Hopp til hovedinnhold

Bygg​

Nasjonale planar

2. Om studieretninga bygg, anlegg og KEM

Byggjenæringa er ei stor og viktig næring. Det er stort behov for medarbeidarar som kan berekne, planleggje og koordinere produksjon, innkjøp og personressursar i byggjeprosjekt, både prosjekt med nye bygg og prosjekt med restaurering av gamle byggverk. Utviklinga på fagområdet skjer i høgt tempo og med aukande fokus på berekraft og digitalisering. Samfunnet og næringslivet har stadig behov for nye fagskuleingeniørar innanfor denne studieretninga.

Studieretninga omfattar desse fordjupingane:

  • Bygg
  • Anlegg
  • Klima, energi og miljø (KEM)

Samspelet mellom ulike fag i byggjeprosjekt er avgjerande for eit godt resultat. Mange faggrupper må samarbeide tett, og det er derfor viktig at dei ulike fordjupingsretningane har kjennskap til kvarandre sine fagspesifikke utfordringar. Det gjeld òg forholdet til elektrobransjen. Derfor bør ein til dømes leggje opp til prosjektarbeid på tvers av fordjupingsretningane.