Barn og unge med behov for særskild tilrettelegging
Nasjonale planar3. Overordna læringsutbytte
Kunnskap
Kandidaten
- har kunnskap om etikk, livsmeistring og tidleg innsats retta mot barn og unge med behov for særskild tilrettelegging som fremjar meistring, utvikling og heilskapleg danning
- har kunnskap om barn og unge med behov for særskild tilrettelegging og deira oppleving av å leve i ulike livssituasjonar sett opp mot viktigheita av eiga yrkesutøving
- har kunnskap om ulike pedagogiske og didaktiske teoriar som kan brukast i arbeidet med barn og unge med behov for særskild tilrettelegging
- forstår kor viktig eige nærvær er i møte medbarn og unge med tanke på sosialisering og vennskap
- forstår kor viktig det er medtraumebasert omsorgi møte med barn og unge i risikosituasjonar
- har innsikt i regelverk, lover, forskrifter og andre styringsdokument som er relevante for barn og unge med behov for særskild tilrettelegging
- har kjennskap til korleis ulike verksemder i oppvekstsektoren legg til rette til beste for enkeltindividet
- kan oppdatere den yrkesfaglege kunnskapen sin om barn og unge med behov for særskild tilrettelegging
Ferdigheiter
Kandidaten
- kan nytte kunnskap om barn og unge med behov for særskild tilrettelegging
- kan nytte ulike pedagogiske og didaktiske metodar for å planleggje, gjennomføre og evaluere med tanke på den heilskaplege utviklinga til barn og unge
- kan finne informasjon og fagstoff om ulike problemstillingar for barn og unge med behov for tilrettelegging for å fremje opplevinga av inkludering og livsmeistring
- kan hjelpe til med å observere og kartleggje barn og unge i sårbare og utsette livssituasjonar og i samarbeid med den pedagogisk ansvarlege identifisere behov for tiltak som er til det beste for enkeltindividet
Generell kompetanse
Kandidaten
- forstår etiske prinsipp, utfordringar og dilemma i yrkesutøvinga og reflekterer over sin eigen praksis og sine eigne haldningar og verdiar i møte med barn og unge med behov for særskild tilrettelegging og deira føresette
- har utvikla ei etisk grunnhaldning som kjem til uttrykk ved at yrkesutøvinga varetek identiteten til barn og unge og dekkjer behovet deira for omsorg og inkludering
- kan utføre arbeid som fremjar identiteten til barn og unge og motverkar opplevinga av utanforskap
- kan gjennom observasjon, refleksjon og dialog bidra til å utvikle tiltak for barn og unge med behov for særskild tilrettelegging
- kan byggje relasjonar med kollegaer, føresette, barn og unge og andre yrkesgrupper, både profesjonelt og fagleg, for å fremje inkludering, livsmeistring og tidleg innsats
- kan utføre det pedagogiske arbeidet i tråd med behova til utvalde målgrupper