Hopp til hovedinnhold

Heilskapleg miljøarbeid

Nasjonale planar

2. Om utdanninga

Høgare yrkesfagleg utdanning i heilskapleg miljøbehandling skal bidra til at studentane tileignar seg teori og forståingsmåtar som grunnlag for heilskaplege og koordinerte tenester, retta mot behova til kvar enkelt tenestemottakar. Hovudfokus i utdanninga er tenestemottakaren sin rett til sjølvbestemming og korleis tenesteytaren kan bidra med best mogleg avgjerdsstøtte.

Målgruppa for utdanninga i heilskapleg miljøarbeid er tenesteytarar med fagbrev eller tilsvarande innanfor helse, omsorg eller oppvekst.

Etter fullført utdanning vil tenesteytarar med høgare yrkesfagleg kompetanse innanfor fagområdet sitt kunne forstå situasjonar og behov hos tenestemottakaren i eit heilskapleg perspektiv og på den måten bidra til kunnskapsbaserte og heilskaplege tenester.

Utdanninga er praksisnær og byggjer på praksisrelatert innhald og praksisrelaterte arbeidsmetodar.

2.1 Omgrepsavklaringar

Dette kapittelet inneheld studieplanen sine definisjonar av sentrale omgrep.

TenestemottakararPersonar som får tenester frå helse-, omsorgs- og oppvekstsektoren.
SamarbeidspartnararPersonar og tenester som er involverte i tenestemottakaren sin situasjon, og som det er formålstenleg å samarbeide med.
MiljøarbeidEi fagleg grunngitt og systematisk tilrettelegging av ulike faktorar for å bidra til å styrkje praktiske og sosiale ferdigheiter hos den enkelte tenestemottakaren.
Heilskapleg miljøarbeidBlir utført basert på eit heilskapleg menneskesyn og varetek tenestemottakaren sine fysiske, psykiske, sosiale, eksistensielle og kulturelle behov.
PårørandeForeldre, føresette og/eller familie. Det kan òg vere éin eller fleire personar som tenestemottakaren sjølv definerer som nærmaste pårørande.