Hopp til hovedinnhold

Rettleiing

Nasjonale planar

5. Emnebeskrivingar

Læringsutbyttebeskrivingane på emnenivå (E-LUB) i denne planen er ikkje utfyllande og må reknast som rettleiande. Det er opp til den enkelte fagskulen å utvikle dekkjande E-LUB som òg tek vare på eigenart og lokale faktorar gjennom eigne studieplanar. Den enkelte fagskulen går kvart år gjennom E-LUB i studieplanane sine i tråd med eigne kvalitetssikringsrutinar.

5.1 Emne 1: Læring, lov- og rammeverk, planlegging og rettleiing

Emnet handlar om tema læring, lov- og rammeverk og planlegging og rettleiing. Læringsutbyttet skal gjere studenten i stand til å leggje planar for opplæring innanfor eigen bransje og for opplæring i sentralt lovverk som styrer denne. Emne 1 gir eit generelt kunnskapsgrunnlag og bør gjennomførast før dei andre emna.

EmneStudiepoeng
Læring, lov- og rammeverk, planlegging og rettleiing10
Læringsutbytte
Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om læring og ulike læringsperspektiv
  • har kunnskap om planleggingsverktøy for læring og rettleiing
  • har kunnskap om førebuing og mottak av vegsøkjar
  • har kunnskap om sentrale omgrep og teoriar knytte til rettleiing, opplæring og oppfølging
  • har innsikt i gjeldande lovverk for eigen bransje
  • har innsikt i kvalitetssikringssystem for fagopplæring
  • har innsikt i mål, planar og interne kvalitetssystem som gjeld opplæring i arbeidslivet
  • har innsikt i sentralt lov- og rammeverk som gjeld eiga rettleiarrolle og eige ansvar
  • har kunnskap om grunnleggjande modellar og metodikk til bruk i rettleiing
  • har kunnskap om førebuing og planar for mottak av nye lærlingar, tilsette og andre vegsøkjarar
  • har kunnskap om tilpassa opplæring
Ferdigheiter

Studenten

  • kan nytte aktuelt lov- og rammeverk for opplæringa
  • kan rettleie etter mål og planar som gjeld for opplæringa
  • kan nytte fagstoff for å leggje til rette for relevante opplæringssituasjonar
  • kan rettleie etter mål og planar for opplæring i bransjen til den aktuelle vegsøkjaren
  • kan finne informasjon og oppdatere seg på nytt fagstoff innanfor sin eigen bransje
  • kan lage interne planar som varetek bedrifta sitt behov for opplæring innanfor gjeldande ramme- og lovverk
  • kan ta imot vegsøkjaren og kartleggje behov for planar og tiltak, både individuelt og gjennom internt samarbeid
  • kan kartleggje behov og setje i verk enkle tiltak som bidreg til medverknad, meistring og motivasjon
Generell kompetanse

Studenten

  • har forståing for yrkesetiske prinsipp for rettleiing av vegsøkjarar i eigen bransje
  • kan kartleggje og tilpasse opplæringa etter behova til vegsøkjaren
  • kan bruke og utarbeide interne planar som varetek bedrifta sitt behov for opplæring innanfor gjeldande lov- og rammeverk
  • kan rettleie etter mål og planar som gjeld for opplæringa
  • kan synleggjere og nytte eigen rettleiarkompetanse til bruk i eiga bedrift
Tema
  • eg og rolla mi
  • aktuelt lovverk
  • omgrepsavklaringar
  • rammer for god rettleiing
  • mottak av vegsøkjaren, kartlegging
  • mål og planar

5.2 Emne 2: Rettleiingsmetodikk og kommunikasjons- og relasjonskompetanse

Emnet handlar om rettleiingsmetodikk, personleg vekst som rettleiar og kommunikasjons- og relasjonskompetanse. Det tek òg for seg kunnskap om og forståing av korleis relasjonar påverkar rettleiinga, og korleis kommunikasjonsferdigheiter legg grunnlaget for å lære bort til andre.

EmneStudiepoeng
Rettleiingsmetodikk og kommunikasjons- og relasjonskompetanse10
Læringsutbytte
Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om kommunikasjon og rettleiingsferdigheiter i praksis
  • har kunnskap om rettleiingsmetodikk som blir nytta ved opplæring i bedrift, i praksis og overfor ulike brukargrupper
  • har kunnskap om kommunikasjons- og rettleiingsferdigheiter i praksis
  • har kunnskap om samarbeid med ulike aktørar på fagfeltet for å fremje fagutvikling
  • har kjennskap til yrkespedagogiske prinsipp som blir nytta for opplæring
  • kan finne, vise til og bruke teoretisk kunnskap om rettleiing
  • har kunnskap om digitale verktøy til bruk i rettleiing
  • har kunnskap om medverknads-, meistrings- og motivasjonsstrategiar
Ferdigheiter

Studenten

  • kan reflektere, kommunisere og samhandle med vegsøkjaren og andre aktuelle partar for å skape tillit og byggje gode relasjonar
  • kan nytte fagstoff for å leggje til rette for relevante opplæringssituasjonar
  • kan nytte verktøy og teknikkar som blir brukte innanfor rettleiing, og kan kommunisere om dette med korrekt fagterminologi
  • kan nytte målretta rettleiing og leggje til rette for refleksjon og vekst i samarbeid med vegsøkjaren
  • kan lytte, utfordre, støtte og ta i bruk ulike perspektiv og skape framdrift og vekst i eit rettleiingsforløp
  • kan ta imot vegsøkjaren og kartleggje behov for planar og tiltak, både individuelt og gjennom internt samarbeid
  • kan kartleggje behov og setje i verk enkle tiltak som bidreg til medverknad, meistring og motivasjon
  • kan nytte metarettleiing
Generell kompetanse

Studenten

  • forstår yrkespedagogiske prinsipp i rettleiing av vegsøkjaren
  • forstår og kan nytte analyse og eigen refleksjon i rettleiarpraksisen
  • kan gi vegsøkjaren rettleiing etter bransjens og samfunnets behov for kvalitet i opplæringa
  • kan utføre rettleiingsmetodar tilpassa vegsøkjaren sine behov og læreføresetnader på tvers av bransje og kultur
  • kan gjennomføre samarbeid med ulike aktørar på fagfeltet for å fremje fagutvikling
  • kan byggje relasjonar med kollegaer på eigen arbeidsplass og med eksterne samarbeidspartnarar i skule og arbeidsliv
  • kan nytte relevante digitale verktøy og rettleie i dei
  • forstår kor viktig det er å samarbeide med vegsøkjaren
  • kan synleggjere og nytte eigen rettleiarkompetanse til bruk i eiga bedrift
Tema
  • kommunikasjon
  • ulike typar samarbeid
  • relasjonskompetanse
  • ulike metodar, inkludert digitale verktøy
  • rettleiaren – personleg og fagleg vekst og utvikling
  • kulturforståing

5.3 Emne 3: Gruppeprosessar, samarbeid og konfliktløysingsmodellar

Emnet handlar om temaa gruppeprosessar, samarbeid og konfliktløysing. Samarbeid og samarbeidsutfordringar førekjem i alle bransjar, og kunnskap om førebyggings- og konfliktløysingstiltak er nyttig i arbeidslivet.

EmneStudiepoeng
Gruppeprosessar, samarbeid og konfliktløysingsmodellar10
Læringsutbytte
Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om ulike verktøy som kan brukast til å førebyggje konfliktar
  • har kunnskap om ulike verktøy til bruk i konfliktløysing
  • har kunnskap om gruppeprosessar i ulike situasjonar
  • forstår kor viktig det er å samarbeide med vegsøkjaren sin bransje for å leggje til rette for auka kompetanse og verdiskaping i samfunnet
  • forstår kva rettleiing i konflikthandtering har å seie for verdiskaping i arbeidslivet og samfunnet
Ferdigheiter

Studenten

  • kan nytte ulike kommunikasjonsformer og rettleiingsteknikkar, både individuelt og i grupper
  • kan leggje til rette for gruppeprosessar og reflektere over dei etiske perspektiva i desse
  • kan nytte ulike verktøy for å vise førebygging av konfliktar og konfliktløysing individuelt og i gruppe
  • kan kartleggje og identifisere individuelle behov og foreslå tiltak
Generell kompetanse

Studenten

  • kan byggje relasjonar med bedriftsinterne og eksterne ressurs- og fagpersonar for å førebyggje og handtere konfliktar 
  • kan leie gruppeprosessar
  • kan leggje til rette for samarbeid med aktuelle bransjar
Tema
  • samarbeid
  • gruppeprosessar
  • den nødvendige samtalen
  • konflikthandtering

5.4 Emne 4: Etikk, vurdering og rettleiing

Emnet tek for seg etikk, vurdering og rettleiing. Her er praktiske ferdigheiter og refleksjon sentralt. Kompetanse på desse områda vil bidra til at ein har fokus på utviklingsmoglegheiter og den viktige sirkulære og kollektive læringa.

EmneStudiepoeng
Etikk, vurdering og rettleiing10
Læringsutbytte
Kunnskap

Studenten

  • kjenner dei yrkesetiske prinsippa i sin eigen bransje
  • har kunnskap om vurdering for og av læring
  • har kunnskap om krav til gjennomgåande dokumentasjon i rettleiingsprosessen
  • har kunnskap om tilpassa opplæring
  • har kunnskap om etiske utfordringar og maktforhold knytte til rettleiing og innsikt i korleis ein kan handtere dette
  • har kunnskap om etiske dilemma i møte mellom ulike generasjonar og kulturar
  • har kunnskap om ulike kulturar sitt perspektiv på samhandling og kommunikasjon
Ferdigheiter

Studenten

  • kan leggje til rette for gruppeprosessar og reflektere over dei etiske perspektiva i desse
  • kan kartleggje og identifisere individuelle behov og foreslå tiltak
  • kan planleggje, gjennomføre og vurdere rettleiingssituasjonar på ein etisk bevisst måte
  • kan ta imot vegsøkjaren og kartleggje behov for planar og tiltak, både individuelt og gjennom internt samarbeid
Generell kompetanse

Studenten

  • forstår yrkesetiske prinsipp for rettleiing av vegsøkjarar i eigen bransje
  • forstår og kan nytte analyse og eigen refleksjon i rettleiarpraksisen
  • har innsikt i verdiar og etisk grunnlag for rettleiing
  • har utvikla ei etisk grunnhaldning som kjem til uttrykk i rolla som rettleiar
  • kan utføre undervegsvurdering og dokumentasjon i rettleiing
  • kan nytte relevante digitale verktøy og rettleie i dei
  • kan utføre undervegsvurdering, dokumentasjon og evaluering i rettleiing
  • kan synleggjere og nytte eigen rettleiarkompetanse til bruk i eiga bedrift
Tema
  • vurdering for og av læring
  • etikk og etisk refleksjon
  • rettleiing på tvers av generasjonar og kulturar
  • digitale verktøy
  • gjennomgåande dokumentasjon

5.5 Emne 5: Praksis i rettleiing

Emnet er ein praksisperiode der studenten kan gjennomføre praksis på eigen arbeidsstad eller hospitere i ei anna bedrift.

EmneStudiepoeng
Praksis i rettleiing10
Læringsutbytte
Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om rettleiingsmetodikk som blir nytta ved opplæring i bedrift, i praksis og overfor ulike brukargrupper
  • har innsikt i mål, planar og interne kvalitetssystem som gjeld opplæring i arbeidslivet
  • har innsikt i sentralt lov- og rammeverk som gjeld eiga rettleiarrolle og eige ansvar
  • forstår kor viktig det er å samarbeide med vegsøkjaren sin bransje for å leggje til rette for auka kompetanse og verdiskaping i samfunnet
Ferdigheiter

Studenten

  • kan leggje til rette for gruppeprosessar og reflektere over dei etiske perspektiva i desse
  • kan oppdatere seg på nytt fagstoff innanfor eigen bransje
  • kan gjennomføre ei rettleiingsøkt med planlegging, gjennomføring og evaluering
  • kan nytte aktuelt lovverk i rettleiarrolla
  • kan samarbeide med vegsøkjaren sin bransje for å leggje til rette for auka kompetanse
Generell kompetanse

Studenten

  • forstår yrkesetiske prinsipp for rettleiing av vegsøkjarar i eigen bransje
  • kan forstå og nytte analyse og eigen refleksjon i rettleiarpraksisen
  • kan byggje relasjonar med kollegaer på eigen arbeidsplass og med eksterne samarbeidspartnarar i skule og arbeidsliv
  • kan byggje relasjonar med bedriftsinterne og eksterne ressurs- og fagpersonar for å førebyggje og handtere konfliktar
  • kan nytte relevante digitale verktøy og rettleie i dei
  • forstår kor viktig det er å samarbeide med vegsøkjaren
  • kan vere med og utvikle opplæringstilbodet til vegsøkjarar 

5.6 Emne 6: Fagleg fordjuping i rettleiing

Studenten skal skrive ei fordjupingsoppgåve om eit sjølvvalt tema og ei sjølvvald problemstilling og med utgangspunkt i det overordna læringsutbyttet. Studenten skal vise evne til å bruke relevant teori og erfaring frå si eiga yrkesutøving til å drøfte ei aktuell problemstilling. Studenten skal ha tilbod om rettleiing under arbeidet med fordjupingsoppgåva.

EmneStudiepoeng
Fagleg fordjuping i rettleiing10
Læringsutbytte
Kunnskap

Studenten

  • forstår den valde problemstillinga sin plass i studiet som heilskap
  • kan oppdatere den yrkesfaglege kunnskapen sin om rettleiing
  • har innsikt i kunnskapsbasert praksis
  • har kunnskap om organisering av relevant fagområde
  • har kunnskap om fagutvikling og kan oppdatere kunnskapen sin om nasjonale planar
  • har innsikt i gjeldande lover, forskrifter og handlingsplanar på det relevante fagområdet
  • forstår kor viktig rettleiing er i eit større samfunns- og verdiskapingsperspektiv
Ferdigheiter

Studenten

  • kan nytte verktøy og teknikkar som blir brukte innanfor rettleiing, og kan kommunisere om dette med korrekt fagterminologi
  • kan nytte kunnskap til å forklare, vurdere og reflektere både fagleg og etisk over ei vald problemstilling knytt til rettleiingsfaget
  • kan kartleggje og identifisere faglege problemstillingar og behov innanfor rettleiing og foreslå tiltak
Generell kompetanse

Studenten

  • forstår yrkesetiske retningslinjer som regulerer yrkesutøvinga
  • har utvikla ei etisk grunnhaldning som kjem til uttrykk gjennom refleksjon og handling i faget rettleiing
  • kan utføre rettleiing for valde målgrupper
  • kan byggje relasjonar og inngå i tverrfaglege team
  • kan gjennom kunnskapsdeling og etisk refleksjon bidra til å betre kvaliteten på arbeidsplassen
  • kan drøfte samanhengen mellom teori og praksis