremåtar og føreset eit bevisst forhold til samspelet med andre.

Gjennom studiet utviklar studenten ei reflektert haldning til eigen rettleiingspraksis med sikte på å gi vegsøkjaren, altså den som får rettleiing eller er under opplæring, størst mogleg læringsutbytte. Utdanninga skal bidra til at studenten får pedagogiske verktøy. Gjennom studiet utviklar studenten ei reflektert haldning og blir meir bevisst på sin eigen funksjon og si eiga rolle.

Praktisk opplæring er sentralt i kvart enkelt emne. Emna vil samla gi studenten brei kompetanse innanfor praktiske rettleiingsfag og bidra til at hen oppnår det beskrivne overordna læringsutbyttet for utdanninga. Slik kompetanse er ein styrke med tanke på å møte rekrutteringsbehov og praktisk opplæring på ein sikker og trygg måte.

Studiet gir til saman 60 studiepoeng og er delt inn i seks emne. Emna i utdanninga kan i stigande rekkjefølgje òg takast som enkeltmodular med avsluttande vurdering og utdeling av karakterutskrift.

2.1 Omgrepsavklaringar

Vegsøkjar: den som får rettleiing eller er under opplæring