Sveiseteknikk
Nasjonale planar3. Overordna læringsutbytte
Kunnskap
Kandidaten
- har kunnskap om val av materiale, sveisemetodar og verktøy som blir nytta til å sveise ulike produkt og konstruksjonar
- har kunnskap om kvalitetssikring og kvalitetskrav knytte til sveising
- har kjennskap til digitalisering og automatisering av sveiseprosessar
- har kunnskap om etterleving av forskrifter, lover, standardar og kravspesifikasjonar som gjeld for sveiste produkt og konstruksjonar
- har kunnskap om helsefarar ved sveising og tiltak for å redusere helserisikoen
- kjenner til sveisefagets historiske utvikling og ulykker og havari som skriv seg frå manglande kvalitetssikring i sveiseprosessen
- har kunnskap om korrosjon og veit korleis ein kan førebyggje dette
- har kunnskap om prosjektleiing og bruk av prosjektstyringsverktøy
- kan vurdere sitt eige og andres arbeid med omsyn til gjeldande normer og krav
- har innsikt i eigne høve til utvikling og kan innhente og nytte kunnskap for å halde seg oppdatert på sveiseteknologi
Ferdigheiter
Kandidaten
- kan gjere greie for val av materiale, sveisemetodar og verktøy ut frå kvalitetsmessige, økonomiske og miljømessige omsyn
- kan gjere greie for val av metodar og prinsipp for vedlikehald, logistikk og produksjonsflyt
- kan tolke og nytte sveisetekniske standardar
- kan reflektere over si eiga faglege utøving og justere denne under rettleiing
- kan vurdere bedrifta sin økonomiske situasjon og marknads- og leiingsutfordringar og gjere fornuftige og grunngitte val
- kan finne og vise til informasjon og fagstoff og vurdere relevansen for ei sveiseteknisk problemstilling
Generell kompetanse
Kandidaten
- kan planleggje og gjennomføre sveisetekniske arbeidsoppgåver og prosjekt åleine eller som deltakar i eller leiar av ei gruppe, i tråd med nasjonale og internasjonale krav og retningslinjer for etikk, miljø og kvalitet
- kan sjå til at sveisearbeid blir utført i tråd med spesifiserte kundekrav
- kan utveksle synspunkt på sveisetekniske problemstillingar og delta i diskusjonar om utvikling av god praksis
- kan bidra til organisasjonsutvikling ved å følgje med på ny sveiseteknologi som kan føre til nyskaping og innovasjon, og kan nytte eigen kompetanse til å setje fokus på miljø og berekraft