Hopp til hovedinnhold

Sveiseteknikk

Nasjonale planar

5. Emnebeskrivingar

Læringsutbyttebeskrivingane på emnenivå (E-LUB) i denne planen er ikkje utfyllande og må reknast som rettleiande. Det er opp til den enkelte skule å utvikle dekkjande E-LUB som òg tek vare på eigenart og lokale faktorar gjennom eigne studieplanar. Den enkelte skulen går kvart år gjennom E-LUB i studieplanane sine i tråd med eigne kvalitetssikringsrutinar.

5.1 Reiskapsemne

Realfagleg reiskap

EmneTema
Realfagleg reiskap 10 studiepoeng Blir tilordna av den enkelte tilbydaren
Læringsutbytte
Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om realfag som reiskap innanfor fagområdet sitt
  • har kunnskap om realfaglege omgrep, teoriar, analysar, strategiar, prosessar og verktøy som blir nytta
  • kan utføre berekningar, overslag og problemløysing med relevans for dimensjonering og andre problemstillingar innanfor studieretninga
  • kan vurdere sitt eige arbeid i samsvar med matematiske og fysiske lover
  • kan utvide kunnskapen sin og har innsikt i eigne høve til utvikling innanfor realfag
  • kjenner til matematikkens og fysikkens eigenart og plass i samfunnet
Ferdigheiter

Studenten

  • kan gjere greie for val av reknemetoden som blir brukt til å løyse faglege problem
  • kan gjere greie for val av digitale verktøy som blir brukte til problemløysing innanfor realfaglege tema
  • kan nytte digitale hjelpemiddel til å løyse likningar og andre matematiske oppgåver
  • kan vurdere resultat av berekningar og reflektere over si eiga faglege utøving og justere denne under rettleiing
  • kan finne og vise til relevant informasjon og fagstoff i formelsamlingar, tabellar og fagbøker
  • kan kartleggje ein situasjon og identifisere realfaglege problemstillingar
  • har kjennskap til og kan nytte grunnleggjande fysiske lover og fysikkens metodikk
  • kan tolke og bruke modellar som blir nytta innanfor matematikk og fysikk
Generell kompetanse

Studenten

  • kan planleggje og gjennomføre yrkesretta arbeidsoppgåver og prosjekt åleine og som deltakar i ei gruppe ved å nytte realfag i tråd med etiske krav, retningslinjer og målgruppa sine behova
  • har innsikt i kva føresetnader og forenklingar hen har gjort i berekningane sine
  • har innsikt i rekkjevidda og avgrensingane til metodane som blir brukte
  • kan utveksle synspunkt og samarbeide med fagfellar om fagspesifikke problemstillingar med realfag som tverrfagleg fundament, og dermed bidra til organisasjonsutvikling

Kommunikasjon

EmneTema
Kommunikasjon 10 studiepoeng Blir tilordna av den enkelte tilbydaren
Læringsutbytte
Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om grunnleggjande kommunikasjonsteori
  • kjenner til kva kulturell identitet har å seie for samarbeid og kommunikasjon på arbeidsplassen
  • har kunnskap om engelske faguttrykk som blir brukte innanfor eige fagområde
  • har kunnskap om sentrale retoriske omgrep og verkemiddel
  • har kunnskap om kjeldebruk etter standard for høgare utdanning
  • kjenner til vanlege digitale verktøy for kjeldetilvising, dokumentasjon, tekstproduksjon, deling, presentasjon og møte
  • har kjennskap til prinsipp for tekstorganisering og produksjon
  • har kunnskap om kva som kjenneteiknar ei problemstilling, og korleis ein kan svare på henne
Ferdigheiter

Studenten

  • kan reflektere over møte mellom forskjellige arbeidslivskulturar
  • kan bruke relevante omgrep for å analysere sin eigen og andres tekst
  • kan reflektere over og revidere tekstar
  • kan reflektere over korleis retorikk blir nytta
  • kan byggje opp sakleg argumentasjon og bruke retoriske appellformer
  • kan innhente informasjon frå ulike kjelder og bruke han kritisk, formålstenleg og etterretteleg
  • kan reflektere over eigen kommunikasjon i profesjonell samanheng
  • kan produsere tekstar der form og innhald er tilpassa situasjonen, målet og mottakaren
  • kan bruke digitale kommunikasjonsverktøy i ein profesjonell samanheng
  • kan uttrykkje seg med nyansert ordval, variert setningsstruktur og tekstbinding
  • kan planleggje, strukturere og gjennomføre møte og presentasjonar
Generell kompetanse

Studenten

  • kan kommunisere formålstenleg for å bidra til ein inkluderande organisasjonskultur
  • kan tilpasse språk og argumentasjon etter mål og mottakar
  • kan produsere tekstar med korrekt rettskriving, grammatikk og teiknsetjing
  • meistrar relevante kommunikasjonsverktøy
  • kan kommunisere gjennom relevante tekstar og kanalar
  • kan samarbeide om tekstproduksjon

Leiing, økonomi og marknadsføring (LØM)

EmneTema
LØM 10 studiepoeng Økonomistyring Organisasjon og leiing Marknadsføringsleiing
Læringsutbytte
Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om sentrale omgrep innanfor økonomi, organisasjon og marknadsføring knytte til føretaksleiing
  • har kunnskap om lønnskostnader
  • har kunnskap om mål, tiltak og handlingsplanar
  • kjenner til aktuelle lover og avtalar innanfor emnet
Ferdigheiter

Studenten

  • kan kartleggje eksterne og interne arbeidsvilkår og utarbeide situasjonsanalysar
  • kan gjere greie for den økonomiske statusen i bedrifta ved å hente ut økonomiske data frå rekneskapen og bruke dei i analysar og kalkylar
  • kan vurdere betalingsevna og kapitalbehovet til bedrifta
  • kan planleggje økonomiske milepælar ved å utarbeide budsjett og gjere greie for økonomisk måloppnåing ved å vurdere eventuelle avvik
  • kan gjennomføre ein investeringsanalyse og reflektere over lønnsemda i ei mogleg framtidig investering
  • kan bruke rekneark i arbeidet med rekneskap, budsjett, analysar og kalkylar
  • kan gjere ei heilskapleg prisvurdering og utarbeide kalkylar
  • kan vurdere organisasjonsstrukturen og kulturen og arbeidsmiljøet for å vidareutvikle verksemda
  • kan kommunisere med, leie og motivere personalet på måtar som fremjar effektivitet og trivsel
  • kan identifisere, analysere og utvikle kompetansen til medarbeidarane
  • kan planleggje og gjennomføre gode rekrutteringsprosessar, frå behovsanalyse til introduksjon
  • kan gjere greie for kjøpsprosessen i ulike marknader og vurdere kunden si kjøpsåtferd i desse
  • kan vurdere val av marknadskommunikasjonstiltak i aktuelle medium og tilpasse bodskap til utvalde målgrupper i dei aktuelle media
  • kan vurdere kva produkt bedrifta bør satse på, i kva marknader satsinga bør skje, og kva distribusjonskanalar ein bør nytte
  • kan vurdere val av verksemds- og marknadsstrategi
Generell kompetanse

Studenten

  • kan innanfor gitte tidsfristar, åleine og i samarbeid med andre, planleggje, gjennomføre, dokumentere og levere arbeidsoppgåver og prosjekt
  • kan etablere, utvikle og leie ein organisasjon på måtar som fremjar både effektivitet, arbeidsmiljø, berekraft og samfunnsansvar
  • har digital kompetanse til å søkje kunnskap og informasjon og kan tolke og bruke informasjonen i det vidare arbeidet
  • kan kommunisere internt og eksternt og nytte digitale verktøy til dette
  • kan utarbeide relevante faglege dokument som til dømes pristilbod, tiltaks-/handlingsplanar, arbeidsavtalar, møteinnkallingar med saksframlegg, forretningsplanar og marknadsplanar
  • kan reflektere over samfunnsutviklinga og relatere utviklinga til bedrifta sin situasjon

5.2 Grunnlagsemne

HMS-, prosjekt- og kvalitetsleiing

EmneStudiepoeng
HMS-, prosjekt,- og kvalitetsleiing10
Læringsutbytte
Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om grunnleggjande HMS-, prosjekt- og kvalitetsleiing
  • har kunnskap om styringsverktøy for igangsetjing, planlegging og gjennomføring av prosjekt
  • har kunnskap om kvalitetsomgrep
  • har kunnskap om utarbeiding, bruk og vedlikehald av HMS-, internkontroll- og kvalitetsstyringssystem i samsvar med lover, forskrifter og standardar
  • kan vurdere sitt eige og andres HMS-, prosjekt- og kvalitetsarbeid med omsyn til gjeldande normer og krav
  • har innsikt i eigne høve til utvikling innanfor HMS-, prosjekt- og kvalitetsleiing
Ferdigheiter

Studenten

  • kan bidra til eit sikkert arbeidsmiljø ved å planleggje og setje i verk systematiske tiltak for å forhindre skade på menneske, materiell og miljø
  • kan gjere greie for aktivitetar som sikrar kvalitet i produksjonsprosessen
  • kan gjere greie for styringa av eit prosjekt med omsyn til tid, kostnad og kvalitet
  • kan gjere greie for dei faglege vala sine
  • kan finne og vise til informasjon og fagstoff og vurdere relevansen for aktuelle problemstillingar innanfor HMS-, prosjekt- og kvalitetsleiing
  • kan reflektere over si eiga faglege utøving og justere denne under rettleiing
Generell kompetanse

Studenten

  • kan planleggje og gjennomføre eit prosjekt og utarbeide relevant dokumentasjon
  • kan utveksle synspunkt og delta i diskusjonar om korleis HMS-, prosjekt- og kvalitetsleiing kan utøvast
  • kan bidra til eit godt og sikkert arbeidsmiljø med fokus på aktivt vernearbeid
  • kan bidra til organisasjonsutvikling innanfor HMS-, prosjekt- og kvalitetsarbeid

Konstruksjon og teknisk dokumentasjon

EmneStudiepoeng
Konstruksjon og teknisk dokumentasjon10
Læringsutbytte
Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om grunnleggjande mekanikk og aktuelle belastingar ein konstruksjon kan bli utsett for
  • har kunnskap om aktuell programvare for konstruksjon og teknisk dokumentasjon
  • har kunnskap om aktuelle standardar som blir nytta innanfor faget
  • kan vurdere sitt eige og andres arbeid innanfor teknisk teikningsproduksjon med omsyn til gjeldande normer og krav
  • har innsikt i sine eigne høve til utvikling innanfor konstruksjon og teknisk dokumentasjon
Ferdigheiter

Studenten

  • kan gjere greie for val av dataassisterte konstruksjonsverktøy og utarbeiding av teknisk dokumentasjon i bransjen
  • kan reflektere over sine eigne ferdigheiter innanfor konstruksjon og teknisk teikningsproduksjon og justere desse under rettleiing
  • kan finne og vise til informasjon og fagstoff om konstruksjon og teknisk dokumentasjon og vurdere relevansen for ei yrkesfagleg problemstilling
Generell kompetanse

Studenten

  • kan planleggje og gjennomføre arbeidsoppgåver innanfor dataassistert konstruksjon og teknisk dokumentasjon åleine eller som deltakar i ei gruppe og i tråd med aktuelle standardar og kundekrav
  • kan utveksle synspunkt og delta i diskusjonar om konstruksjon og teknisk dokumentasjon og utvikling av god praksis
  • kan bidra til organisasjonsutvikling innanfor dataassistert konstruksjon og teknisk dokumentasjon

Materialkunnskap

EmneStudiepoeng
Materialkunnskap10
Læringsutbytte
Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om aktuelle konstruksjonsmateriale, prosessar og verktøy for produktframstilling i mekanisk industri
  • har kunnskap om oppbygging av materialsertifikat og om ulike testmetodar for mekaniske eigenskapar
  • kan vurdere konstruksjonsmateriale i samsvar med produktstandardar
  • har kunnskap om korrosjon og korrosjonsvern av metalliske materiale
  • har kunnskap om aktuelle omgrep og teoriar innanfor kjemi og miljø
  • har kunnskap om berekraftomgrepet, sirkulærøkonomi og aktuelle tema innanfor klima og miljø
  • har innsikt i sine eigne høve til utvikling innanfor materialteknologi, kjemi og miljø
Ferdigheiter

Studenten

  • kan gjere greie for aktuelle konstruksjonsmateriale i sveiste konstruksjonar og produkt
  • kan gjere greie for val av materiale ut frå styrke, funksjon og økonomiske omsyn
  • kan identifisere forhold i ein sveiseverkstad som har negativ innverknad på berekraft og miljø, og vurdere fornuftige tiltak
  • kan finne og vise til informasjon og fagstoff for å redusere faren ved kjemikaliebruk
Generell kompetanse

Studenten

  • kan lese materialsertifikat og vurdere materialeigenskapar med tanke på bruksområde
  • kan planleggje og gjennomføre arbeidsoppgåver og prosjekt åleine eller som deltakar i ei gruppe med fokus på berekraft og sirkulærøkonomi
  • kan utveksle synspunkt og delta i diskusjonar om materialeigenskapar og materialval og utvikling av god praksis
  • kan bidra til organisasjonsutvikling ved å formidle kunnskap, haldningar og verdiar knytte til berekraft og miljø

Elektro, automasjon og tilverkingsteknikk

EmneStudiepoeng
Elektro, automasjon og tilverkingsteknikk 10

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten

  • har kjennskap til grunnleggjande omgrep og komponentar innanfor elektro
  • har kunnskap om faremoment som kan oppstå ved arbeid på eller i nærleiken av elektriske anlegg
  • har kunnskap om straumartar, effektar og lågspente styringssystem
  • har kjennskap til automatisert og robotisert sveiseutstyr
  • har kunnskap om metodar for støyping, bearbeiding og oppdeling av metall, plastar og kompositt 
  • har kunnskap om metodar for overflatebehandling av stålkonstruksjonar
  • har kjennskap til subtraktive og additive framstillingsprosessar
  • kan vurdere sitt eige arbeid med omsyn til lover, forskrifter, kundekrav og HMS
  • kjenner til den generelle utviklinga innanfor tilverkingsteknikk og betydinga for verdiskaping i verkstadindustrien
  • har innsikt i eigne utviklingsmoglegheiter

Ferdigheiter

Studenten

  • kan gjere greie for aktuelle verktøy og metodar for å måle og berekne straum, spenning og effekt på sveiseutstyr
  • kan gjere greie for val av metodar og teknikkar for tilverking av delar og komponentar med tanke på kostnad, effektivitet og kvalitet
  • kan reflektere over si eiga faglege utøving og justere denne under rettleiing
  • kan finne og vise til informasjon og fagstoff om elektro, automasjon og tilverkingsteknikk og vurdere relevansen for ei yrkesfagleg problemstilling

Generell kompetanse

Studenten

  • kan planleggje og gjennomføre tekniske arbeidsoppgåver innanfor tilverkingsteknikk åleine eller som deltakar i ei gruppe og i tråd med gjeldande krav og retningslinjer
  • kan utveksle synspunkt og delta i diskusjonar om kvalitet, drift og vedlikehald og utvikling av god praksis
  • kan byggje relasjonar med andre innanfor fag som elektro, automasjon og tilverkingsteknikk
  • kan bidra til organisasjonsutvikling gjennom kunnskap om ny teknologi

5.3 Fordjupingsemne

Sveisemetodar og utstyr

Dette emnet har læringsutbyttebeskriving på NKR-nivå 6 for å vareta kompetansekravet til å gå opp til eksamen som internasjonal sveiseteknikar (IWT) i samsvar med IAB 252.

EmneStudiepoeng
Sveisemetodar og utstyr10
Læringsutbytte
Kunnskap

Studenten

  • har spesifikk kunnskap om prinsipp for manuelle, mekaniserte, automatiserte og robotiserte sveise- og skjereprosessar
  • har kunnskap om innstilling og justering av ulike parametrar på sveiseapparat og veit korleis dei ulike parametrane påverkar utføring og kvalitet
  • kan vurdere val av sveisemetode ut frå effektivitet, kvalitet og økonomiske omsyn
  • kan vurdere sveisearbeid innanfor ulike metodar og rettleie andre ved behov
  • kjenner til forskings- og utviklingsarbeid innanfor sveisemetodar og utstyr og kan oppdatere og halde ved like den faglege kunnskapen sin på området
  • kjenner til sveisefagets historie, tradisjon, eigenart og betyding for verdiskaping i norsk verkstadindustri
Ferdigheiter

Studenten

  • kan nytte fagleg kunnskap til å velje eigna tekniske og økonomiske løysingar for sveising og nærståande prosessar og kan gjere greie for vala sine
  • kan velje eigna sveisemetode og utstyr under varierte og utfordrande forhold
  • kan reflektere over si eiga faglege utøving og justere denne under rettleiing
  • kan finne, vurdere og vise til informasjon og fagstoff om sveisemetodar og utstyr
  • kan gjere greie for val av vedlikehaldsstrategi for sveiseutstyr
  • meistrar grunnleggjande sveising
  • kan reflektere over si eiga faglege utøving og justere denne under rettleiing
Generell kompetanse

Studenten

  • har kunnskap om relevante faglege og yrkesetiske problemstillingar
  • kan opptre som ansvarleg person når arbeidsoppgåver for sveisepersonell skal definerast 
  • kan planleggje og gjennomføre sveisetekniske arbeidsoppgåver og prosjekt åleine eller som deltakar i ei gruppe, i tråd med nasjonale og internasjonale krav og retningslinjer for miljø og kvalitet
  • kan kartleggje utfordringar knytte til sveisemetodar og utstyr, identifisere faglege problemstillingar og setje i verk nødvendige tiltak
  • kan presentere teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg og munnleg
  • kan utveksle synspunkt og delta i diskusjonar om val av sveisemetodar og utstyr og utvikling av god praksis.
  • kjenner til nytenking og innovasjon på fagområdet

Sveisbarheita til ulike materiale

Dette emnet har læringsutbyttebeskriving på NKR-nivå 6 for å vareta kompetansekravet til å gå opp til eksamen som internasjonal sveiseteknikar (IWT) i samsvar med IAB 252.

EmneStudiepoeng
Sveisbarheita til ulike materiale 10

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten

  • har spesifikk kunnskap om ulike materiale og korleis dei oppfører seg under sveising og skjering
  • har kunnskap om årsaker til sprekkdanningar som følgje av sveising
  • har kunnskap om termiske forhold under sveising og varmebehandling
  • har kjennskap til forsking og utviklingsarbeid på fagområdet
  • kan oppdatere kunnskapen sin ved å følgje med på utviklinga av sveisbare konstruksjonsmateriale
  • kjenner til ulykker og havari som skriv seg frå manglande kunnskap om sveiseeigenskapane til ulike materiale

Ferdigheiter

Studenten

  • kan nytte fagleg kunnskap til å føresjå og løyse materialtekniske utfordringar som kan oppstå i samband med sveising og skjering, og kan gjere greie for vala sine
  • kan reflektere over korleis fagleg utføring av sveising og skjering påverkar materialeigenskapane
  • kan finne, vurdere og vise til informasjon og fagstoff om sveiseeigenskapane til ulike materiale
  • kan nytte relevante modellar og diagram til å føresjå korleis ulike materiale oppfører seg under sveising

Generell kompetanse

Studenten

  • kan vareta sveiseeigenskapane til ulike materiale under varierte og utfordrande forhold
  • kan planleggje og gjennomføre sveisetekniske arbeidsoppgåver og prosjekt åleine eller som deltakar i ei gruppe, i tråd med nasjonale og internasjonale krav og retningslinjer for miljø og kvalitet
  • kan opptre som ansvarleg person når arbeidsoppgåver for sveisepersonell skal definerast
  • kan kartleggje materialtekniske utfordringar som kan oppstå i samband med sveising og skjering, identifisere faglege problemstillingar og setje i verk nødvendige tiltak
  • kan presentere teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg og munnleg
  • kan utveksle synspunkt og delta i diskusjonar om sveiseeigenskapane til ulike materiale og utvikling av god praksis.
  • kjenner til nytenking og innovasjonsprosessar på fagområdet

Konstruksjon og utforming

Dette emnet har læringsutbyttebeskriving på NKR-nivå 6 for å vareta kompetansekravet til å gå opp til eksamen som internasjonal sveiseteknikar (IWT) i samsvar med IAB 252.

EmneStudiepoeng
Konstruksjon og utforming10
Læringsutbytte
Kunnskap

Studenten

  • har spesifikk kunnskap om teoriar, prinsipp og problemstillingar knytte til konstruksjon og utforming av eit sveist produkt
  • har kunnskap om materialstyrke og verknaden av ulike krefter på ein konstruksjon
  • har kunnskap om fugeutforming av sveiste forbindelsar ved høvesvis statiske og dynamiske belastingar
  • har kunnskap om fugeutforming av sveiste forbindelsar i trykkpåkjent utstyr
  • har grunnleggjande kjennskap til brotmekanikk
  • kjenner til forhold som påverkar konstruksjon og utforming av eit sveist produkt
  • kjenner til forskjellen mellom elastisk og plastisk deformasjon
Ferdigheiter

Studenten

  • kan vurdere tekniske løysingar for konstruksjon og utforming av eit sveist produkt
  • kan vurdere konstruksjonsmessige berekningar av sveiste forbindelsar ut frå krav til kvalitet, funksjon og økonomi
  • kan gjere greie for deformasjonar som er forårsaka av sveising, og har kjennskap til bruk av SN-diagram
  • kan reflektere over si eiga faglege utøving og justere denne under rettleiing
  • kan finne, vurdere og vise til informasjon og fagstoff og knyte dette til ei fagleg problemstilling
  • kan utføre styrkeberekning av sveiste forbindelsar
Generell kompetanse

Studenten

  • har kunnskap om relevante faglege og yrkesetiske problemstillingar
  • kan opptre som ansvarleg person når arbeidsoppgåver for sveisepersonell skal definerast
  • kan konstruere og utforme sveiste forbindelsar åleine eller som deltakar i ei gruppe, i tråd med nasjonale og internasjonale krav til kvalitet
  • kan presentere teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg og munnleg
  • kan utveksle synspunkt og delta i diskusjonar om konstruksjon og utforming av sveiste forbindelsar og utvikling av god praksis
  • kjenner til nytenking og innovasjonsprosessar på fagområdet

Fabrikasjon og prosedyrar

Dette emnet har læringsutbyttebeskriving på NKR-nivå 6 for å vareta kompetansekravet til å gå opp til eksamen som internasjonal sveiseteknikar (IWT) i samsvar med IAB 252.

EmneStudiepoeng
Fabrikasjon og prosedyrar10
Læringsutbytte
Kunnskap

Studenten

  • har spesifikk kunnskap om prinsipp for kvalitetssikring av sveising og nærståande prosessar
  • har kunnskap om forhold som direkte eller indirekte påverkar kvaliteten på sveisearbeid i ulike produksjonstrinn
  • har kunnskap om oppfølging og kontroll av sveisearbeid før, under og etter sveising
  • har kunnskap om helserisikoen som er knytt til sveising
Ferdigheiter

Studenten

  • kan vurdere forhold som påverkar kvaliteten på ein sveist forbindelse
  • kan vurdere tekniske og økonomiske løysingar for kvalitetssikring og kvalitetskontroll under varierte og utfordrande forhold
  • kan utarbeide sveiseprosedyrar med omsyn til aktuelle standardar, forskrifter og normer
  • kan utvikle, nytte og halde ved like system for å vareta sporbarheit
  • kan følgje reglar for godkjenning av sveisepersonell
  • kan velje eigna økonomiske løysingar når det skal utførast sveisearbeid og nærståande prosessar
  • kan kartleggje situasjonar knytte til HMS og planleggje og setje i verk systematiske tiltak for å redusere helserisikoen
Generell kompetanse

Studenten

  • kan sørgje forat sveisearbeid blir kvalitetssikra og kontrollert under varierande og utfordrande forhold
  • kan opptre som ansvarleg person når arbeidsoppgåver for sveisepersonell skal definerast
  • kan planleggje og gjennomføre sveisetekniske arbeidsoppgåver og prosjekt åleine eller som deltakar i ei gruppe, i tråd med nasjonale og internasjonale krav og retningslinjer for miljø og kvalitet
  • kan vurdere kvalifikasjonane til sveisepersonell og NDT-operatørar
  • kan vareta krav til dokumentasjon av utført sveisearbeid med omsyn til gjeldande kravspesifikasjonar
  • kan utveksle synspunkt og delta i diskusjonar om fabrikasjon av sveiste konstruksjonar og produkt og utvikling av god praksis
  • kan vareta medarbeidarar med omsyn til HMS gjennom å formidle kunnskap og haldningar og ha fokus på aktivt vernearbeid
  • kjenner til nytenking og innovasjon på fagområdet

Hovudprosjekt

Dette emnet har læringsutbyttebeskriving på NKR-nivå 6 for å vareta kompetansekravet til å gå opp til eksamen som internasjonal sveiseteknikar (IWT) i samsvar med IAB 252.

EmneStudiepoeng
Hovudprosjekt10
Læringsutbytte
Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om korleis ein set i gang, planlegg, gjennomfører og avsluttar eit prosjekt
  • har kunnskap om utforming av ein prosjektrapport
  • har særskild kunnskap om eit sjølvvalt tema med ei problemstilling innanfor eitt eller fleire fordjupingsemne
  • har kunnskap om korleis ein innhentar informasjon om eit tema
  • kan vurdere sitt eige og andres prosjektarbeid med omsyn til gjeldande normer og krav
  • kjenner til betydinga og utbreiinga av prosjekt som arbeidsform
  • har innsikt i sine eigne utviklingsmoglegheiter som prosjektmedarbeidar og prosjektleiar
Ferdigheiter

Studenten

  • kan nytte IT-baserte prosjektstyringsverktøy til å planleggje og følgje opp aktivitetar, ressursar, kostnader og tidsbruk
  • kan gjere greie for val av tema for prosjektet og identifisere, kartleggje og vurdere ei fagleg problemstilling
  • kan drøfte teoriar, problemstillingar og løysingar og presentere sentralt fagstoff både skriftleg og munnleg
  • kan reflektere over si eiga rolle og sin eigen arbeidsinnsats i eit prosjekt og justere under rettleiing
  • kan finne og vise til informasjon og fagstoff og vurdere relevansen for eit prosjekttema
Generell kompetanse

Studenten

  • kan setje i gang, planleggje og gjennomføre prosjektarbeid åleine og som deltakar i ei gruppe, i tråd med behova til oppdragsgivaren og etiske krav og retningslinjer
  • kan utveksle synspunkt og delta i diskusjonar om prosjektarbeid og utvikling av god praksis
  • kan bidra til organisasjonsutvikling ved å fordjupe seg i eit kreativt og nyskapande tema som fører til utvikling eller endring av positiv art i ei bedrift