Hopp til hovedinnhold

Heilskapleg miljøarbeid

Nasjonale planar

5. Emnebeskrivingar

Læringsutbyttebeskrivingane på emnenivå (E-LUB) i denne planen er ikkje utfyllande og må reknast som rettleiande. Det er opp til den enkelte fagskulen å utvikle dekkjande E-LUB som òg tek vare på eigenart og lokale faktorar gjennom eigne studieplanar. Den enkelte fagskulen går kvart år gjennom E-LUB i studieplanane sine i tråd med eigne kvalitetssikringsrutinar.

5.1 Emne 1: Etikk, samhandling og kommunikasjon

Det innleiande emnet er felles for helsefaglege fagskuleutdanningar. Formålet med emnet er å gi studentane ei god innføring i grunnleggjande forståing av fagfeltet og yrkesutøvinga. Studentane får innføring i studieteknikk og oppgåveskriving på høgare yrkesfagleg nivå. Emnet legg vekt på kommunikasjonsverktøy, relasjonskompetanse og konflikthandtering. Etikken blir framstilt som sentral og er gjennomgåande i heile emnet.

EmneStudiepoeng
Etikk, samhandling og kommunikajon10
Læringsutbytte
Kunnskap 

Studenten

  • har kunnskap om yrkes- og bransjeetiske prinsipp og dilemma, relevante teoriar og arbeidsmåtar og etisk refleksjon som verktøy
  • har kunnskap om mangfald, migrasjonshelse og ulike kulturar og urfolk og kan nytte denne kunnskapen i møte med tenestemottakarar og samarbeidspartnarar
  • har kunnskap om gruppeprosessar, kriseteori og konflikthandtering
  • har innsikt i relevant lovverk og offentlege dokument som regulerer fagfeltet, brukarmedverknad og organisering av tilbod i sektoren
  • har bransjekunnskap og kjennskap til grunnleggjande sosialpsykologiske prinsipp og korleis dei kan påverke enkeltindividet, familien og det sosiale nettverket deira
  • kan oppdatere den yrkesfaglege kunnskapen sin om teknologiske løysingar og korleis desse kan påverke samhandlinga med tenestemottakaren, dei pårørande og samarbeidspartnarar
  • forstår kor viktig det er med kompetanse om relasjonsbygging, kommunikasjon og samhandling i eige yrke, både i møte med sårbare personar og i eit samfunns- og verdiskapingsperspektiv
Ferdigheiter

Studenten

  • kan nytte fagleg kunnskap om yrkes- og bransjeetiske prinsipp og dilemma som grunnlag for refleksjon over teoretiske og praktiske problemstillingar
  • kan nytte fagleg kunnskap om teknologiske løysingar til å løyse praktiske og teoretiske problemstillingar på ein forsvarleg og etisk bevisst måte
  • kan nytte teknikkar innanfor relasjonsbygging, kommunikasjon og samhandling og andre faglege verktøy som er relevante for yrkesutøvinga
  • kan finne relevant informasjon og fagstoff og dessutan lovverk, forskrifter og stortingsmeldingar som er relevante for yrkesutøvinga
  • kan kartleggje ein situasjon og identifisere faglege problemstillingar og behov for tiltak knytte til mangfald og migrasjonshelse og i møte med ulike kulturar og urfolk
Generell kompetanse

Studenten

  • har forståing for yrkes- og bransjeetiske prinsipp og dilemma og for korleis dei kan påverke samhandlinga mellom tenesteytaren og tenestemottakaren
  • har utvikla ei etisk grunnhaldning i yrkesutøvinga som kjem til uttrykk gjennom refleksjon over eiga yrkesutøving og gjennom kommunikasjon og samhandling med tenestemottakarar og samarbeidspartnarar
  • kan utføre arbeidet sitt på ein lovmessig, fagleg og etisk forsvarleg måte ut frå tenestemottakarane sine behov, med fokus på å fremje eit heilskapleg menneskesyn
  • kan byggje relasjonar med fagfellar, tenestemottakarar og samarbeidspartnarar basert på haldningar og verdiar knytte til eit heilskapleg menneskesyn, likeverd og respekt
  • kan utvikle arbeidsmetodar, produkt og/eller tenester som baserer seg på behova og utfordringane til tenestemottakaren, og som har relevans for yrkesutøvinga
Tema

1a. Etikk

  • Etiske teoriar og prinsipp
  • Etiske dilemma
  • Etikk og teknologi
  • Heilskapleg menneskesyn

1b. Samhandling og kommunikasjon

  • Brukarperspektivet
  • Relasjonskompetanse og relasjonsbygging
  • Kommunikasjon i samhandling med tenestemottakar og samarbeidspartnarar
  • Gruppeprosess og konflikthandtering

1c. Lover og forskrifter

  • Lover, forskrifter og offentlege dokument som er relevante for studentane på utdanninga og for tenestemottakarane

1d. Sosiologi og psykologi

  • Utviklingspsykologi
  • Sosiale roller
  • Migrasjonshelse, kultur, mangfald og urfolk

5.2 Emne 2: Teoriar og omgrep i heilskapleg miljøarbeid

Emnet omhandlar teoriar og grep i heilskapleg miljøarbeid og er ei innføring i den fagspesifikke delen av utdanninga.

EmneStudiepoeng
Teoriar og omgrep i heilskapleg miljøarbeid 10
Læringsutbytte
Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om sentrale omgrep som brukarperspektiv, avgjerdskompetanse og helsefremjande og førebyggjande arbeid og dessutan om kunnskapsbasert grunnlagstenking i heilskapleg miljøarbeid
  • har kunnskap om kommunikasjon, relasjonskompetanse og samskaping som trengst for å kunne tilby heilskaplege tenester i helse-, omsorgs- og oppvekstsektoren
  • har kunnskap om mangfald, inkludering og universell utforming på individ- og gruppenivå
  • har innsikt i relevante lover, forskrifter og nasjonale rettleiingar som regulerer rettar, ansvar og kvaliteten på tenestetilboda på kommunalt, regionalt og statleg nivå
  • har bransjekunnskap og kjennskap til verktøy som sikrar at tenestemottakaren deltek og blir involvert i eigen livssituasjon og eiga behandling
  • kan oppdatere den yrkesfaglege kunnskapen sin om velferdsteknologiske løysingar i helse-, omsorgs- og oppvekstsektoren
  • forstår kor viktig pårørandesamarbeid er i heilskapleg miljøarbeid
  • forstår kor viktig det er å samarbeide med ulike aktørar på tvers av nivå og kompetanseområde
Ferdigheiter

Studenten

  • kan nytte kunnskap om kommunikasjon og relasjonskompetanse i møte med tenestemottakarar og pårørande
  • kan nytte faglege verktøy og metodar som fremjar brukarmedverknad og helsefremjande og førebyggjande arbeid
  • kan nytte velferdsteknologiske løysingar i helse-, omsorgs- og oppvekstsektoren
  • kan finne informasjon og fagstoff som er relevant for aktuelle problemstillingar i heilskapleg miljøarbeid
  • kan kartleggje ein situasjon og identifisere faglege problemstillingar og behov for tiltak i det heilskaplege miljøarbeidet i samarbeid med tenestemottakaren, dei pårørande og samarbeidspartnarane
Generell kompetanse

Studenten

  • har forståing for balansen mellom makt og avmakt i møte med tenestemottakarar, pårørande og samarbeidspartnarar
  • har utvikla ei yrkesetisk grunnhaldning som kjem til uttrykk gjennom refleksjon over eiga åtferd og gjennom kommunikasjon og samhandling i situasjonar med tenestemottakarar og samarbeidspartnarar
  • kan utføre heilskapleg miljøarbeid for å vareta dei samansette og individuelle behova til tenestemottakaren
  • kan byggje relasjonar og samarbeide med tenestemottakarar, pårørande og samarbeidspartnarar for å vareta dei samansette og individuelle behova til tenestemottakaren
  • kan utvikle arbeidsmetodar som bidreg til å vareta dei samansette og individuelle behova til tenestemottakaren

Tema
  • Sjølvbestemming, samval og avgjerdsstøtte
  • Brukarperspektiv
  • Samarbeids- og relasjonskompetanse
  • Samskaping
  • Makt og avmakt
  • Kunnskapsbasert heilskapleg miljøarbeid
  • Mangfald og inkludering
  • Helsefremjande og førebyggjande arbeid
  • Pårørandesamarbeid
  • Motivasjon og meistring
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Kommunikasjonsferdigheiter
  • Universell utforming
  • Velferdsteknologi
  • Helsekompetanse
  • Miljøarbeidarrolla

5.3 Emne 3: Kunnskap om tenestemottakarar

Emnet omhandlar fagspesifikk kunnskap om ressursane og utfordringane til ulike tenestemottakarar. Det tek òg for seg samarbeidspartnarar og eit breitt spekter av variasjonar og mangfald hos tenestemottakarane.

EmneStudiepoeng
Kunnskap om tenestemottakarar 10
Læringsutbytte
Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om tenestemottakaren sine ressursar og utfordringar og om faktorar som kan påverke funksjonsevne og livskvalitet
  • har innsikt i korleis tenestemottakarens individuelle behov, miljø, bakgrunn og erfaringar dannar grunnlaget for det heilskaplege miljøarbeidet
  • har bransjekunnskap og veit at mangfald og funksjonsvariasjonar hos ulike brukargrupper innanfor heilskapleg miljøarbeid gir behov for individuelt tilpassa tenester
  • kan oppdatere den yrkesfaglege kunnskapen sin om samansette og individuelle behov hos tenestemottakaren
  • forstår behovet for å samarbeide med tenestemottakaren og samarbeidspartnarar for å kunne utøve heilskapleg miljøarbeid
Ferdigheiter

Studenten

  • kan nytte fagkunnskap på praktiske og teoretiske problemstillingar i heilskapleg miljøarbeid
  • kan nytte relevante faglege verktøy og teknikkar for å tilpasse miljøarbeidet etter dei samansette og individuelle behova til tenestemottakaren
  • kan finne informasjon og fagstoff som er relevant for å tilpasse miljøarbeidet til ulike aldersgrupper, kulturar, personlege val og utviklingstrinn
  • kan kartleggje ein situasjon og identifisere behov for tiltak basert på tenestemottakaren sine samansette og individuelle behov for heilskapleg miljøarbeid
Generell kompetanse

Studenten

  • har forståing for yrkes- og bransjeetiske prinsipp som gjeld innanfor heilskapleg miljøarbeid
  • har utvikla eit etisk og heilskapleg menneskesyn som kjem til uttrykk i det heilskaplege miljøarbeidet
  • kan utføre heilskapleg miljøarbeid i møte med ulike aldersgrupper, utviklingstrinn, kulturar og personlege val
  • kan byggje relasjonar som gjer det lettare for tenestemottakaren å delta i avgjerder omkring eigne samansette og individuelle behov
  • kan utvikle arbeidsmetodar innanfor heilskapleg miljøarbeid som gjer det lettare for tenestemottakaren å meistre og å delta i avgjerder og aktivitetar i dagleglivet
Tema
  • Brukarmedverknad
  • Aldersgrupper
  • Funksjonsvariasjonar
  • Diagnoseforståing
  • Tenestemottakarar
  • Habilitering og rehabilitering

5.4 Emne 4: Verktøy og arbeidsmetodar

Emnet tek for seg relevante tiltak, verktøy og arbeidsmetodar i heilskapleg miljøarbeid. Her skal den teoretiske kunnskapen frå emne 3 nyttast i ein praktisk kontekst.

EmneStudiepoeng
Verktøy og arbeidsmetodar 10
Læringsutbytte
Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om ulike omgrep, kommunikasjonsverktøy og rådgivings- og rettleiingsmetodar som blir nytta i heilskapleg miljøarbeid
  • har kunnskap om relevante verktøy og arbeidsmetodar i heilskapleg miljøarbeid
  • har innsikt i relevant regelverk og krav som sikrar kvaliteten i heilskapleg miljøarbeid på individ- og systemnivå
  • har bransjekunnskap og kjennskap til relevante miljøtiltak, omgrep og arbeidsmetodar i møte med ulike tenestemottakarar
  • kan oppdatere den yrkesfaglege kunnskapen sin om nye arbeidsmetodar i heilskapleg miljøarbeid
  • forstår kor viktig det er at heilskapleg miljøarbeid er ein systematisk og kontinuerleg samarbeidsprosess
  • forstår prosessen med å kartleggje, planleggje, gjennomføre og evaluere tiltak i heilskapleg miljøarbeid
Ferdigheiter

Studenten

  • kan nytte fagkunnskap på praktiske og teoretiske problemstillingar i målretta miljøarbeid
  • kan nytte relevante kommunikasjonsverktøy og rådgivings- og rettleiingsmetodar
  • kan nytte relevante faglege verktøy og arbeidsmetodar for miljøarbeid i møte med tenestemottakarar, pårørande og samarbeidspartnarar
  • kan finne informasjon og fagstoff som er relevant for problemstillingar i målretta miljøarbeid
  • kan kartleggje ein situasjon og identifisere faglege problemstillingar og behov for tiltak i det målretta miljøarbeidet i møte med tenestemottakaren og dei pårørande
Generell kompetanse

Studenten

  • har forståing for etiske prinsipp i utøvinga av målretta miljøarbeid
  • har utvikla ei etisk grunnhaldning som kjem til uttrykk i utøvinga av målretta miljøarbeid
  • kan utføre miljøarbeid med utgangspunkt i brukaren sine individuelle behov
  • kan byggje relasjonar med fagfellar og på tvers av fag for å sikre at det målretta miljøarbeidet er tilpassa dei samansette og individuelle behova til tenestemottakaren
  • kan i samarbeid med tenestemottakarar, pårørande og samarbeidspartnarar utvikle arbeidsmetodar som identifiserer behov for miljøtiltak
Tema
  • Målretta miljøarbeid
  • Kartlegging, planlegging, gjennomføring og evaluering av miljøtiltak
  • Relevante verktøy og arbeidsmetodar

5.5 Emne 5: Praksis i heilskapleg miljøarbeid

Praksis blir gjennomført som utplassering eller som utviklingsarbeid på eigen arbeidsplass innanfor fagfeltet. Utviklingsarbeid på eigen arbeidsplass består i å førebu, planleggje, gjennomføre og evaluere eit forbetringsarbeid knytt til sentrale tema i utdanninga. Alle studentar i praksis, både dei som er utplasserte, og dei som gjennomfører utviklingsarbeid på eigen arbeidsplass, skal ha rettleiing i praksisperioden. Vurderinga av praksis skal ta utgangspunkt i det overordna læringsutbyttet for utdanninga.

EmneStudiepoeng
Praksis i heilskapleg miljøarbeid 10
Læringsutbytte
Kunnskap

Studenten

  • kjenner sentrale omgrep innanfor heilskapleg miljøarbeid og har kunnskap om kommunikasjon og relasjonsforståing i helse- og oppvekstsektoren
  • har kunnskap om brukarperspektivet og veit korleis hen kan hjelpe tenestemottakaren med å delta aktivt i eiga meistring, eigen livssituasjon og eiga behandling
  • har innsikt i sentrale lover, forskrifter og dokument og etikk som regulerer rettane og pliktene til tenestemottakaren, dei pårørande og yrkesutøvarane
  • har innsikt i korleis rammevilkåra på individ- og systemnivå, som nettverksarbeid og universell utforming, påverkar det heilskaplege miljøarbeidet i helse-, omsorgs- og oppveksttenestene
  • har bransjekunnskap og kjennskap til ulike levekår, folkehelse og velferdsstaten si utvikling i helse-, omsorgs- og oppveksttenestene
  • kan oppdatere den yrkesfaglege kunnskapen sin om relevante teknologiske løysingar og verktøy for yrkesutøvinga si
  • kan oppdatere den yrkesfaglege kunnskapen sin om tverrfagleg miljøarbeid i helse- og oppvekstsektoren basert på forsking, brukarperspektiv og erfaringar
  • forstår kor viktig det er med heilskapleg miljøarbeid i helse-, omsorgs- og oppveksttenestene i eit sosialt og økonomisk berekraftig perspektiv
  • forstår si eiga yrkesrolle i tverrfagleg miljøarbeid med tenestemottakarane og i samhandling med andre fagpersonar i helse-, omsorgs- og oppveksttenestene
Ferdigheiter

Studenten

  • kan nytte fagleg kunnskap om heilskapleg miljøarbeid, kommunikasjon og folkehelse for å fremje brukarperspektivet
  • kan nytte relevante verktøy, teknikkar, kommunikasjonsformer og metodar i det heilskaplege miljøarbeidet
  • kan nytte etisk refleksjon og relevante lover, forskrifter og dokument i praktiske og teoretiske problemstillingar
  • kan finne fagstoff og informasjon som er relevant for aktuelle problemstillingar og i møte med tenestemottakarar og samarbeidspartnarar
  • kan kartleggje ein situasjon og identifisere faglege problemstillingar og behov for tiltak i det heilskaplege miljøarbeidet i samarbeid med tenestemottakaren, dei pårørande og samarbeidspartnarane
Generell kompetanse

Studenten

  • har forståing for yrkesetikk og korleis det påverkar yrkesutøvinga
  • har utvikla ei etisk grunnhaldning basert på verdiane respekt, likeverd og føreseielegheit
  • kan utføre heilskapleg og tverrfagleg miljøarbeid for å vareta dei samansette behova til tenestemottakaren
  • kan byggje relasjonar med relevante samarbeidspartnarar for å kunne gi eit tverrfagleg og heilskapleg tenestetilbod
  • kan utvikle arbeidsmetodar, produkt og/eller tenester gjennom systematisk erfaringsutveksling, kunnskapsdeling, rettleiing og refleksjon over eiga yrkesutøving

5.6 Emne 6: Fordjuping i heilskapleg miljøarbeid

Studenten skal skrive ei fordjupingsoppgåve om eit sjølvvalt tema og ei sjølvvald problemstilling og med utgangspunkt i det overordna læringsutbyttet for utdanninga. Studenten skal vise evne til å bruke relevant teori og erfaringar frå si eiga yrkesutøving til å drøfte den aktuelle problemstillinga. Studenten skal ha tilbod om rettleiing under arbeidet med fordjupingsoppgåva.

EmneStudiepoeng
Fordjuping i heilskapleg miljøarbeid 10
Læringsutbytte
Kunnskap

Studenten

  • kjenner sentrale omgrep innanfor heilskapleg miljøarbeid og har kunnskap om kommunikasjon og relasjonsforståing i helse- og oppvekstsektoren
  • har kunnskap om brukarperspektivet og veit korleis hen kan hjelpe tenestemottakaren med å delta aktivt i eiga meistring, eigen livssituasjon og eiga behandling
  • har innsikt i sentrale lover, forskrifter og dokument og etikk som regulerer rettane og pliktene til tenestemottakaren, dei pårørande og yrkesutøvarane
  • har innsikt i korleis rammevilkåra på individ- og systemnivå, som nettverksarbeid og universell utforming, påverkar det heilskaplege miljøarbeidet i helse-, omsorgs- og oppveksttenestene
  • har bransjekunnskap og kjennskap til ulike levekår, folkehelse og velferdsstaten si utvikling i helse-, omsorgs- og oppveksttenestene
  • kan oppdatere den yrkesfaglege kunnskapen sin om relevante teknologiske løysingar og verktøy for yrkesutøvinga si
  • kan oppdatere den yrkesfaglege kunnskapen sin om tverrfagleg miljøarbeid i helse- og oppvekstsektoren basert på forsking, brukarperspektiv og erfaringar
  • forstår kor viktig det er med heilskapleg miljøarbeid i helse-, omsorgs- og oppveksttenestene i eit sosialt og økonomisk berekraftig perspektiv
  • forstår si eiga yrkesrolle i tverrfagleg miljøarbeid med tenestemottakarane og i samhandling med andre fagpersonar i helse-, omsorgs- og oppveksttenestene
Ferdigheiter

Studenten

  • kan nytte fagleg kunnskap om heilskapleg miljøarbeid, kommunikasjon og folkehelse for å fremje brukarperspektivet
  • kan nytte relevante verktøy, teknikkar, kommunikasjonsformer og metodar i det heilskaplege miljøarbeidet
  • kan nytte etisk refleksjon og relevante lover, forskrifter og dokument i praktiske og teoretiske problemstillingar
  • kan finne fagstoff og informasjon som er relevant for aktuelle problemstillingar og i møte med tenestemottakarar og samarbeidspartnarar
  • kan kartleggje ein situasjon og identifisere faglege problemstillingar og behov for tiltak i det heilskaplege miljøarbeidet i samarbeid med tenestemottakaren, dei pårørande og samarbeidspartnarane
Generell kompetanse

Studenten

  • har forståing for yrkesetikk og korleis det påverkar yrkesutøvinga
  • har utvikla ei etisk grunnhaldning basert på verdiane respekt, likeverd og føreseielegheit
  • kan utføre heilskapleg og tverrfagleg miljøarbeid for å vareta dei samansette behova til tenestemottakaren
  • kan byggje relasjonar med relevante samarbeidspartnarar for å kunne gi eit tverrfagleg og heilskapleg tenestetilbod
  • kan utvikle arbeidsmetodar, produkt og/eller tenester gjennom systematisk erfaringsutveksling, kunnskapsdeling, rettleiing og refleksjon over eiga yrkesutøving