Hopp til hovedinnhold

​​Barn og unge med behov for særskild tilrettelegging​

Nasjonale planar

3. Overordna læringsutbytte

Kunnskap

Kandidaten

  • har kunnskap om etikk, livsmeistring og tidleg innsats retta mot barn og unge med behov for særskild tilrettelegging som fremjar meistring, utvikling og heilskapleg danning
  • har kunnskap om barn og unge med behov for særskild tilrettelegging og deira oppleving av å leve i ulike livssituasjonar sett opp mot viktigheita av eiga yrkesutøving
  • har kunnskap om ulike pedagogiske og didaktiske teoriar som kan brukast i arbeidet med barn og unge med behov for særskild tilrettelegging
  • forstår kor viktig eige nærvær er i møte medbarn og unge med tanke på sosialisering og vennskap
  • forstår kor viktig det er medtraumebasert omsorgi møte med barn og unge i risikosituasjonar
  • har innsikt i regelverk, lover, forskrifter og andre styringsdokument som er relevante for barn og unge med behov for særskild tilrettelegging
  • har kjennskap til korleis ulike verksemder i oppvekstsektoren legg til rette til beste for enkeltindividet
  • kan oppdatere den yrkesfaglege kunnskapen sin om barn og unge med behov for særskild tilrettelegging

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan nytte kunnskap om barn og unge med behov for særskild tilrettelegging
  • kan nytte ulike pedagogiske og didaktiske metodar for å planleggje, gjennomføre og evaluere med tanke på den heilskaplege utviklinga til barn og unge
  • kan finne informasjon og fagstoff om ulike problemstillingar for barn og unge med behov for tilrettelegging for å fremje opplevinga av inkludering og livsmeistring
  • kan hjelpe til med å observere og kartleggje barn og unge i sårbare og utsette livssituasjonar og i samarbeid med den pedagogisk ansvarlege identifisere behov for tiltak som er til det beste for enkeltindividet

Generell kompetanse

Kandidaten

  • forstår etiske prinsipp, utfordringar og dilemma i yrkesutøvinga og reflekterer over sin eigen praksis og sine eigne haldningar og verdiar i møte med barn og unge med behov for særskild tilrettelegging og deira føresette
  • har utvikla ei etisk grunnhaldning som kjem til uttrykk ved at yrkesutøvinga varetek identiteten til barn og unge og dekkjer behovet deira for omsorg og inkludering
  • kan utføre arbeid som fremjar identiteten til barn og unge og motverkar opplevinga av utanforskap
  • kan gjennom observasjon, refleksjon og dialog bidra til å utvikle tiltak for barn og unge med behov for særskild tilrettelegging
  • kan byggje relasjonar med kollegaer, føresette, barn og unge og andre yrkesgrupper, både profesjonelt og fagleg, for å fremje inkludering, livsmeistring og tidleg innsats
  • kan utføre det pedagogiske arbeidet i tråd med behova til utvalde målgrupper