Palliasjon
Nasjonale planar3. Overordna læringsutbytte
Kunnskap
Kandidaten
- har kunnskap om palliasjon ved alvorlege og ulækjelege sjukdommar og kunnskap om konsekvensar for dagleglivet til pasienten og dei pårørande
- har kunnskap om verdigrunnlaget for palliasjon og om korleis pasientsentrert tilnærming og livshjelp kan bidra til å fremje helse og livskvalitet hos pasientar med alvorleg og ulækjeleg sjukdom
- har kunnskap om kommunikasjon i samhandlinga med pasientar som er alvorleg og ulækjeleg sjuke, og deira pårørande
- har kunnskap om faglege verktøy i arbeidet med å kartleggje helsetilstand, ressursar, symptom og behov hos pasientar som er i ein palliativ fase og ved slutten av livet
- har kunnskap om teikn på at pasienten er døyande, og om palliasjon ved slutten av livet for alvorleg og ulækjeleg sjuke pasientar og deira pårørande
- har innsikt i rettar, støtteordningar, lovverk og nasjonale tilrådingar og retningslinjer som er relevante i samband med alvorleg og ulækjeleg sjukdom og død
- har kunnskap om organiseringa av tenestetilbodet knytt til palliasjon og kjennskap til ansvar og oppgåver for aktørar og samarbeidspartar i ulike pasient- og omsorgsforløp
- kan oppdatere kunnskapen sin om palliasjon ved alvorlege og ulækjelege sjukdommar og ved slutten av livet
- forstår at palliasjon er ein ressurs i velferdsstaten, og bidreg til tryggleik og helsefremjing for alvorleg og ulækjeleg sjuke pasientar, dei pårørande og befolkninga og samfunnet elles
Ferdigheiter
Kandidaten
- kan nytte kunnskap om alvorlege og ulækjelege sjukdommar og behandling til å observere symptom og biverknader hos den enkelte pasienten
- kan nytte kunnskap om alvorlege og ulækjelege sjukdommar og behandling for å kunne setje i verk ikkje-medikamentelle tiltak for å lindre plagsame symptom og vurdere når det er nødvendig å trekkje inn kompetanse på eit høgare nivå frå det tverrfaglege teamet
- kan nytte kunnskap om pasientsentrert tilnærming, livshjelp og kor viktige dei pårørande er, til å rettleie om meistring når helsa og funksjonsevna endrar seg hos pasienten
- kan nytte ulike kommunikasjonsformer og teknikkar i møte med alvorleg og ulækjeleg sjuke og døyande pasientar og deira pårørande
- kan kartleggje helsetilstand, ressursar, symptom og behov hos alvorleg og ulækjeleg sjuke og døyande pasientar ved hjelp av standardiserte observasjonsskjema og kartleggingsverktøy
- kan finne informasjon og fagstoff som er relevant for problemstillingar i palliasjon, og kan vurdere kjeldene kritisk
- kan kartleggje situasjonar i møte med alvorleg og ulækjeleg sjuke og døyande pasientar og identifisere faglege og etiske problemstillingar og behov for å setje i verk tiltak
Generell kompetanse
Kandidaten
- har forståing for faglege og etiske prinsipp og retningslinjer for palliasjon
- har utvikla ei etisk grunnhaldning som kjem til uttrykk ved at hen bidreg til å vareta integriteten og brukarmedverknaden til alvorleg og ulækjeleg sjuke og døyande pasientar og ei fagleg forsvarleg yrkesutøving
- kan utføre palliasjon etter individuelle behov hos alvorleg og ulækjeleg sjuke og døyande pasientar
- kan byggje relasjonar med kollegaer på tvers av avdelingar og tenestenivå for å vareta pasientane sine heilskaplege behov i samband med alvorleg og ulækjeleg sjukdom, liding og død
- kan gjennom kunnskapsdeling, bevisstgjering og etisk refleksjon på arbeidsplassen bidra til å utvikle arbeidsmetodar og tenester i palliasjon for alvorleg og ulækjeleg sjuke og døyande pasientar