Hopp til hovedinnhold

​​Barn og unge med behov for særskild tilrettelegging​

Nasjonale planar

2. Om utdanninga

Høgare yrkesfagleg utdanning om barn og unge med behov for særskild tilrettelegging skal bidra til å styrkje fagkompetansen til studenten, slik at hen som yrkesutøvar står betre rusta til å møte utfordringar i barnehage, skule, SFO og anna barne- og ungdomsarbeid. Målet med utdanninga er å utdanne reflekterte yrkesutøvarar med høg etisk forståing i arbeidet med barn og unge.

Studentane skal tileigne seg kunnskap som styrkjer samarbeidet deira med barn og unge, personale og føresette til beste for enkeltindividet. Utdanninga legg vekt på at studentane skal utvikle ei etisk grunnhaldning som dekkjer den enkelte sitt behov for tilrettelegging. Studieløpet og yrkesutøvinga knyter seg til livslang læring i eit samfunnsperspektiv. Studiet skal gi ei grunnleggjande forståing for kor viktig det pedagogiske og didaktiske arbeidet er i eiga yrkesutøving.