Hopp til hovedinnhold

Sveiseteknikk

Nasjonale planar

2. Om utdanninga

Høgare yrkesfagleg utdanning innanfor sveiseteknikk gir grunnlag for verdiskaping lokalt, regionalt og nasjonalt. Utdanninga gir kompetanse til å gå inn i ulike funksjonar og stillingar i bedrifter som leverer eller kjøper inn produkt og tenester innanfor sveising.

Desse bedriftene har både nasjonale og internasjonale krav til sveiseteknisk kompetanse. Kompetansekravet er knytt til bedriftene si konkurranseevne og varetaking av krav i direktiv, forskrifter og standardar. For å dekkje kompetansebehovet i industrien er utdanninga lagd opp slik at fullført og bestått sveiseteknikarutdanning òg kvalifiserer til å ta eksamen som internasjonal sveiseteknikar (International Welding Technologist – IWT).

Heile utdanninga ligg på nivå 5.2 i nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk (NKR), mens fordjupingsemna som dekkjer IWT-godkjenninga, ligg på nivå 6 (EQF level 6) i samsvar med gjeldande utgåve av «IAB 252 – Guideline for International Welding Engineers, Technologists, Specialists and Practitioners. Minimum Requirements for the Education, Examination and Qualification».Dette gjeld følgjande emne: sveisemetodar og utstyr, sveiseeigenskapane til ulike materiale, konstruksjon og utforming, fabrikasjon og prosedyrar og hovudprosjekt.

Omgrepsavklaringar

EQF – European Qualification Framework

NS-EN ISO 9000 – leiingssystem for kvalitet

NS-EN ISO 3834 – kvalitetskrav for smeltesveising av metalliske materiale

Sveiseteknikk – felles nemning på samanføyingsmetodar som er baserte på ulike smeltesveiseprosessar, diffusjonssveiseprosessar og loddeprosessar.

Materiale – felles nemning på jernmetall som stål og rustbestandig stål, ikkje-jernmetall som kopar- og nikkellegeringar, lettmetall som aluminium og titan og ikkje-metall som plastar, keram og kompositt.

Spesiell prosess – ein prosess der kvaliteten på resultatet ikkje kan kontrollerast i ettertid, men må byggjast inn undervegs i produksjonen. Sveising er definert som ein spesiell prosess som krev ekstra oppfølging for å sikre kvalitet på den endelege sveisen. Dette blir vareteke gjennom NS-EN ISO 3834, som gjeld prosessar og prosedyrar som er nødvendige for å sikre kvaliteten på eit sveist produkt.