Hopp til hovedinnhold

Elkraft

Nasjonale planar

3. Overordna læringsutbytte

Kunnskap

Kandidaten

  • har kunnskap om omgrep, prosessar og verktøy som blir nytta i elektriske og elektroniske system
  • har kunnskap om økonomistyring, leiing og marknadsføring i ei bedrift
  • har kunnskap prosjektstyring, risikovurdering og gjennomføring i prosjekt
  • har kunnskap om drift og vedlikehald av elektriske anlegg
  • har kunnskap om berekraftige energisystem
  • har kunnskap om elkraftbransjen og kjenner til utviklingsarbeidet som skjer på fagområdet
  • kan vurdere sitt eige arbeid med omsyn til gjeldande normer og krav knytte til elkraftfaget
  • kan vurdere sitt eige arbeid med risikovurdering, kvalitetssikring og internkontroll med omsyn til gjeldande krav til HMS og kvalitet
  • kan oppdatere den yrkesfaglege kunnskapen sin om elkraftfaget
  • kjenner til historia til bransjen og veit kor viktig utviklinga i bransjen er i eit samfunns- og verdiskapingsperspektiv
Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan gjere greie for faglege val i planlegging, prosjektering og verifisering av elektriske og elektroniske anlegg
  • kan gjere greie for val av drifts- og vedlikehaldsstrategiar for elektroniske og elektriske anlegg og innanfor kraftproduksjon og distribusjon
  • kan reflektere over si eiga utøving av fagleg leiing
  • kan reflektere over si eiga faglege utøving innanfor installasjon av elektriske og elektroniske system og innanfor kraftproduksjon og distribusjon og justere denne under rettleiing
  • kan finne og vise til informasjon og fagstoff som er relevant for å løyse oppgåver innanfor elkraftfaget
  • kan kartleggje ein situasjon, identifisere elkraftfaglege problemstillingar og setje i verk tiltak
  • kan reflektere over si eiga faglege utøving innanfor elkraftsystem og justere denne ved behov
Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan planleggje og gjennomføre risikovurdering, kvalitetssikring og internkontroll for å vareta krav til HMS og kvalitet
  • kan planleggje, prosjektere og gjennomføre yrkesretta arbeidsoppgåver og prosjekt åleine og som deltakar i eller leiar for ei gruppe, og i tråd med etiske krav og retningslinjer for miljø og kvalitet som gjeld nasjonalt og internasjonalt
  • kan bidra til organisasjonsutvikling ved å følgje med på ny teknologi i bransjen som kan føre til kvalitetsheving, nyskaping og innovasjon
  • kan leie, engasjere og motivere enkeltpersonar, lag og heile arbeidsstyrken på arbeidsplassen og byggje relasjonar på tvers av tekniske fag
  • kan utveksle synspunkt på elektrofaglege problemstillingar med andre som har bakgrunn frå elektrofaget, og kan delta i diskusjonar om utvikling av god praksis