Hopp til hovedinnhold

Elkraft

Nasjonale planar

6. Grunnlagsemne

6.1 Elektriske system

EmneStudiepoeng
Elektriske system30
Læringsutbytte
Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om grunnleggjande elektriske lover og formlar og forstår korleis elektriske kretselement og system er bygde opp ogverkar
  • har kunnskap om DC-kretsar og AC-kretsar som inneheld resistansar, kapasitansar og induktansar, straumkjelder og spenningskjelder
  • har kunnskap om aktuelle matematiske modellar, berekningsmetodar og nettverksteorem for ulike elektriske kretselement
  • har kunnskap om måleteknikk for elektriske system og bruk av relevant måleverktøy
  • har kunnskap om krav til framstilling og oppdatering av dokumentasjon på fagområdet elektro og forstår dokumentasjon frå andre tekniske fagområde
  • har innsikt i relevant regelverk om elsikkerheit
  • kan vurdere om dokumentasjon er i samsvar med gjeldande normer, bransjestandardar og krav til kvalitet for arbeid med elektriske system
  • kan oppdatere den yrkesfaglege kunnskapen sin om elektriske system
  • har innsikt i sine eigne høve til utvikling innanfor elektriske system
Ferdigheiter

Studenten

  • kan gjere greie for straumar, spenningar og effektar i samansette parallelle og seriekopla elektriske DC-kretsar og AC-kretsar som inneheld resistansar, kapasitansar og induktansar, straumkjelder og spenningskjelder
  • kan gjere greie for val av simuleringsverktøy for å berekne straumar og spenningar i elektriske kretsar
  • kan gjennom laboratoriearbeid/simulering nytte relevant måleutstyr til å måle og feilsøkje i elektriske kretselement og system og vurdere måleresultata
  • kan reflektere over resultat frå målingar med relevant måleutstyr på elektriske system og justere desse under rettleiing
  • kan gjere greie for val av dokumentasjon på fagområdet elektro og forstå dokumentasjon frå andre tekniske fagområde
  • kan reflektere over si eiga faglege utøving innanfor elektriske system og justere denne under rettleiing
  • kan finne og vise til informasjon og fagstoff og vurdere relevansen for ei yrkesfagleg problemstilling
  • kan kartleggje ein situasjon og identifisere faglege problemstillingar og behov for å setje i verk tiltak
Generell kompetanse

Studenten

  • kan planleggje, dokumentere og gjennomføre yrkesretta arbeidsoppgåver og prosjekt i samband med elektriske system åleine og som deltakar i ei gruppe og i tråd med etiske krav og retningslinjer
  • kan utarbeide planar og instruksar på fagområdet elektriske system i tråd med behova til kunden
  • kan byggje relasjonar med fagfellar innanfor elektriske system og på tvers av fag og med eksterne målgrupper
  • kan utveksle synspunkt med andre som har bakgrunn frå elektrofaget, og kan delta i diskusjonar for å vurdere fagspesifikke problemstillingar
  • kan bidra til fagleg utvikling ved å følgje med på ny teknologi innanfor elektriske system som kan føre til kvalitetsheving, nyskaping og innovasjon
Sentrale tema

Elektromatematikk (integrert)

Elektromatematikk er ein integrert del av emnet.

Kretsteknikk i likestraum- og vekselstraumkretsar

Grunnleggjande komponentlære for bruk i likestraum- og vekselstraumkretsar.

Forståing av relasjonane mellom resistans, kapasitans, induktans og tilhøyrande spenning over komponentane, motstand, kondensator og spole.

Elektromagnetisme

Den delen av fysikken som beskriv alle elektriske og magnetiske fenomen som er beskrivne ved Maxwells likningar. Omfattar mellom anna elektrisk ladning, elektrisk straum, elektriske og magnetiske krefter og elektromagnetisk stråling. Maxwells likningar dannar òg grunnlaget for oppbygging av spolar og kondensatorar og berekning av kapasitans og induktans.

Måleteknikk for elektriske system

Elektriske system kan bestå av både passive (resistans, spole, kondensator) og aktive (transistor) komponentar som blir kopla saman ved hjelp av elektriske leiarar. Omgrepet måleteknikk for elektriske system er definert som «måling og feilsøking på elektriske kretsar ved å bruke eigna måleutstyr for å tolke måleresultata rett».

Laboratoriearbeid/simulering

Alternative måtar å arbeide med elektriske system på er databasert simulering eller fysisk arbeid på laboratorium. Laboratoriearbeid kan vere både fysisk ferdigheitstrening i ein lab og simulering av elektriske system ved hjelp av relevant simuleringsverktøy.

Konstruksjon, dokumentasjon og regelverk

Byggje opp, lage eller utføre ein konstruksjon som inneber teikningsunderlag for elektromontasje. Saman med regelverk blir dette dokumentasjon som inngår i fagleg leiing.

6.2 Elektroniske system

EmneStudiepoeng
Elektroniske system15
Læringsutbytte
Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om korleis digitale og analoge system er bygde opp og verkar
  • har kunnskap om ulike måtar å kommunisere elektronisk og overføre signal mellom einingar på
  • har kunnskap om kvalitetsvurdering av kommunikasjonsløysingar og dimensjonering av analoge og digitale system
  • har kunnskap om omgrep og definisjonar innanfor datanettverk og nettverksstrukturar
  • har kunnskap om mikrokontrollarkretsar og bruken av desse
  • har kunnskap om ESD og måleteknikk for elektroniske system og bruk av relevant måleverktøy
  • kan vurdere sitt eige arbeid med elektroniske system i samsvar med gjeldande normer, bransjestandardar og krav til kvalitet
  • kan oppdatere den yrkesfaglege kunnskapen sin om elektroniske system
  • har innsikt i sine eigne høve til utvikling innanfor elektroniske system
Ferdigheiter

Studenten

  • kan gjere greie for val av komponentar og utstyr til digitale og analoge system frå datablad og teknisk dokumentasjon og kan ta omsyn til EMC i samband med støypåverknad og temperaturendringar
  • kan gjere greie for val av simuleringsverktøy til elektroniske system for testing og verifisering av verkemåte
  • kan gjennom laboratoriearbeid/simulering nytte relevant måleutstyr til å måle og feilsøkje i elektroniske system og vurdere måleresultata
  • kan reflektere over resultat frå målingar med relevant måleutstyr på elektroniske system og justere desse under rettleiing
  • kan gjere greie for val av elektroniske teikneverktøy til framstilling og systematisering av dokumentasjon
  • kan reflektere over si eiga faglege utøving innanfor elektroniske system og justere denne under rettleiing
  • kan finne og vise til informasjon og fagstoff og vurdere relevansen for ei yrkesfagleg problemstilling
  • kan kartleggje ein situasjon og identifisere faglege problemstillingar og behov for å setje i verk tiltak
Generell kompetanse

Studenten

  • kan planleggje, dokumentere og gjennomføre yrkesretta arbeidsoppgåver og prosjekt i samband med elektroniske system åleine og som deltakar i ei gruppe og i tråd med etiske krav og retningslinjer
  • kan utarbeide planar og instruksar på fagområdet elektroniske system i tråd med kunden sine behov
  • kan byggje relasjonar med fagfellar innanfor elektroniske system og på tvers av fag og med eksterne målgrupper
  • kan utveksle synspunkt med andre innanfor elektrofaget og formidle kompetansen sin til dei som bruker systema
  • kan bidra til fagleg utvikling ved å følgje med på ny teknologi innanfor elektroniske system som kan føre til kvalitetsheving, nyskaping og innovasjon
Sentrale tema

Elektromatematikk (integrert)

Elektromatematikk er ein integrert del av emnet.

Analog- og digitalteknikk

Praktisk kjennskap til konstruksjons- og berekningsmåtar for analoge og digitale kretsar.

Mikrokontrollteknikk

Handlar om korleis mikrokontrollarane er bygde opp, fungerer og blir brukte, og om enkel programmering og funksjonstesting.

Elektronisk måleteknikk og statisk elektrisitet (ESD)

Arbeid knytt til måling og feilsøking på elektroniske kretsar ved å bruke eigna måleutstyr og rett behandling av elektroniske komponentar.

Elektronisk kommunikasjon

Grunnleggjande innsikt i korleis ulike transmisjonsmetodar kan nyttast, inkludert BUS-topologi for nettverkssystem, og forståingav kva fysiske avgrensingar som gjeld.

Laboratoriearbeid/simulering

Alternative måtar å arbeide med elektroniske system på er databasert simulering eller fysisk arbeid på lab. Laboratoriearbeid kan vere både fysisk ferdigheitstrening i ein lab og simulering av elektroniske system ved hjelp av relevant verktøy.

Konstruksjon, dokumentasjon og regelverk

Byggje opp, lage eller utføre ein konstruksjon som inneber teikningsunderlag for elektroniske kretsar og kretskortlayout for elektronikkproduksjon. Saman med regelverk blir dette dokumentasjon som inngår i fagleg leiing.