Hopp til hovedinnhold

Elkraft

Nasjonale planar

2. Om utdanninga

Elkraftfaget omfattar heile energikjeda, frå produksjon og fordeling til forbruk, og er eit fagområde i rask utvikling. Alternativ energi og automatisering er sentrale stikkord her. Det er stort behov for fagskuleingeniørar innanfor elkraft. Her får du den teorien som krevst for å bli fagleg ansvarleg for elverksemd og ein kvalifisert person for ekomnettautorisasjon (ENA).

Elkraftfaget har i Noreg vore sterkt knytt til vasskraft. No er det alternative energikjelder og energiberarar og den rivande utviklinga innanfor automasjon som pregar fagområdet sterkast. Ekom har òg komme inn som eit nytt emne. Studiet gir kompetanse i prosjektering og fagleg leiing og tilfredsstiller dei teoretiske kvalifikasjonskrava som forskrift om elektroføretak og kvalifikasjonskrav for arbeid knytt til elektriske anlegg og elektrisk utstyr stiller til dei som skal ha det faglege ansvaret. Studiet tilfredsstiller dei teoretiske kvalifikasjonskrava til dei som skal vere kvalifisert person for ekomnettautorisasjon (ENA) etter forskrift om autorisasjon for verksemd som utfører installasjon og vedlikehald av elektronisk kommunikasjonsnett (autorisasjonsforskrifta).