Elkraft
Nasjonale planar7. Fordjupingsemne
7.1 Installasjonssystem
Dette emnet skal gi studenten kunnskap til å utføre nødvendige berekningar for rett val og dimensjonering av elektrisk utstyr og maskiner.
Gjesteforelesar(ar) bør vurderast for å synleggjere praktiske behov.
Emne | Studiepoeng |
---|---|
Installasjonssystem | 10 |
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om berekningar av og dokumentasjon for installasjonssystem etter gjeldande normer og forskrifter
- har kunnskap om eltilsynslova
- har kunnskap om lovverk og plassering av leie- og nødlys
- har kunnskap om risikovurderingar og sikkerheitsfilosofi ved installasjonssystem med vekt på elektrisk sjokk, induserte spenningar, overbelasting og kortslutning
- har kunnskap om varmepumper, vassborne energisystem, ventilasjonssystem og bruk av slike i bustader og industri med vekt på enøk, sikkerheit, klima og kvalitet
- veit korleis eigenskapane til elektriske installasjonar blir påverka av aldring og ytre påkjenningar som trykkvariasjonar, temperatur og fukt
- har kunnskap om EMC og EMI i elektriske og automatiserte system
- har kunnskap om overspenningar i elektriske anlegg
- kan vurdere utføringa av installasjonssystem med omsyn til gjeldande forskrifter og normer
- har kunnskap om funksjonen, karakteristikkane og eigenskapane til ulike statiske og roterande maskiner
- kan oppdatere den yrkesfaglege kunnskapen sin om installasjonssystem
- har innsikt i sine eigne høve til utvikling innanfor installasjonssystem
Ferdigheiter
Studenten
- kan gjere greie for bruk av elektroniske verktøy ved prosjektering, kontrahering og framstilling av dokumentasjon av installasjonssystem og automatiserte system
- kan gjere greie for val av installasjonssystem og automatiserte system som blir nytta til lågenergiløysingar og byggautomatisering
- kan gjere greie for lovverk og val av plassering for leie- og nødlys
- kan gjere greie for berekningar og dokumentasjon av vernetiltak i elektriske anlegg
- kan finne og vise til lover, forskrifter, normer, datablad og faglitteratur og vurdere relevansen for installasjonssystem
- kan kartleggje og feilsøkje installerte installasjonssystem og vurdere behov for å setje i verk tiltak
- kan bruke metodar og verktøy som blir nytta ved risikovurdering, planlegging og dokumentasjon av installasjonssystem
- kan gjere greie for val av løysingar som er i tråd med behova til kunden, og somoppfyller krav til sikkerheit, klima, miljø og kvalitet
Generell kompetanse
Studenten
- kan planleggje og dokumentere installasjonssystem åleine og som deltakar i ei gruppe og i tråd med etiske krav, retningslinjer, sikkerheit og relevante lover og forskrifter
- kan utføre arbeid på installasjonssystem i tråd med kunden sine behov
- kan byggje relasjonar med fagfellar innanfor installasjonssystem og på tvers av fag og med eksterne målgrupper
- kan utveksle synspunkt med medarbeidarar som jobbar med installasjonssystem, og delta i diskusjonar om utvikling av god praksis for prosjektgjennomføring
- kan utøve fagleg leiing
Tema
- Fagleg leiing
- Risikovurdering
- Elektriske anlegg og elektrisk utstyr
- Dokumentasjon
7.2 Elektrisk energiproduksjon og ‑distribusjon
Dette emnet skal gi studenten kunnskap til å utføre nødvendige berekningar for rett val og dimensjonering av elektrisk utstyr og maskiner.
Gjesteforelesar(ar) bør vurderast for å synleggjere praktiske behov.
Emne | Studiepoeng |
---|---|
Elektrisk energiproduksjon og ‑distribusjon | 10 |
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- veit korleis kraftsystemet er oppbygd, og har kunnskap om systemkomponentar og regelverk som regulerer energiproduksjon og distribusjon og handel med elektrisk energi
- har kunnskap om dagens energikjelder og nye typar fornybar energi
- har kunnskap om kraftproduksjon og korleis han påverkar sikkerheit, miljø og klima
- har kunnskap om samfunnssikkerheit og nødstraumsforsyning i kraftsystem
- har kunnskap om vedlikehald, driftstilstandar og feilsituasjonar i elektriske forsynings- og produksjonsanlegg
- har kunnskap om transformatorar, vern og jording i elektriske forsynings- og produksjonsanlegg
- har kunnskap om risikovurdering, planlegging, prosjektering og drift av enkle elektriske forsynings- og produksjonsanlegg
- kan vurdere behov for sikkerheitstiltak ved arbeid på elektriske anlegg i tråd med relevante lover og forskrifter
- veit korleis eigenskapane til elektriske forsynings- og produksjonsanlegg blir påverka av aldring og ytre påkjenningar som trykkvariasjonar, temperatur og fukt
- har kunnskap om EMC og veit korleis EMI påverkar elektriske forsynings- og produksjonsanlegg
- har kunnskap om korleis overspenningar påverkar elektriske forsynings- og produksjonsanlegg
- har kunnskap om relevante forskrifter og normer som regulerer energiproduksjon og distribusjonsanlegg
- kjenner til historia og utviklinga til elkraftbransjen
- kan oppdatere den yrkesfaglege kunnskapen sin innanfor elektrisk energiproduksjon og distribusjon
- har kunnskap om AMS, lastprioritering og smartgrid
Ferdigheiter
Studenten
- kan utføre og gjere greie for val av måleutstyr til å utføre og vurdere målingar på elektriske maskiner og omformarar for å kartleggje aktuelle karakteristikkar og avdekkje normale og unormale driftstilstandar
- kan utføre og gjere greie for overvaking, styring og sikring av elektriske produksjons- og distribusjonsnett
- kan gjere greie for sjølvinduktans, kapasitans, resistans, spenningsfall, fasekompensering, kortslutningar, effekttap og spenningsfall i elektriske forsynings- og produksjonsanlegg
- kan finne, lese og utarbeide relevant dokumentasjon for elektriske forsynings- og produksjonsanlegg og elektriske maskiner og omformarar og vurdere relevansen for ei yrkesfagleg problemstilling
- kan gjere greie for val av elektriske maskiner og omformarar som blir nytta i elektriske forsynings- og produksjonsanlegg
- kan reflektere over si eiga faglege utøving innanfor elektrisk energiproduksjon og distribusjon og justere denne under rettleiing
Generell kompetanse
Studenten
- kan utarbeide relevant dokumentasjon og teikningsunderlag for transformatorar, elektriske maskiner og elektriske forsynings- og produksjonsanlegg
- kan velje arbeidsmetodar som tilfredsstiller krava til HMS og elsikkerheit ved arbeid på elektriske anlegg i samsvar med FEK, FSE og forskrift om maskiner
- kan feilsøkje, diagnostisere og prosjektere elektriske forsyningsanlegg åleine og som deltakar i ei gruppe og i tråd med etiske krav, retningslinjer, sikkerheit og relevante lover og forskrifter
- kan leie faglege grupper som arbeider med elektriske maskiner, med omsyn til tekniske krav, HMS og relevante forskrifter
- kan byggje relasjonar med fagfellar innanfor elektrisk kraftproduksjon og distribusjon på tvers av fag og med eksterne målgrupper
- kan utveksle teknisk informasjon med ulike aktørar i arbeidslivet og i samfunnet elles og delta i diskusjonar om utvikling av god praksis
- kan utøve fagleg leiing
Tema
- Fagleg leiing
- Risikovurdering
- Elektriske maskiner og omformarar
- Berekraftige energikjelder
- Elektriske overføringsanlegg og elektrisk overføringsutstyr
- Dokumentasjon
7.3 Prosjektleiing og fagleg leiing
Dette emnet skal gi studenten kunnskap til å utføre oppgåver som fagleg ansvarleg for arbeid knytt til elkraftanlegg og som prosjekterande for den valde fordjupinga.
Emne | Studiepoeng |
---|---|
Prosjektleiing og fagleg leiing | 10 |
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om styring, kommunikasjon og overvaking av elektriske forsynings- og produksjonsanlegg
- har kunnskap om EMC og EMI i elektriske og automatiserte installasjonar
- har kunnskap om risikovurdering, forhandlingar, kontraktsinngåing, leveransar og personalhandtering
- kan vurdere kva etiske, juridiske og økonomiske føresetnader som ligg til grunn for eige arbeid
- har kunnskap om metodar som analyserer samanhengen mellom leiing, tidsbruk, økonomi og kvalitet i ein arbeidsprosess
- har kunnskap om kontraktar, ansvarsrett og entrepriseformer
- har kunnskap om internkontrollforskrifta og IK-system
- har kunnskap om lover, forskrifter og normer som regulerer elektriske installasjonar og elektriske forsynings- og produksjonsanlegg
- har kunnskap om BIM
- har kunnskap om verktøy og metodar som blir nytta til prosjektplanlegging og prosjektstyring av elektriske installasjonar og elektriske forsynings- og produksjonsanlegg
- har kunnskap om elsikkerheit, internkontroll og HMS for eit elektroføretak
- har kunnskap om elsikkerheits- og samfunnsmessig risiko knytt til elektriske installasjonar og elektriske forsynings- og produksjonsanlegg
Ferdigheiter
Studenten
- kan gjere greie for korleis EMC og EMI påverkar elektriske og automatiserte system
- kan gjere greie for korleis overspenningar påverkar elektriske og automatiserte system
- kan finne, nytte og vise til lover, forskrifter, normer, datablad og faglitteratur og vurdere relevansen for elektriske installasjonar og elektriske forsynings- og produksjonsanlegg
- kan nytte BIM ved prosjektering av elektriske installasjonar og elektriske forsynings- og produksjonsanlegg
- kan kartleggje ein arbeidssituasjon og vurdere behov for ressursar og kva aktivitetar som skal gjennomførast
- kan gjere greie for rutinar for å kartleggje kompetanse omkring elsikkerheita i eit føretak
- kan gjere greie for vala sine ved prosjektering og drift av elektriske installasjonar, elektriske forsynings- og produksjonsanlegg og maritime anlegg
- kan gjere greie for val av entrepriseformer for elektriske installasjonar, elektriske forsynings- og produksjonsanlegg og maritime anlegg
- kan gjere greie for overvaking, styring og sikring av elektriske installasjonar, elektriske forsynings- og produksjonsanlegg og maritime anlegg
- kan gjere greie for utføringa av elektriske installasjonar, elektriske forsynings- og produksjonsanlegg og maritime anlegg
- kan vurdere korleis forskrifter og normer påverkar internkontrollsystem ved arbeid på elektriske installasjonar, elektriske forsynings- og produksjonsanlegg og maritime anlegg
- kan gjere greie for val og bruk av verktøy og metodar som blir nytta til risikovurdering, planlegging og dokumentasjon av elektriske installasjonar, elektriske forsynings- og produksjonsanlegg og maritime anlegg
Generell kompetanse
Studenten
- kan planleggje elektriske installasjonar, elektriske forsynings- og produksjonsanlegg og maritime anlegg åleine og som deltakar i gruppe og i tråd med kundens behov for tekniske løysingar, kvalitet og økonomi
- kan utarbeide kvalitetssikrings- og internkontrollsystem for elektriske installasjonar, elektriske forsynings- og produksjonsanlegg og maritime anlegg og halde dei ved like
- kan prosjektere elektriske installasjonar, elektriske forsynings- og produksjonsanlegg og maritime anlegg i tråd med kunden sine behov
- kan byggje relasjonar på tvers av fag og leie arbeid med tverrfaglege prosjekt
- kan planleggje og gjennomføre arbeid med elektriske installasjonar, elektriske forsynings- og produksjonsanlegg og maritime anlegg med tanke på planlegging, kvalitet, arbeidsfordeling og kontroll av framdrift og effektivitet
- kan planleggje og gjennomføre tekniske entreprisar og totalentreprisar for elektriske installasjonar, elektriske forsynings- og produksjonsanlegg og maritime anlegg
- kan utføre arbeid som fagleg ansvarleg på elektriske installasjonar, elektriske forsynings- og produksjonsanlegg og maritime anlegg
- kan planleggje og gjennomføre kontroll og diagnostisering av elektriske installasjonar, elektriske forsynings- og produksjonsanlegg og maritime anlegg åleine og i ei gruppe og kan vurdere om anlegget er i tråd med etiske krav og retningslinjer
- kan planleggje og gjennomføre arbeid med internkontroll i eit føretak
Tema
- Fagleg leiing og ansvar
- Risikovurdering
- Lover, forskrifter og normer
- Elsikkerheit
- Internkontroll
- Avtalar og kontraktar i praksis
- Prosjektering
- BIM
- Prosjektleiing
7.4 Elektroniske kommunikasjonssystem (ekom)
I dette emnet får du den teorien som krevst for å bli fagleg ansvarleg for ei elverksemd og kvalifisert person for ekomnettautorisasjon (ENA).
Emne | Studiepoeng |
---|---|
Elektroniske kommunikasjonssystem (ekom) | 10 |
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om korleis analoge og digitale elektroniske kommunikasjonsnett (ekomnett, brannalarm, innbrot, overfall, fellesantenne, lyd- og biletdistribusjon, styringssystem etc.) er bygde opp og verkar
- kan vurdere sitt eige arbeid med omsyn til ekomlova og relevante forskrifter og standardar
- kan vurdere alle aspekt ved installasjon med omsyn til gjeldande normer og krav til sikkerheit og kvalitet
- har kunnskap om EMC og EMI i ekomnett
- har kunnskap om transmisjonslinjer, infrastruktur og teknologi i ekomnett
- har kunnskap om risikovurdering, planlegging og prosjektering av ekomnett
- kjenner til ekoms utvikling og plass i samfunnet
- har kunnskap om behov for og krav til reservekraft
Ferdigheiter
Studenten
- kan gjere greie for vala av materiell og utstyr som blir installert eller halde ved like i tråd med teknisk dokumentasjon, og ta omsyn til støypåverknad og EMC i grensesnitt mot andre nett og anna brukarutstyr
- kan bruke og gjere greie for val av programvare og verktøy for berekning, planlegging, kvalitetskontroll og dokumentasjon av ekomnett
- kan gjere greie for vala sine i prosjektering av ekomnett
- kan bruke og gjere greie for test- og måleinstrument og vurdere resultatet av målingar, testar og analysar
- kan reflektere over si eiga faglege utøving ved å måle, teste og analysere elektroniske kommunikasjonssystem, tolke resultata og justere desse under rettleiing
Generell kompetanse
Studenten
- kan planleggje, prosjektere og velje rett materiell for å installere, drifte og halde ved like ekomnett åleine og som deltakar i ei gruppe og i tråd med gjeldande regelverk og etiske krav
- kan utføre arbeidet etter spesifikasjonane til kunden og behova og krava til leverandørar og spesialistar
- kan byggje relasjonar med fagfellar innanfor ekom, på tvers av fag og med eksterne målgrupper for erfaringsutveksling og drøfting av løysingar
- kan utveksle kunnskap og erfaring med andre som har bakgrunn frå ekom, og kan delta i diskusjonar om utvikling av nye løysingar, effektivt vedlikehald og god praksis
- kan bidra til å utvikle ein sunn bedriftskultur basert på dei verdiane som samfunnet ønskjer, og som vil gi bedrifta eit godt omdømme
- kan utøve fagleg leiing
Tema
- Ekomregelverk
- Risikovurdering
- Prosjektering
- Utføring, måling, dokumentasjon og drift
- Elsikkerheit/EMC
- Infrastruktur
- Leielys og nødlys
7.5 Automatiserte system og reguleringssystem
Dette emnet skal gi studenten kunnskap til velje rett bygningsautomatisering for å automatisere og samordne styringa av mellom anna VVS, energi og belysning i og utanfor bygningar og dimensjonering av elektrisk utstyr og maskiner. Gjesteforelesar(ar) bør vurderast for å synleggjere praktiske behov.
Emne | Studiepoeng |
---|---|
Automatiserte system og reguleringssystem | 10 |
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om berekningar av og dokumentasjon for automatiserte system etter gjeldande normer og forskrifter
- har kunnskap om straumforsyning over ekomnett, reguleringstekniske prinsipp, byggautomatisering, energikretsar og styrestraumkretsar med programmerbare styringar
- har kunnskap om analoge og digitale signal og bruk av slike til styring og regulering
- har kunnskap om risikovurderingar og sikkerheitsfilosofi ved installasjonssystem og automatiserte anlegg med vekt på elektrisk sjokk, induserte spenningar, overbelasting og kortslutning
- veit korleis eigenskapane til automatiserte installasjonar blir påverka av aldring og ytre påkjenningar som trykkvariasjonar, temperatur og fukt
- har kunnskap om anvend styrings- og reguleringsteknikk
- har kunnskap om EMC og EMI i elektriske og automatiserte system
- kan vurdere utføringa av automatiserte system med omsyn til gjeldande forskrifter og normer
- kan oppdatere den yrkesfaglege kunnskapen sin om automatiserte system
- har innsikt i sine eigne høve til utvikling innanfor automatiserte anlegg
Ferdigheiter
Studenten
- kan gjere greie for bruk av elektroniske verktøy ved prosjektering, kontrahering og framstilling av dokumentasjon av automatiserte system
- kan gjere greie for val av automatiserte system som blir nytta til lågenergiløysingar og byggautomatisering
- kan gjere greie for berekningar og dokumentasjon av vernetiltak i automatiserte system
- kan finne og vise til lover, forskrifter, normer, datablad og faglitteratur og vurdere relevansen for automatiserte anlegg
- kan kartleggje og feilsøkje installerte automatiserte anlegg og vurdere behov for å setje i verk tiltak
- kan bruke metodar og verktøy som blir nytta ved risikovurdering, planlegging og dokumentasjon av automatiserte system
- kan utføre og gjere greie for overvaking, styring og sikring av elektriske produksjons- og distribusjonsnett
- kan gjere greie for val av løysingar i tråd med kunden sine behov og krav til sikkerheit, klima, miljø og kvalitet
Generell kompetanse
Studenten
- kan planleggje og dokumentere automatiserte system åleine og som deltakar i ei gruppe og i tråd med etiske krav, retningslinjer, sikkerheit og relevante lover og forskrifter
- kan utføre arbeid på automatiserte system i tråd med behova til kunden
- kan byggje relasjonar med fagfellar innanfor automatiserte system, på tvers av fag og med eksterne målgrupper
- kan utveksle synspunkt med medarbeidarar som jobbar med automatiserte anlegg, og kan delta i diskusjonar om utvikling av god praksis for prosjektgjennomføring
- kan utøve fagleg leiing
Tema
- Styrings- og reguleringssystem
- Byggautomatisering og energibruk
7.6 Hovudprosjekt
Hovudprosjektet bør koplast til relevant prosjekt i bedrift/arbeidsliv innanfor energi, elinstallasjon og/eller ekom med fagleg leiing integrert. Ekstern rettleiar er tilrådd.
Emne | Studiepoeng |
---|---|
Hovudprosjekt | 10 |
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om korleis ein skriv ein prosjektrapport
- har særskild kunnskap om eit sjølvvalt tema med ei problemstilling innanfor fordjupinga
- har kunnskap om korleis ein innhentar informasjon om temaet for hovudprosjektet
- har kunnskap om samanhengen mellom teori og praksis
- kan vurdere sitt eige prosjekt med omsyn til gjeldande normer og krav
- kjenner til bransjen/yrka som er knytte til temaet i hovudprosjektet
Ferdigheiter
Studenten
- kan gjere greie for val av tema for hovudprosjektet
- kan identifisere, kartleggje og vurdere ei fagleg problemstilling
- kan delta i teamarbeid og planleggje, kommunisere og presentere prosjektarbeid og resultat
- kan skrive ein rapport om eit prosjekt
- kan drøfte samanhengen mellom teori og praksis
- kan reflektere over sitt eige prosjekt og justere dette under rettleiing frå fagfolk
- kan finne og vise til informasjon og fagstoff for å vurdere kor relevant ei problemstilling er i eit prosjekt
Generell kompetanse
Studenten
- kan planleggje og gjennomføre eit prosjektarbeid åleine og som deltakar i ei gruppe i tråd med formelle og etiske krav og retningslinjer
- har utvikla eit medvit rundt prosjektarbeid og kan fordjupe seg i temaet som dannar grunnlag for prosjektet, og tenkje kreativt og nyskapande
- kan utføre eit prosjektarbeid i tråd med behova til bedrifter eller arbeidsgivar
- kan utveksle synspunkt med andre i gruppa eller bedrifta og delta i diskusjonar om utviklinga av eit prosjekt