Hopp til hovedinnhold

Helseadministrasjon

Nasjonale planar

5. Emnebeskrivingar

Læringsutbyttebeskrivingane på emnenivå (E-LUB) i denne planen er ikkje utfyllande og må reknast som rettleiande. Det er opp til den enkelte fagskulen å utvikle dekkjande E-LUB som òg tek vare på eigenart og lokale faktorar gjennom eigne studieplanar. Den enkelte fagskulen går kvart år gjennom E-LUB i studieplanane sine i tråd med eigne kvalitetssikringsrutinar.

5.1 Emne 1: Grunnelement i helseadministrasjon

Emne 1 er endra slik at det passar til dette studiet. Nokre fagområde er flytta over til andre emne fordi det er behov for å utdjupe desse temaa. Helse- og omsorgspolitikk er blitt eit eige tema fordi det er relevant for administrativt arbeid. Aktiv læring og studieteknikk er òg teke med her. Dette er vesentleg for læringsprosessen og tileigninga av kunnskap gjennom studiet.

EmneStudiepoeng
Grunnelement i helseadministrasjon10
Læringsutbytte
Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om aktuelt lovverk om digitale verktøy med relevans for arbeidet
  • kan oppdatere den yrkesfaglege kompetansen sin i digitalisering og velferdsteknologi og veit korleis dette kan nyttast til beste for pasientar og brukarar, i samarbeid med pårørande, tenestemottakarar og samarbeidspartnarar
  • har kunnskap om yrkesetiske prinsipp og dilemma i helse- og omsorgssektoren og om relevante teoriar og arbeidsmåtar
  • har kunnskap om aktive læringsformer og studieteknikk
  • har innsikt i lover, forskrifter og rundskriv om tvang, makt og kontroll og korleis dette heng saman med etikk og menneskerettar
  • har kunnskap om andre kulturar, etikk og menneskesyn i eit helseperspektiv 
  • har innsikt i stats- og kommunalkunnskap, sosiologi og psykologi og veit kor viktig dette er for yrkesutøvinga i helse- og omsorgssektoren
Ferdigheiter

Studenten

  • kan nytte kunnskapen sin om yrkesetiske prinsipp i refleksjonar over dilemma som er knytte til teoretiske og praktiske problemstillingar i administrativt arbeid
  • kan nytte fagleg kunnskap om teknologiske løysingar for å handtere praktiske og teoretiske problemstillingar på ein forsvarleg og etisk bevisst måte i det administrative arbeidet sitt
  • kan nytte relevant lovverk om problemstillingar knytte til tvang, makt og kontroll i yrkesutøvinga
  • kan nytte relasjonskompetanse og kommunikasjon som verktøy for å vareta pasientar/brukarar, pårørande, kollegaer og samarbeidspartnarar internt og eksternt
  • kan finne relevant faglitteratur og informasjon for å kartleggje yrkesfaglege problemstillingar i arbeidet innanfor helse- og omsorgssektoren
  • kan kartleggje ein situasjon og identifisere faglege problemstillingar og behov for tiltak knytte til mangfald og migrasjonshelse og i møte med ulike kulturar og urfolk
Generell kompetanse

Studenten

  • forstår yrkesetiske prinsipp og dilemma og korleis dei kan påverke samhandlinga mellom tenesteytaren og tenestemottakaren
  • har utvikla ei etisk grunnhaldning i yrkesutøvinga som kjem til uttrykk gjennom refleksjon over eiga yrkesutøving og gjennom kommunikasjon og samhandling med tenestemottakarar og samarbeidspartnarar
  • kan byggje relasjonar med fagfellar, tenestemottakarar og samarbeidspartnarar basert på haldningar og verdiar knytte til eit heilskapleg menneskesyn, likeverd og respekt
  • kan utføre arbeidet sitt i tråd med ulike pasient- og brukargrupper sine behov
  • kan utvikle arbeidsmetodar og tenester som baserer seg på behova og utfordringane til tenestemottakaren, og som har relevans for yrkesutøvinga innanfor helse- og omsorgstenesta
Tema

Arbeidsformer og metodar i studiet

  • Studentaktive læringsformer
  • Refleksjon
  • Studieteknikk

Etikk

  • Etiske teoriar og prinsipp
  • Etiske dilemma
  • Heilskapleg menneskesyn
  • Brukarmedverknad
  • Kvardagsmeistring
  • Tvang, makt og kontroll
  • Teieplikt
  • Relasjonskompetanse

Helse- og omsorgspolitikk

  • Helse- og omsorgsfaga i samfunnet
  • Stats- og kommunalkunnskap
  • Etikk, digitalisering og velferdsteknologi

Sosiologi og psykologi 

  • Utviklingspsykologi
  • Sosiale roller og nettverk
  • Migrasjonshelse, kultur, mangfald og urfolk

5.2 Emne 2: Saksbehandling, lovverk og økonomi

Emnet inneheld relevante tema innanfor saksbehandling generelt og helse- og omsorgssektoren spesielt og i tillegg tema innanfor finansieringsordningar og økonomi. Lovverk knytte til desse temaa er lagde ved.

EmneStudiepoeng
Saksbehandling, lovverk og økonomi20
Læringsutbytte
Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om sentrale omgrep og prosessar innanfor generell saksbehandling
  • har kunnskap om dei særlege forholda omkring problemstillingar og prosessar knytte til saksbehandling innanfor helse og omsorg
  • har kunnskap om logistikk innanfor helse og personale
  • har kunnskap om takstar og refusjonsordningar i helsesektoren
  • har innsikt i lovverk som er viktig for budsjett og rekneskap generelt og for helse- og omsorgstenesta spesielt
  • har kunnskap om relevant lovverk innanfor saksbehandling generelt og innanfor saksbehandling i helse- og omsorgssektoren som er viktig for yrkesutøvinga til studenten
  • kan oppdatere seg på endringar knytte til rolla si i arbeid innanfor saksbehandling og økonomi
Ferdigheiter

Studenten

  • kan setje seg inn i og nytte kunnskap om lovverk og anna fagleg materiale som er viktig for saksbehandlingsprosessen
  • kan setje seg inn i og nytte kunnskap om lovverk og anna fagleg materiale knytt til arbeidet med økonomi og budsjett
  • kan finne informasjon og fagstoff som er relevant for saksbehandling i helse- og omsorgssektoren
  • kan finne informasjon og fagstoff som er relevant for arbeidsoppgåvene innanfor rekneskap og økonomi
  • kan setje seg inn i og utføre oppgåver knytte til finansierings- og refusjonsordningar innanfor sitt eige ansvarsområde i helse- og omsorgssektoren
Generell kompetanse

Studenten

  • forstår kor viktig det er med yrkes- og bransjeetiske prinsipp i saksbehandling generelt og i helse- og omsorgssektoren spesielt
  • forstår kor viktig det er med yrkes- og bransjeetiske prinsipp i økonomi og rekneskap generelt og i helse- og omsorgssektoren spesielt
  • kan utføre saksbehandling i tråd med god pasientbehandling og personalforvalting etter relevant lovverk
  • kan saman med andre kollegaer og leiarar på arbeidsplassen bidra til å vidareutvikle gode administrative rutinar innanfor fagområdet sitt#
Tema

Saksbehandling og lovverk

Generelt lovverk for saksbehandling

  • Prinsipp og framgangsmåte for saksbehandling
  • Handtering av informasjon i saksbehandling
  • Arkivering og oppbevaring av dokumentasjon 
  • Arbeidstidsreglement

Spesifikk lovgiving for helseretta saksbehandling

  • Særlege føresegner om teieplikt og informasjons- og opplysningsplikt
  • Brukarmedverknad
  • Rettar og plikter for pasientar/brukarar og helsepersonell

Økonomi og lovverk 

  • Finansiering og refusjonsordningar, kodeverk og takstar
  • Budsjett og rekneskap
  • Årsverk og arbeidstid
  • Innkjøp og varelogistikk

5.3 Emne 3: Kommunikasjon, samhandling og HMS

Emne 3 er delt inn i tre ulike tema: kommunikasjon og samhandling, samhandling i helse- og omsorgstenesta og helse, miljø og sikkerheit (HMS).

EmneStudiepoeng
Kommunikasjon, samhandling og HMS 12
Læringsutbytte
Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om fagterminologi, prinsipp for profesjonell fagleg kommunikasjon, samhandling og relasjonskompetanse innanfor helse- og omsorgssektoren
  • har kunnskap om rettleiing og opplæring i helse- og omsorgssektoren 
  • har kunnskap om pasientadministrasjon, samordnande instansar, pasientlogistikk og heilskapleg pasientforløp
  • har innsikt i førebyggjande helsearbeid og kunnskap om tannhelsetenesta
  • har kunnskap om gruppeprosessar, kriseteori, konflikthandtering, vald og truslar
  • har kunnskap om HMS og veit kor viktig det er med eit forsvarleg arbeidsmiljø, og kan bidra til kvalitetssikring og kvalitetsutvikling av tenestene i tråd med relevant lovverk
  • har kunnskap om personalarbeid og organisering av verksemda på arbeidsstaden
  • kan oppdatere den yrkesfaglege kompetansen sin når oppgåvene endrar seg på grunn av oppgåvegliding i helsesektoren
Ferdigheiter

Studenten

  • kan nytte kunnskap om organisering av og samhandling i helse- og omsorgstenesta på alle nivå innanfor kompetanseområdet sitt
  • kan nytte fagterminologi og prinsipp for profesjonell fagleg kommunikasjon og samhandling innanfor helse- og omsorgssektoren
  • kan nytte åtferdspsykologi og kommunikasjonsteknikkar for å førebyggje og dempe konfliktar med pasientar/brukarar og pårørande og kan handtere utagerande åtferd
  • kan finne informasjon og fagstoff som er relevant for eit heilskapleg pasientforløp
  • kan finne informasjon om fagstoff som er relevant for HMS-arbeid, og dessutan kartleggje og identifisere faglege problemstillingar og behov for å setje i verk tiltak
  • kan kartleggje og identifisere forhold som påverkar pasientadministrasjon og pasientlogistikk i og mellom nivå og organisasjonar i helse- og omsorgstenetesta, og kan kartleggje og identifisere behov for tiltak
  • kan nytte teknikkar innanfor relasjonsbygging, kommunikasjon og samhandling og andre faglege verktøy som er relevante for yrkesutøvinga
Generell kompetanse

Studenten

  • forstår fagterminologi og etiske prinsipp for kommunikasjon og samhandling med pasientar/brukarar
  • har utvikla ei etisk grunnhaldning der hen på ein fagleg måte varetek pasientar/brukarar og pårørande i sårbare situasjonar
  • kan utføre oppgåvene i HMS-arbeidet i tråd med gjeldande føresegner
  • kan utføre eigne arbeidsoppgåver i samhandling med andre yrkesgrupper på og mellom ulike nivå i helse- og omsorgstenesta
  • kan byggje relasjonar med fagfellar, tenestemottakarar og samarbeidspartnarar basert på haldningar og verdiar knytte til eit heilskapleg menneskesyn, likeverd og respekt
  • kan vere med på å utvikle gode samarbeidsmønster i heilskaplege pasientforløp
  • kan kvalitetssikre si eiga yrkesutøving og bidra til utvikling av god praksis i eigen organisasjon#
Tema

Samhandling og kommunikasjon

  • Kommunikasjonsteori
  • Fagterminologi
  • Profesjonell fagleg kommunikasjon og samhandling
  • Konflikthandtering
  • Gruppeprosess
  • Rettleiing og opplæring
  • Brukarperspektivet
  • Relasjonskompetanse og relasjonsbygging

Samhandling i helse- og omsorgstenesta

  • Helse- og omsorgssektoren på kommunalt, regionalt og statleg nivå
  • Offentleg og privat ansvar og omsorg
  • Tverrfagleg og tverrsektoriell samhandling i helsesektoren
  • Organisering av tannhelsetenesta
  • Pasientlogistikk og pasientflyt, heilskapleg pasientforløp
  • Pasientadministrasjon
  • Oppgåvegliding i helsevesenet, ansvar og myndigheit
  • Endringar i oppgåvestruktur
  • Samordnande instansar i helsetenesta

Helse, miljø og sikkerheit

  • Organisasjon og leiing
  • Personaladministrasjon
  • Pasientsikkerheit
  • Kvalitetssikring, kvalitetsutvikling og forsvarleg yrkesutøving
  • Førebyggjande helsearbeid
  • Stressmeistring

5.4 Emne 4: Praksis

Praksis blir gjennomført anten som prosjektarbeid eller praksis, eventuelt i kombinasjon med hospitering. Praksisperioden skal svare til 10 studiepoeng. Prosjektarbeid eller praksis inneber å planleggje, gjennomføre og evaluere eit forbetringsarbeid knytt til sentrale tema i utdanninga. Studenten skal i praksisperioden ha rettleiing gitt av ein godkjend rettleiar.

EmneStudiepoeng
Praksis10
Læringsutbytte
Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om konflikthandtering, kommunikasjon og relasjonsarbeid
  • har kunnskap om samhandlingsprosessar internt og eksternt som fremjar eit godt heilskapleg pasientforløp
  • har kunnskap om pasientsikkerheit og korleis denne kan varetakast gjennom kvalitativt god saksbehandling
  • har innsikt i viktige lovføresegner for arbeidsprosessar i HMS-arbeid 
  • kan oppdatere den yrkesfaglege kompetansen sin knytt til administrative oppgåver innanfor helse- og omsorgssektoren
  • forstår kor viktig det er å kvalitetssikre administrativt arbeid retta mot pasientar og brukarar i eit heilskapleg samfunnsperspektiv 
  • har gjennom praksis tileigna seg kunnskap om administrative oppgåver i helse- og omsorgssektoren og fått forståing av eigne utviklingsmoglegheiter#
Ferdigheiter

Studenten

  • kan nytte fagleg kunnskap om administrative oppgåver på problemstillingar i praktiske og teoretiske situasjonar innanfor fagområdet sitt
  • kan nytte kunnskap om kommunikasjon og konflikthandtering i arbeidet med pasientar og pårørande og i samhandling med kollegaer og samarbeidspartnarar
  • har tileigna seg evne til å kartleggje og løyse problemstillingar knytte til arbeidsprosessar innanfor administrative oppgåver, og til å finne nødvendig informasjon og fagstoff
  • kan reflektere over eigne arbeidsoppgåver og tileigne seg eller forbetre ferdigheiter etter å ha fått rettleiing frå rettleiaren i praksis

Generell kompetanse

Studenten

  • forstår kor viktig det er å vareta rettane og sikkerheita til pasientar og brukarar
  • har utvikla ei etisk grunnhaldning som kjem til uttrykk gjennom ei fagleg forsvarleg samhandling med pasientar og brukarar 
  • kan utføre arbeidet sitt i tråd med den enkelte pasienten og brukaren sine behov 
  • kan byggje relasjonar med samarbeidspartnarar internt og eksternt og med pårørande for å vareta pasientar og brukarar
  • kan utvikle arbeidsmetodar som bidreg til best mogleg handtering av administrative oppgåver ihelse- og omsorgssektoren
Tema

Det kan vere aktuelt med fleire ulike typar praksis.

Prosjektarbeid er eit alternativ og kan vere på eigen eller ein annan arbeidsplass. Det same er tilfelle om ein vel praksis som alternativ.

Hospitering kan eventuelt skje i kombinasjon med anten praksis eller prosjektarbeid, men då på ein annan arbeidsplass eller i ei anna avdeling enn der ein jobbar til dagleg.

5.5 Emne 5: Fagleg fordjuping

I emne 5 skal studenten skrive ei fordjupingsoppgåve. Studenten vel tema og problemstilling sjølv. Tema og problemstilling må vere knytte til utdanningsemna. Studenten skal i fordjupingsarbeidet reflektere over og drøfte problemstillinga med utgangspunkt i teori og yrkesfagleg erfaring. Studenten får rettleiing i arbeidet med fordjupingsoppgåva.

EmneStudiepoeng
Fagleg fordypning8
Læringsutbytte
Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om omgrep og verktøy som blir nytta innanfor administrativt arbeid i helse- og omsorgssektoren
  • har kunnskap om relevante fagområde som er viktige i saksbehandlingsprosessar
  • har innsikt i regelverk og standardar som er relevante for kvalitativt god saksbehandling innanfor administrativt arbeid i helse- og omsorgssektoren
  • har kjennskap til yrkesfeltet og fagleg kunnskap som er viktig for eiga yrkesutøving
  • kan oppdatere den yrkesfaglege kunnskapen sin innanfor administrativt arbeid
  • forstår kor viktig helse- og omsorgstenesta er i eit heilskapleg samfunns- og verdiskapingsperspektiv
  • har innsikt i sine eigne moglegheiter for personleg og fagleg vekst i takt med auka erfaring og utvida kjennskap til oppgåver på arbeidsplassen
Ferdigheiter

Studenten

  • kan nytte fagleg kunnskap innanfor helse og omsorg på relevante praktiske og teoretiske problemstillingar i yrkesutøvinga
  • kan nytte kunnskapen sin om kommunikasjon og samhandling til å hjelpe samarbeidspartnarar, pasientar og pårørande
  • kan finne informasjon og fagstoff som er relevant for problemstillingar i helse- og omsorgssektoren 
  • kan kartleggje situasjonar og identifisere faglege problemstillingar som grunnlag for iverksetjing av tiltak i helse- og omsorgssektoren 
  • kan reflektere over aktuelle problemstillingar og endre handlingsmønster i administrativt arbeid gjennom dialog med rettleiar eller kollegaer
Generell kompetanse

Studenten

  • forstår at yrkes- og bransjeetiske prinsipp er viktige i det administrative arbeidet i helse- og omsorgssektoren
  • har utvikla eit verdi- og menneskesyn som er lagt til grunn for yrkesutøvinga, og som er i tråd med etiske verdiar i sektoren
  • kan utføre administrative oppgåver innanfor helse- og omsorgssektoren i tråd med behova til pasientane og brukarane
  • kan byggje relasjonar med relevante samarbeidspartnarari yrkesutøvinga
  • kan utvikle arbeidsmetodar som bidreg til best mogleg handtering av administrative oppgåver på arbeidsplassen
  • kan bidra til å vidareutvikle administrative rutinar innanfor fagområdet