Hopp til hovedinnhold

Matteknikk

Nasjonale planar

3. Overordna læringsutbytte

Kunnskap

Kandidaten

  • har kunnskap om råstoff, produksjonsteknikkar, utstyr og prosessar som blir nytta for å utvikle produkt frå råvare til ferdig produkt
  • har kunnskap om matkvalitet, definert som matens kjemi og mikrobiologi, sensoriske eigenskapar, innverknad frå ulike prosessar og tilhøyrande analysemetodar
  • har kunnskap om økonomistyring, marknadsføring, organisasjon og leiing
  • har kunnskap om prosjektleiing og prosjektstyring
  • har kunnskap om kvalitetsleiing og styringssystem for mattryggleik og HMS i samsvar med lover, forskrifter og standardar som gjeld for matindustrien
  • kjenner til mattradisjonar og matindustrien sin plass i samfunnet
  • har kunnskap om berekraftig matproduksjon og veit at matbransjen speler ei viktig rolle her
  • har kjennskap til teknologisk utvikling i prosessindustrien som har betyding for matproduksjon
  • har innsikt i sine eigne høve til utvikling i matbransjen basert på evne til å oppdatere kunnskapen sin på fagfeltet
Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan gjere greie for val av råvarer, produksjonsteknikkar, utstyr, prosessar og analysar innanfor matproduksjon
  • kan finne og vise til val av metodar og prinsipp innanfor prosjektleiing, kvalitetsleiing og HMS-leiing for å sikre trygg matproduksjon og trygge arbeidsforhold
  • kan reflektere over eigen praksis innanfor matproduksjon og justere han i samarbeid med andre
  • kan vurdere bedrifta sin økonomiske situasjon og marknads- og leiingsutfordringar og gjere fornuftige og grunngitte val
  • kan identifisere relevante berekraftsutfordringar knytte til ulike steg i verdikjeda ved matproduksjon
  • kan finne og vise til informasjon og fagstoff som er relevant for ulike problemstillingar innanfor matproduksjon, og vurdere dette opp mot lover, forskrifter, standardar og normer som er aktuelle for fagområdet
Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan planleggje, gjennomføre og dokumentere produksjonsprosessar frå råvare til ferdig produkt, åleine og som deltakar eller leiar i ei gruppe, i tråd med aktuelt lovverk
  • kan utveksle synspunkt med aktørar i matbransjen og delta i diskusjonar om økonomistyring, om utvikling av matvarekvalitet og tryggleik og om etisk og berekraftig produksjon knytt til prosessane frå råvare til ferdig produkt
  • kan innanfor eigen kompetanse og eige ansvarsområde oppdatere kunnskapen sin om matproduksjon og produksjonstekniske prosessar
  • kan bidra til organisasjonsutvikling ved å kombinere erfaring med ny kunnskap om teknologi og berekraftig matproduksjon som kan føre til nyskaping i matindustrien