Hopp til hovedinnhold

Palliasjon

Nasjonale planar

5. Emnebeskrivingar

Læringsutbyttebeskrivingane på emnenivå (E-LUB) i denne planen er ikkje utfyllande og må reknast som rettleiande. Det er opp til den enkelte fagskulen å utvikle dekkjande E-LUB som òg tek vare på eigenart og lokale faktorar gjennom eigne studieplanar. Den enkelte fagskulen går kvart år gjennom E-LUB i studieplanane sine i tråd med eigne kvalitetssikringsrutinar.

5.1 Emne 1: Etikk, samhandling og kommunikasjon

Det innleiande emnet er felles for helsefaglege fagskuleutdanningar. Formålet med emnet er å gi studentane ei god innføring i grunnleggjande forståing av fagfeltet og yrkesutøvinga. Studentane får innføring i studieteknikk og oppgåveskriving på høgare yrkesfagleg nivå. Emnet legg vekt på kommunikasjonsverktøy, relasjonskompetanse og konflikthandtering. Etikken blir framstilt som sentral og er gjennomgåande i heile emnet.

EmneStudiepoeng
Etikk, samhandling og kommunikajon10
Læringsutbytte
Kunnskap 

Studenten

  • har kunnskap om yrkes- og bransjeetiske prinsipp og dilemma, relevante teoriar og arbeidsmåtar og etisk refleksjon som verktøy
  • har kunnskap om mangfald, migrasjonshelse og ulike kulturar og urfolk og kan nytte denne kunnskapen i møte med tenestemottakarar og samarbeidspartnarar
  • har kunnskap om gruppeprosessar, kriseteori og konflikthandtering
  • har innsikt i relevant lovverk og offentlege dokument som regulerer fagfeltet, brukarmedverknad og organisering av tilbod i sektoren
  • har bransjekunnskap og kjennskap til grunnleggjande sosialpsykologiske prinsipp og korleis dei kan påverke enkeltindividet, familien og det sosiale nettverket deira
  • kan oppdatere den yrkesfaglege kunnskapen sin om teknologiske løysingar og korleis desse kan påverke samhandlinga med tenestemottakaren, dei pårørande og samarbeidspartnarar
  • forstår kor viktig det er med kompetanse om relasjonsbygging, kommunikasjon og samhandling i eige yrke, både i møte med sårbare personar og i eit samfunns- og verdiskapingsperspektiv
Ferdigheiter

Studenten

  • kan nytte fagleg kunnskap om yrkes- og bransjeetiske prinsipp og dilemma som grunnlag for refleksjon over teoretiske og praktiske problemstillingar
  • kan nytte fagleg kunnskap om teknologiske løysingar til å løyse praktiske og teoretiske problemstillingar på ein forsvarleg og etisk bevisst måte
  • kan nytte teknikkar innanfor relasjonsbygging, kommunikasjon og samhandling og andre faglege verktøy som er relevante for yrkesutøvinga
  • kan finne relevant informasjon og fagstoff og dessutan lovverk, forskrifter og stortingsmeldingar som er relevante for yrkesutøvinga
  • kan kartleggje ein situasjon og identifisere faglege problemstillingar og behov for tiltak knytte til mangfald og migrasjonshelse og i møte med ulike kulturar og urfolk
Generell kompetanse

Studenten

  • har forståing for yrkes- og bransjeetiske prinsipp og dilemma og for korleis dei kan påverke samhandlinga mellom tenesteytaren og tenestemottakaren
  • har utvikla ei etisk grunnhaldning i yrkesutøvinga som kjem til uttrykk gjennom refleksjon over eiga yrkesutøving og gjennom kommunikasjon og samhandling med tenestemottakarar og samarbeidspartnarar
  • kan utføre arbeidet sitt på ein lovmessig, fagleg og etisk forsvarleg måte ut frå tenestemottakarane sine behov, med fokus på å fremje eit heilskapleg menneskesyn
  • kan byggje relasjonar med fagfellar, tenestemottakarar og samarbeidspartnarar basert på haldningar og verdiar knytte til eit heilskapleg menneskesyn, likeverd og respekt
  • kan utvikle arbeidsmetodar, produkt og/eller tenester som baserer seg på behova og utfordringane til tenestemottakaren, og som har relevans for yrkesutøvinga
Tema

1a. Etikk

  • Etiske teoriar og prinsipp
  • Etiske dilemma
  • Etikk og teknologi
  • Heilskapleg menneskesyn

1b. Samhandling og kommunikasjon

  • Brukarperspektivet
  • Relasjonskompetanse og relasjonsbygging
  • Kommunikasjon i samhandling med tenestemottakar og samarbeidspartnarar
  • Gruppeprosess og konflikthandtering

1c. Lover og forskrifter

  • Lover, forskrifter og offentlege dokument som er relevante for studentane på utdanninga og for tenestemottakarane

1d. Sosiologi og psykologi

  • Utviklingspsykologi
  • Sosiale roller
  • Migrasjonshelse, kultur, mangfald og urfolk

5.2 Emne 2: Palliasjon

Emne 2 tek for seg sentrale omgrep innanfor palliasjon og verdigrunnlaget som hospicefilosofien byggjer på. Det handlar òg om livshjelp som kan betre livskvaliteten og opplevinga av meistring og håp, slik at den enkelte kan leve best mogleg i eigne omgivnader med minst mogleg plager. Emnet skal gi studenten auka forståing for kva alvorleg og ulækjeleg sjukdom kan innebere for pasienten og dei pårørande, og for kva ansvar og funksjon den fagskuleutdanna fagarbeidaren har i palliativ omsorg.

EmneStudiepoeng
Palliasjon10
Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten

  • veit kva palliativ behandling, omsorg og pleie er og omfattar
  • har kunnskap om korleis alvorleg og ulækjeleg sjukdom og død kan påverke både pasienten og dei pårørande fysisk, psykisk, sosialt og eksistensielt
  • har kunnskap om sorg- og krisereaksjonar knytte til det å få ein alvorleg og ulækjeleg sjukdom eller det å vere nær pårørande til ein som får det
  • har kunnskap om kva livshjelp inneber, og korleis det kan bidra til å fremje livskvalitet, meistring og håp hos alvorleg og ulækjeleg sjuke og døyande pasientar og deira pårørande
  • har kunnskap om døden i eit historisk og kulturelt perspektiv
  • forstår kva ei pasientsentrert tilnærming i palliativ behandling, pleie og omsorg betyr for pasientar og pårørande
  • har kunnskap om eigenarten og verdigrunnlaget til hospicefilosofien og veit kva betydning han har i samfunnet


Ferdigheiter

Studenten

  • kan nytte kunnskap om pasientsentrert tilnærming for å sikre brukarmedverknad og integritet hos alvorleg og ulækjeleg sjuke og døyande pasientar
  • kan nytte kunnskap om reaksjonar på sorg og krise i møte med pasientar med alvorleg og ulækjeleg sjukdom og deira pårørande
  • kan finne informasjon om ulike kulturelle aspekt knytte til alvorleg sjukdom og død for å møte individuelle ønske og behov hos pasientar og pårørande

Generell kompetanse

Studenten

  • har forståing for eiga yrkesrolle, eige ansvar og eigne oppgåver i den palliative omsorga for alvorleg og ulækjeleg sjuke og døyande pasientar og deira pårørande
  • kan utøve pleie og omsorg for alvorleg og ulækjeleg sjuke og døyande pasientar i tråd med verdigrunnlaget for palliasjon og hospicefilosofien og pasientsentrert tilnærming
Sentrale tema


2a. Kva er palliasjon?

  • Palliasjon
  • Livsforlengjande behandling
  • Hospicefilosofien
  • Livshjelp
  • Pasientsentrert tilnærming
  • Integritet
  • Livskvalitet, håp og meistring

2b. Alvorleg og ulækjeleg sjukdom – kva kan det innebere for pasientar og pårørande?

  • Akutt og kronisk sjukdom
  • Psykiske reaksjonar
  • Åndelege og eksistensielle utfordringar
  • Etiske utfordringar
  • Påverknad på nettverk og omgivnader
  • Sosiale omveltingar
  • Pårørande
  • Barn og unge som pårørande
  • Krise og sorg
  • Den fagskuleutdanna fagarbeidaren: ansvar og funksjon i møte med alvorleg og ulækjeleg sjuke og døyande pasientar og deira pårørande

2c. Døden i eit historisk og kulturelt perspektiv

  • Døden i eit historisk perspektiv
  • Sjukdom og død i ulike kulturar

5.3 Emne 3: Sjukdom og palliativ omsorg

Emne 3 tek for seg ulike alvorlege sjukdommar og korleis desse sjukdommane og behandlinga påverkar behova til pasienten i den palliative fasen og ved slutten av livet. Emnet legg vekt på bruk av standardiserte observasjonsskjema og kartleggingsverktøy for å kartleggje helsetilstanden, ressursane, symptoma og behova til alvorleg og ulækjeleg sjuke og døyande pasientar. Det tek òg for seg pleie og omsorg ved slutten av livet og korleis ein kan hjelpe den pårørande med å vere, og oppleve å vere, ein ressurs for pasienten.

EmneStudiepoeng
Sjukdom og palliativ omsorg 10
Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om alvorlege hjarte- og lungesjukdommar, nyresjukdommar, nevrologiske sjukdommar, kreft og demens og om kva symptom, plager og behov desse sjukdommane kan gi i den palliative fasen og ved slutten av livet
  • har kunnskap om kva konsekvensar ulike alvorlege og ulækjelege sjukdommar kan ha for dagleglivet til pasienten, og kva biverknader behandlinga kan ha
  • har kunnskap om rolla til dei pårørande og kor viktige dei er i den palliative fasen
  • har kunnskap om ulike standardiserte observasjonsskjema og kartleggingsverktøy som kan brukast for å observere og dokumentere symptom hos pasientar som er i den palliative fasen
  • har kunnskap om tiltak for å førebyggje og lindre plagsame symptom hos pasientar i den palliative fasen
  • har kunnskap om endringar i tilstanden som kan tyde på at pasienten snart kjem til å døy
  • har kunnskap om tiltaksplanar i sluttfasen av livet
  • har innsikt i nasjonale handlingsprogram og retningslinjer knytte til palliasjon
  • har kunnskap om alternativ og komplementær behandling som kan bidra til å førebyggje og lindre plagsame symptom

Ferdigheiter

Studenten

  • kan nytte kunnskap om alvorlege sjukdommar og palliasjon til å delta i palliativ behandling og til å planleggje og setje i verk ikkje-medikamentelle tiltak tilpassa alderen og føresetnadene til pasienten for å førebyggje og lindre plagsame symptom
  • kan nytte kunnskap om konsekvensar av sjukdom og biverknader av behandling hos alvorleg og ulækjeleg sjuke og døyande pasientar til å– i samarbeid med pasienten – planleggje og setje i verk ikkje-medikamentelle tiltak tilpassa alderen og føresetnadene til vedkommande
  • kan nytte kunnskap om rolla til dei pårørande og kor viktige dei er i den palliative fasen, til å hjelpe den pårørande med å vere, og oppleve å vere, ein ressurs for pasienten
  • kan nytte standardiserte observasjonsskjema og kartleggingsverktøy som er tilpassa ulike pasientgrupper, til å kartleggje helsetilstanden, ressursane og symptoma til pasienten og til å identifisere behov for lindrande tiltak hos pasientar i den palliative fasen og ved slutten av livet
  • kan vere med og bruke tiltaksplanar i sluttfasen av livet for å kvalitetssikre oppfølginga av døyandepasientar og deira pårørande
  • kan observere og identifisere endringar i tilstanden som kan tyde på at pasienten snart kjem til å døy

Generell kompetanse

Studenten

  • har forståing for nasjonale handlingsprogram og faglege retningslinjer for palliasjon og korleis dette påverkar yrkesutøvinga
  • har forståing for korleis bruk av standardiserte observasjonsskjema og kartleggingsverktøy bidreg til å kvalitetssikre den palliative omsorga for alvorleg og ulækjeleg sjuke og døyande pasientar
  • forstår og kan reflektere over faglege og etiske utfordringar og dilemma i møte med alvorleg og ulækjeleg sjuke og døyande pasientar
  • kan gi palliasjon til alvorleg og ulækjeleg sjuke og døyande pasientar i tråd med ønska og behova deira
Sentrale tema


3a. Palliativ, symptomførebyggjande og symptomlindrande behandling og omsorg

  • Vanlege symptombilete i palliativ fase:
  • Smerter
  • Kvalme, brekningar og oppkast
  • Obstipasjon og diaré
  • Tørr munn og andre plager frå munn og svelg
  • Redusert appetitt, vekttap og dehydrering
  • Dyspné
  • Infeksjon
  • Delirium
  • Komplikasjonar ved immobilitet
  • Depresjon og angst
  • Symptomførebyggjande og symptomlindrande behandling og omsorg
  • Medikamentell behandling
  • Palliativ kirurgi og strålebehandling
  • Omsorg og ikkje-medikamentell behandling
  • Alternativ og komplementær behandling 

3b. Kartlegging og vurdering av symptom

  • Bruk av kartleggingsverktøy og standardiserte observasjonsskjema i palliasjon
  • Vurderingskompetanse
  • Den fagskuleutdanna fagarbeidaren si rolle i kartleggingsarbeid
  • Dokumentasjon

3c. Alvorlege sjukdommar

  • Hjartesjukdom – hjartesvikt
  • Lungesjukdom – KOLS
  • Nyresjukdom – nyresvikt
  • Nevrologiske sjukdommar – multippel sklerose (MS), Parkinsons sjukdom og amyotrofisk lateral sklerose (ALS)
  • Kreftsjukdommar – brystkreft, lungekreft, tarmkreft, prostatakreft, føflekkreft, tumor cerebri og metastasering
  • Demens

3d. Konsekvensar av alvorleg sjukdom og behandling og dekking av grunnleggjande behov

  • Ernæringsproblem og kakeksi
  • Funksjonssvikt
  • Nedsett immunforsvar
  • Fatigue
  • Endra sjølvbilete og seksualitet
  • Biverknader av behandling
  • Pårørande i den palliative fasen
  • Palliasjon til personar med psykisk utviklingshemming

3e. Pleie og omsorg ved slutten av livet

  • Teikn på at døden nærmar seg
  • Tiltaksplan ved slutten av livet (LSD)
  • Etiske utfordringar ved slutten av livet
  • Varetaking av dei pårørande

5.4 Emne 4: Yrkesutøving og palliativt tenestetilbod

Emne 4 handlar om det palliative tenestetilbodet, aktørar, organisering og samhandling i pasienttilpassa forløp og ulike aspekt ved heimedød. Emnet skal gjere studentane meir bevisste på eiga yrkesrolle og eige ansvar i samband med kommunikasjon, medarbeidarskap, rettleiing og fagutvikling på arbeidsplassen.

EmneStudiepoeng
Yrkesutøving og palliativt tenestetilbod 10
Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om profesjonell kommunikasjon i møte med alvorleg og ulækjeleg sjuke pasientar, pårørande og kollegaer
  • har kunnskap om rettleiing og pedagogiske prinsipp i yrkesutøvinga
  • har innsikt i sosiale og økonomiske rettar og støtteordningar ved alvorleg sjukdom og dødsfall
  • har kunnskap om det palliative tenestetilbodet i den kommunale helse- og omsorgstenesta og spesialisthelsetenesta
  • har innsikt i pasienttilpassa forløp til alvorleg og ulækjeleg sjuke pasientar
  • veit kva ansvar og oppgåver ulike aktørar og samarbeidspartar har i pasient- og omsorgsforløpet for pasientar med alvorleg og ulækjeleg sjukdom
  • har kunnskap om tverrfagleg samarbeid og koordinering av helsetenester til pasientar med alvorleg og ulækjeleg sjukdom
  • har kunnskap om familieomsorg, frivillige aktørar og interesse- og brukarorganisasjonar knytte til palliasjon
  • har kjennskap til regionale kompetansetenester for lindrande behandling
  • har kunnskap om det palliative tenestetilbodet til barn og unge og familiane deira
  • har innsikt i kunnskapsbasert praksis
  • har kunnskap om fagutvikling og innovasjon i helse- og omsorgssektoren
  • kan oppdatere kunnskapen sin om velferdsteknologiske løysingar knytte til palliasjon

Ferdigheiter

Studenten

  • kan nytte kunnskap om rettleiing og pedagogiske prinsipp til å informere og rettleie pasientar og pårørande
  • kan nytte kunnskap om medarbeidarskap og organisasjonskultur til å bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • kan nytte kommunikasjonsferdigheiter og teknikkar i samtale med alvorleg og ulækjeleg sjuke og døyande pasientar og deira pårørande
  • kan nytte relasjonskompetanse i samarbeid med pasientar, pårørande, frivillige aktørar og interesse- og brukarorganisasjonar
  • kan finne informasjon og fagstoff som kanrettleie pasientar og pårørande og opplyse dei om det palliative tenestetilbodet, om sosiale og økonomiske rettar dei har, og om støtteordningar som finst i samband med alvorleg sjukdom og dødsfall

Generell kompetanse

Studenten

  • har eit bevisst forhold til eigne verdiar knytte til sjukdom, liding og død og til eige fagleg og personleg engasjement og eigne avgrensingar
  • har mot til å samtale med alvorleg og ulækjeleg sjuke og døyande pasientar og deira pårørande
  • kan byggje relasjonar og delta i tverrfagleg samarbeid med kollegaer på tvers av fag, avdelingar og tenestenivå
  • kan gjennom kunnskapsdeling, rettleiing og etisk refleksjon på arbeidsplassen bidra til å utvikle arbeidsmetodar og tenester i palliasjon for alvorleg og ulækjeleg sjuke og døyande pasientar
Sentrale tema


4a. Aktørar i og organisering av det palliative tenestetilbodet

  • Det palliative tenestetilbodet i spesialisthelsetenesta
  • Det palliative tenestetilbodet i den kommunale helse- og omsorgstenesta
  • Familieomsorg
  • Lærings- og meistringssenter
  • Interesse- og brukarorganisasjonar
  • Frivillige aktørar
  • Det palliative tenestetilbodet til barn og unge og familiane deira
  • Samhandling og koordinering av tenester
  • Pasienttilpassa forløp
  • Palliativ plan og koordinator
  • Sosiale og økonomiske rettar og støtteordningar ved alvorleg sjukdom og dødsfall
  • Heimedød
  • Velferdsteknologi

4b. Yrkesutøving og kommunikasjons- og rettleiingskompetanse

  • Yrkesrolle og identitet
  • Relasjonskompetanse
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Samarbeid med pårørande og frivillige aktørar
  • Kommunikasjons- og rettleiingskompetanse
  • Evne til å sjå og la seg påverke
  • Evne til å lytte
  • Mot til samtale
  • Førehandssamtale om den siste fasen i livet
  • Grunnleggjande pedagogiske prinsipp og undervisning
  • Kunnskapsbasert praksis
  • Fagutvikling

5.5 Emne 5: Praksis i palliasjon

Praksis blir gjennomført som utplassering eller som utviklingsarbeid på eigen arbeidsplass innanfor fagfeltet. Utviklingsarbeid på eigen arbeidsplass består i å førebu, planleggje, gjennomføre og evaluere eit forbetringsarbeid knytt til sentrale tema i utdanninga. Alle studentar i praksis, både dei som er utplasserte, og dei som gjennomfører utviklingsarbeid på eigen arbeidsplass, skal ha rettleiing i praksisperioden.

EmneStudiepoeng
Praksis i palliasjon10
Læringsutbytte
Kunnskap

Studenten

  • veit kva som kjenneteiknar pasientar med alvorleg og ulækjeleg sjukdom, og at kompleksiteten får konsekvensar for omsorgsutøvinga
  • har kunnskap om standardiserte observasjonsskjema og kartleggingsverktøy i arbeidet med å kartleggje helsetilstand, ressursar, symptom og behov hos pasientar som er i den palliative fasen
  • har kunnskap om organiseringa av tenestetilbodet knytt til palliasjon og kjennskap til ansvar og oppgåver for aktørar og samarbeidspartar
  • har innsikt i kunnskapsbasert praksis og kunnskap om fagutvikling og kan oppdatere kunnskapen sin om utviklingsprosjekt i helsetenesta

Ferdigheiter

Studenten

  • kan nytte kunnskap om alvorlege og ulækjelege sjukdommar og behandling til å observere symptom og biverknader hos den enkelte pasienten
  • kan nytte kunnskap om den alvorleg og ulækjeleg sjuke til å planleggje og setje i verk tiltak som varetek pasientens behov for palliasjon
  • kan nytte kommunikasjonsformer og teknikkar profesjonelt i samarbeidet med pasientar, pårørande, frivillige, kollegaer og andre yrkesgrupper
  • kan nytte standardiserte observasjonsskjema og kartleggingsverktøy som er tilpassa pasientgruppene på praksisplassen, til å kartleggje helsetilstand, ressursar og symptom og identifisere behov for lindrande tiltak hos pasientar i den palliative fasen
  • kan finne informasjon og fagstoff som er relevant for problemstillingar i palliasjon i praksis
  • kan kartleggje situasjonar i praksis og identifisere faglege og etiske problemstillingar og behov for å setje i verk tiltak

Generell kompetanse

Studenten

  • har utvikla ei etisk grunnhaldning som kjem til uttrykk ved at hen bidreg til å vareta integriteten og brukarmedverknaden til alvorleg og ulækjeleg sjuke og døyande pasientar og ei fagleg forsvarleg yrkesutøving i praksis
  • kan utføre palliasjon etter alvorleg sjuke og døyande pasientar sine ønske og behov og i tråd med pasientsentrert tilnærming og verdigrunnlaget for palliasjon
  • kan byggje relasjonar med kollegaer og på tvers av avdelingar og tenestenivå for å vareta pasientane sine heilskaplege behov i samband med sjukdom, liding og død
  • kan gjennom kunnskapsdeling, bevisstgjering og etisk refleksjon på arbeidsplassen bidra til kvalitetsforbetring i palliasjon for alvorleg sjuke og døyande pasientar

I tillegg gjeld følgjande læringsutbyttebeskriving for utviklingsarbeid på eigen arbeidsplass:

Studenten

  • kan bidra til kvalitetsforbetring i palliasjon på arbeidsplassen ved å førebu, planleggje, gjennomføre og evaluere utviklingsarbeid innanfor eit avgrensa område

5.6 Emne 6: Fordjuping i palliasjon

Studenten skal skrive ei fordjupingsoppgåve om eit sjølvvalt tema og ei sjølvvald problemstilling og med utgangspunkt i det overordna læringsutbyttet for utdanninga. Studenten skal vise evne til å bruke relevant teori og erfaringar frå si eiga yrkesutøving til å drøfte den aktuelle problemstillinga. Studenten skal ha tilbod om rettleiing under arbeidet med fordjupingsoppgåva.

EmneStudiepoeng
Fordjupning i palliasjon10
Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten

  • har innsikt i kunnskapsbasert praksis
  • har kunnskap om fagutvikling og kan oppdatere kunnskapen sin om nasjonale planar, utviklingsprosjekt og innovasjon i helse- og omsorgssektoren
  • kan oppdatere kunnskapen sin om palliasjon til pasientar med alvorlege og ulækjelege sjukdommar og ved slutten av livet

Ferdigheiter

Studenten

  • kan nytte kunnskap til å forklare, vurdere og reflektere fagleg, etisk og juridisk over ei vald problemstilling knytt til palliasjon
  • kan finne informasjon og fagstoff som er relevant for ei vald problemstilling innanforpalliasjon
  • kan vurdere kritisk ulike kjelder til informasjon og fagstoff
  • kan innanfor eige ansvars- og arbeidsområde kartleggje situasjonar og identifisere behov for, planleggje, setje i verk og evaluere tiltak knytte til palliasjon for alvorleg og ulækjeleg sjuke og døyande pasientar

Generell kompetanse

Studenten

  • har forståing for yrkesetiske retningslinjer som regulerer yrkesutøvinga i helsetenesta
  • har forståing for pasientsentrert tilnærming og for verdigrunnlaget for palliasjon 
  • har utvikla ei etisk grunnhaldning som kjem til uttrykk ved refleksjon rundt korleis ein kan bidra til å vareta integriteten og brukarmedverknaden til alvorleg og ulækjeleg sjuke og døyande pasientar og til ei fagleg forsvarleg yrkesutøving
  • kan gjennom kunnskapsdeling, rettleiing og etisk refleksjon på arbeidsplassen bidra til å betre kvaliteten på det palliative tilbodet til alvorleg og ulækjeleg sjuke og døyande pasientar og deira pårørande