Hopp til hovedinnhold

Heilskapleg miljøarbeid

Nasjonale planar

3. Overordna læringsutbytte

Kunnskap

Kandidaten

  • kjenner sentrale omgrep innanfor heilskapleg miljøarbeid og har kunnskap om kommunikasjon og relasjonsforståing i helse- og oppvekstsektoren
  • har kunnskap om brukarperspektivet og veit korleis hen kan hjelpe tenestemottakaren med å delta aktivt i eiga meistring, eigen livssituasjon og eiga behandling
  • har innsikt i sentrale lover, forskrifter og dokument og etikk som regulerer rettane og pliktene til tenestemottakaren, dei pårørande og yrkesutøvarane
  • har innsikt i korleis rammevilkåra på individ- og systemnivå, som nettverksarbeid og universell utforming, påverkar det heilskaplege miljøarbeidet i helse-, omsorgs- og oppveksttenestene
  • har bransjekunnskap og kjennskap til ulike levekår, folkehelse og velferdsstaten si utvikling i helse-, omsorgs- og oppveksttenestene
  • kan oppdatere den yrkesfaglege kunnskapen sin om relevante teknologiske løysingar og verktøy for yrkesutøvinga si
  • kan oppdatere den yrkesfaglege kunnskapen sin om tverrfagleg miljøarbeid i helse- og oppvekstsektoren basert på forsking, brukarperspektiv og erfaringar
  • forstår kor viktig det er med heilskapleg miljøarbeid i helse-, omsorgs- og oppveksttenestene i eit sosialt og økonomisk berekraftig perspektiv
  • forstår si eiga yrkesrolle i tverrfagleg miljøarbeid med tenestemottakarane og i samhandling med andre fagpersonar i helse-, omsorgs- og oppveksttenestene
Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan nytte fagleg kunnskap om heilskapleg miljøarbeid, kommunikasjon og folkehelse for å fremje brukarperspektivet
  • kan nytte relevante verktøy, teknikkar, kommunikasjonsformer og metodar i det heilskaplege miljøarbeidet
  • kan nytte etisk refleksjon og relevante lover, forskrifter og dokument i praktiske og teoretiske problemstillingar
  • kan finne fagstoff og informasjon som er relevant for aktuelle problemstillingar og i møte med tenestemottakarar og samarbeidspartnarar
  • kan kartleggje ein situasjon og identifisere faglege problemstillingar og behov for tiltak i det heilskaplege miljøarbeidet i samarbeid med tenestemottakaren, dei pårørande og samarbeidspartnarane
Generell kompetanse

Kandidaten

  • har forståing for yrkesetikk og korleis det påverkar yrkesutøvinga
  • har utvikla ei etisk grunnhaldning basert på verdiane respekt, likeverd og føreseielegheit
  • kan utføre heilskapleg og tverrfagleg miljøarbeid for å vareta dei samansette behova til tenestemottakaren
  • kan byggje relasjonar med relevante samarbeidspartnarar for å kunne gi eit tverrfagleg og heilskapleg tenestetilbod
  • kan utvikle arbeidsmetodar, produkt og/eller tenester gjennom systematisk erfaringsutveksling, kunnskapsdeling, rettleiing og refleksjon over eiga yrkesutøving