Hopp til hovedinnhold

Heilskapleg miljøarbeid

Nasjonale planar

1. Innleiing

Tilbodet innanfor høgare yrkesfagleg utdanning i Noreg er mangfaldig og skal vere tilpassa samfunnet sitt behov for kompetanse. Høgare yrkesfagleg utdanning skal gi kompetanse som kan takast i bruk for å løyse oppgåver i arbeidslivet utan ytterlegare opplæringstiltak.

Dei nasjonale planane for gradsutdanningar i høgare yrkesfagleg utdanning blir utvikla og haldne ved like gjennom nasjonale fagråd.

I samsvar med lov om høgare yrkesfagleg utdanning (fagskulelova 2018) er det styret ved den enkelte tilbydaren av høgare yrkesfagleg utdanning som fastset innhaldet i og føresegnene for gjennomføring av utdanningane. Dei nasjonale planane gir rettleiande rammer som skal sikre at høgare yrkesfaglege utdanningar innanfor den same studieretninga held høg og tilsvarande kvalitet og gir den same kompetansen, uavhengig av fagskule og studiestad. I tillegg sikrar dei at fagskuleutdanningane er på rett nivå i samsvar med Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring (NKR). Dei nasjonale planane er dermed eit viktig grunnlag når den enkelte fagskulen skal utvikle eigne studieplanar som utgjer det faglege grunnlaget for akkreditering i Nasjonalt organ for kvalitet i utdanning (NOKUT).

Nasjonalt fagråd for fagskoleutdanning i helse- og oppvekstfag (NFFHO) har ansvar for å godkjenne nasjonale planar innanfor helse- og oppvekstfag. Fagrådet skal òg bidra til fagleg utvikling av høgare yrkesfagleg utdanning på nasjonalt nivå og skal dessutan vere eit organ for samhandling mellom tilbydarar av høgare yrkesfagleg utdanning i helse- og oppvekstfag, arbeidsgivar- og arbeidstakarorganisasjonar og relevante myndigheiter.

Denne planen er godkjend av NFFHO 15.07.2022.