Barn og unge med behov for særskild tilrettelegging
Nasjonale planar5. Emnebeskriving
Læringsutbyttebeskrivingane på emnenivå (E-LUB) i denne planen er ikkje utfyllande og må reknast som rettleiande. Det er opp til den enkelte fagskulen å utvikle dekkjande E-LUB som òg tek vare på eigenart og lokale faktorar gjennom eigne studieplanar. Den enkelte fagskulen går kvart år gjennom E-LUB i studieplanane sine i tråd med eigne kvalitetssikringsrutinar.
5.1 Emne 1: Etisk grunnemne i oppvekstfag
10 studiepoeng
Det innleiande emnet er eit fellesemne for oppvekstfagutdanningane. Formålet med emnet er å gi studenten ei god innføring og grunnleggjande kunnskap knytt til oppvekstfag. Det skal leggjast vekt på studiemetodar og studieteknikk tilpassa nivå for høgare yrkesfagleg utdanning. Emnet tek òg for seg kva som kan påverke barnesynet, både i samfunnet og blant enkeltmenneske. Studenten får ei innføring i pedagogikk og didaktikk med tilhøyrande omgrep. Etikken blir framstilt som sentral og er gjennomgåande i heile emnet.
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- kan gjennom ulike studiemetodar oppdatere den yrkesfaglege kunnskapen sin
- har innsikt i regelverk, lover, forskrifter og andre styringsdokument som er relevante for det etiske grunnemnet
- har kunnskap om pedagogiske omgrep, didaktiske prosessar og andre verktøy som blir nytta i arbeidet med barn og unge med behov for særskild tilrettelegging
- forstår si eiga yrkesetiske betydning i eit samfunns- og verdiskapingsperspektiv knytt til barnesyn
Ferdigheiter
Studenten
- kan finne informasjon og fagstoff som er relevant for yrkesetiske problemstillingar
- kan bidra med fagleg kunnskap i dialogen rundt ulike problemstillingar på eigen arbeidsplass
- kan ta i bruk ulike pedagogiske og didaktiske verktøy
Generell kompetanse
Studenten
- har forståing for aktuelle yrkesetiske verdiar og haldningar
- har forståing for kor viktig det er å skape relasjonar med enkeltindivid
- kan utvikle og tilpasse si eiga yrkesutøving med omsyn til pedagogiske metodar og didaktiske verktøy
Sentrale tema
1a. Studiemetodar og studieteknikk
- Aktiv læring
- Progresjon
- Kritisk tenking og refleksjon
- Etisk grunnsyn
1b. Barnesyn i stadig endring
- Haldningar og verdisyn
- Ulike styringsdokument
- Profesjonsetikk/yrkesetikk
- Forsking og utvikling
- Pedagogiske diskursar
1c. Pedagogikk og didaktikk
- Pedagogisk verksemd
- Observasjon og observasjonsmetodar
- Pedagogisk dokumentasjon og ulike pedagogiske verktøy
- Meistring
- Danning
- Relasjonar
5.2 Emne 2: Livsmeistring
14 studiepoeng
Emnet skal bidra til å gi studenten ei etisk forståing av kor viktig det er å oppleve livsmeistring. Det tek for seg kor viktig det er at enkeltindividet opplever inkludering, og at studenten kan bidra i arbeidet for å motverke utanforskap for barn og unge med behov for særskild tilrettelegging. Emnet skal vise til dei ulike etiske utfordringane knytte til identitet, og til kva identitet har å seie for sjølvet. Det skal vise til kor viktig det er å skape gode relasjonar i yrkesutøvinga knytt til livsmeistring, identitet, utanforskap og inkludering.
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om og forstår kor viktig det er at enkeltindividet opplever inkludering
- har innsikt i kva livsmeistring har å seie
- har kunnskap om dei ulike etiske utfordringane knytte til identitet og forståing for kva dette har å seie for sjølvet
- kan reflektere over kor viktig det er for enkeltindividet å oppleve tilhøyrsle
Ferdigheiter
Studenten
- kan vise til observasjonar og igangsette tiltak i samarbeid med kollegaer og fagmiljø for å sikre ein inkluderande kvardag
- kan anerkjenne kor viktig livsmeistring er som grunnleggjande bidrag til at barn og unge skal føle eigenverd og trivsel
- kan nytte etiske retningslinjer og verdisyn i arbeidet med barn og unges identitet
- kan bidra med fagleg kunnskap i arbeidet for å motverke oppleving av utanforskap
Generell kompetanse
Studenten
- har forståing for innhaldet i omgrepa inkludering, livsmeistring, identitet og utanforskap blant barn og unge
- kan skape relasjonar med barn, unge, føresette, kollegaer og andre yrkesgrupper
- har utvikla ei etisk grunnhaldning til livsmeistring for barn og unge med fokus på inkludering, identitet og utanforskap
- forstår at enkeltindividet har behov for inkludering og tilhøyrsle, og kan bruke dette inn mot eigen profesjon
Sentrale tema
- Inkludering
- Livsmeistring
- Identitet
- Utanforskap
5.3 Emne 3: Tidleg innsats
14 studiepoeng
Emnet skal vise kor viktige ulike faktorar knytte til den heilskaplege utviklinga til barn og unge, er. Det skal bidra til kunnskap om dei ulike måtane barn og unge kan leve og oppleve kriser på. Emnet skal understreke kor viktig studentens eige nærvær er, og kva det kan ha å seie for barn og unge med behov for særskild tilrettelegging i ulike livssituasjonar. Emnet skal òg vise til ulike lovverk som kan vere relevante inn mot tidleg innsats. Det skal bidra til auka forståing for kor viktig det er med observasjonar og tilrettelegging for enkeltindividet.
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om betydninga og verdien av tidleg innsats
- har kunnskap om lover og rettar for barn og unge med behov for særskild tilrettelegging og veit kor viktig det er med tverretatleg og tverrfagleg samarbeid
- har forståing for kor viktig eige nærvær er i arbeidet med barn og unge i risikosituasjonar
- kan reflektere over kor viktig vennskap og sosialisering er for den heilskaplege utviklinga til barn og unge
- har kunnskap om dei ulike måtane barn og unge kan leve og oppleve kriser på
- forstår kor viktig det er med observasjon og tilrettelegging for enkeltindividet
Ferdigheiter
Studenten
- kan finne og nytte fagkunnskap om tidleg innsats for enkeltindividet
- kan nytte relevante lover, forskrifter og styringsdokument i arbeidet med barn og unge med behov for særskild tilrettelegging
- kan nytte eige nærvær til det beste for ulike enkeltindivid
- kan finne informasjon som er relevant i det daglege arbeidet med barn og unge med behov for særskild tilrettelegging
- kan nytte kunnskap om barn og unge i krise til beste for enkeltindividet
- kan nytte ulike observasjonar på ein formålstenleg måte i arbeidet med barn og unge med behov for særskild tilrettelegging
Generell kompetanse
Studenten
- har utvikla ei etisk grunnhaldning i møte med andre menneske
- forstår innhaldet i omgrepet tidleg innsats
- forstår og kan bruke ulike pedagogiske metodar og verktøy i det daglege arbeidet med barn og unge med behov for særskild tilrettelegging
- kan bruke kompetansen sin om traumebasert omsorg i møte med barn og unge i ulike kriser
- har utvikla ei etisk grunnhaldning til barn og unge med fokus på tidleg innsats
Sentrale tema
3a. Tidleg innsats
- Rettar og lover for barn og unge med behov for særskild tilrettelegging og familiane deira
- Tverrfagleg og tverretatleg samarbeid
- Barn og unge i risikosituasjonar
- Postmigrasjon
- Vennskap/sosialisering
- Den heilskaplege utviklinga til barn og unge
3b. Barn i krise
- Barn og unge som pårørande
- Traumebasert omsorg
- Omsorgssvikt
- Seksuelle overgrep
- Alvorleg sjuke barn
3c. Barn og unge med behov for særskild tilrettelegging
- Barn og unge med samansette vanskar
- Barn og unge med funksjonsnedsetjing
- Språkvanskar
- Synshemming
- Høyrselshemming
- Autismespekteret
- ADHD/ADD
- Tourettes syndrom
- Kroniske sjukdommar
5.4 Emne 4: Praksis i særskild tilrettelegging for barn og unge
12 studiepoeng
Praksis blir gjennomført som utplassering eller som utviklingsarbeid på eigen arbeidsplass innanfor fagfeltet. Utviklingsarbeid på eigen arbeidsplass består i å førebu, planleggje, gjennomføre og evaluere eit forbetringsarbeid knytt til sentrale tema i utdanninga. Alle studentar i praksis, både dei som er utplasserte, og dei som gjennomfører utviklingsarbeid på eigen arbeidsplass, skal ha rettleiing i praksisperioden. Praksis kan gjennomførast som eit samanhengande emne eller fordelast utover i studieløpet.
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om kva livsmeistring og tidleg innsats betyr i arbeidet med barn og unge med behov for særskild tilrettelegging
- har kunnskap om pedagogiske verktøy for observasjon, planlegging og dokumentasjon som kan nyttast i praksis
- har kunnskap om forskjellige relevante samarbeidspartnarar og korleis dei kan nyttast til det beste for enkeltindividet
- har innsikt i relevant lovverk og styringsdokument som gjeld for praksisstaden
Ferdigheiter
Studenten
- kan nytte kunnskap om livsmeistring og tidleg innsats i arbeidet med barn og unge med behov for særskild tilrettelegging
- kan nytte kunnskap om relevante pedagogiske verktøy for observasjon, planlegging og dokumentasjon som kan brukast i praksis
- kan nytte kunnskap om kommunikasjon og rettleiing i møte med ulike individ knytte til praksisstaden
- kan finne informasjon og fagstoff som er relevant i arbeidet med barn og unge med behov for særskild tilrettelegging
Generell kompetanse
Studenten
- har forståing for ulike yrkesetiske prinsipp i arbeidet med barn og unge med behov for særskild tilrettelegging
- har utvikla ei etisk grunnhaldning i møte med enkeltindividet
- kan skape relasjonar med, inkludere og samarbeide med barn, unge, foreldre, kollegaer og eventuelt andre ressurspersonar
- kan bidra inn i ulike arbeidsmetodar for barn og unge gjennom kunnskapsdeling, rettleiing og etisk refleksjon i praksis
5.5 Emne 5: Fordjuping i særskild tilrettelegging for barn og unge
10 studiepoeng
Studenten skal skrive ei fordjupingsoppgåve om eit sjølvvalt tema og ei sjølvvald problemstilling og med utgangspunkt i det overordna læringsutbyttet for utdanninga. Studenten skal vise evne til å bruke relevant teori og erfaringar frå si eiga yrkesutøving til å drøfte den aktuelle problemstillinga. Studenten skal ha tilbod om rettleiing under arbeidet med fordjupingsoppgåva.
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- kan oppdatere kunnskapen sin innanfor eit sjølvvalt fordjupingstema i oppvekstfaget
- har kunnskap om betydninga av mandatet sitt i eiga yrkesutøving
- har innsikt i lover, forskrifter og planverk som er relevante for fordjupinga
- har kjennskap til kva eiga yrkesgruppe betyrfor oppvekstsektoren
Ferdigheiter
Studenten
- kan nytte kunnskapen sin innanfor eit sjølvvalt fordjupingstema i oppvekstfaget barn og unge med behov for særskild tilrettelegging
- har kunnskap om betydninga og verdien av tidleg innsats
- kan nytte lover, forskrifter og planverk som er relevante for fordjupingsarbeidet
- kan ut frå eit valt tema bruke fagkunnskap til det beste for enkeltindividet
- kan finne informasjon og fagstoff frå oppvekstområdet som er relevant for problemstillinga i fordjupingsoppgåva
- forstår rolla til si eiga yrkesgruppe i eit oppvekstperspektiv og kan drøfte samanhengen mellom teoriar om barn og unge med behov for særskild tilrettelegging og praksis
Generell kompetanse
Studenten
- har utvikla ei etisk grunnhaldning og har forståing for barn og unge sine behov innanfor oppvekstfaget
- har forståing for yrkesetiske prinsipp i arbeidet med barn og unge med behov for særskild tilrettelegging
- forstår yrkesetiske prinsipp knytte til dokumentasjon, personvern og anonymisering i oppgåveskriving